Revidert nasjonalbudsjett
Vil auke støtta til Verdsbankens utviklingsfond, IMFs katastrofefond og IMFs låneordningar for låginntektsland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.05.2020
- Vi må verne dei mest sårbare og hindre at det som i dag er ei helsekrise, vert ein svoltkatastrofe og ei samfunnskrise i morgon, seier utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF).
Regjeringa gjer framlegg om at Noreg gjev støtte både til IMFs (Det internasjonale pengefondet) katastrofefond og til IMFs og Verdsbankens låneordningar for låginntektsland, for å styrkje det internasjonale samarbeidet i kampen mot skadeverknadene av koronakrisa.
Det er naudsynt med internasjonal innsats for å bøte på den økonomiske krisa som rammar låginntektslanda særleg hardt. Målretta tiltak som medverkar til å styrkje covid-19-responsen i dei fattigaste landa, er viktig. IMFs katastrofefond (CCRT) gjev gjeldslette til dei fattigaste og mest sårbare medlemslanda i IMF dersom dei vert råka av omfattande naturkatastrofar eller epidemiar. Subsidiar frå fondet frigjer midlar som kan nyttast til å handtere den akutte krisa.
– Eit norsk bidrag på heile 180 millionar kroner til IMFs katastrofefond vil medverke til å redusere gjeldsutgiftene til dei fattigaste landa og gjere dei betre i stand til å handtere covid-19-pandemien, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.
Regjeringa gjer også framlegg om å auke kjernebidraget frå Noreg til IDA, som er Verdsbanken sitt utviklingsfond for dei 76 fattigaste landa i verda. Over halvparten av dei aller fattigaste landa er i Afrika. Denne auken kjem i tillegg til det norske bidraget til den 19. gjevarlandspåfyllinga for perioden 2020–2022, som utgjer 976 millionar kroner i 2020.
– Verdsbanken og IDA var tidleg ute med å frigjere store midlar etter covid-19-utbrotet. Eg er svært glad for at vi kan auke kjernebidraget til Verdsbankens utviklingsfond med ytterlegare 102 millionar kroner i 2020. Dette vil styrkje fondet sin innsats mot konsekvensane av koronapandemien ved at helsevesenet i desse landa får omgåande og langsiktig hjelp, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.
Regjeringa gjer òg framlegg om å auke dei norske lånemidlane til dei spesielle ordningane som IMF har for låginntektsland, med om lag 5,6 milliardar kroner.
– IMF sine subsidierte låneordningar for låginntektsland hjelper dei fattigaste og mest sårbare landa. Mange av dei er svært hardt råka av koronakrisa. Låneordningane til IMF kan medverke til å halde økonomien i desse landa flytande medan virusutbrotet er på det sterkaste, og skape ny vekst når den akutte krisen ebbar ut, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).
– Utviklingsarbeidet og arbeidet med koordinering som FN, IMF, Verdsbanken og andre sentrale organisasjonar gjer, er svært viktige i kampen mot pandemien og dei langsiktige følgjene av han, seier utviklingsministeren.