Noreg tek over ordførarskapet i Austersjørådet 1. juli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 01.07.2021
Frå og med i dag leier Noreg samarbeidet i Austersjørådet. I løpet av formannskapsåret vil Noreg prioritere samarbeid om grøn omstilling i industri og transport, auka involvering av sivilsamfunn og ungdom, samfunnstryggleik, arbeid mot handel med menneskje, organisert kriminalitet og for vern av sårbare born og unge.
Austersjørådet vart danna i 1992 som det fyrste av dei nye regionale samarbeidsplattformane etter Sovjetunionen si oppløysing. Rådet er eit forum både for politisk dialog og praktisk samarbeid dei elleve medlemsslanda imellom og EU.
- Noreg tek over ordførarskapet i ei krevjande tid, med utfordringar som lenge har vore synlege knytta til den tryggingspolitiske situasjonen, med brot på folkeretten også i våre nærområde. På den andre sida syner både pandemien og det etablerte samarbeidet innanfor rådet sine rammer at dette er eit viktig forum for vidare utvikling av naudsynt samarbeid og kontakt, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
Det norske ordførarskapet tek utgangspunkt i Austersjørådet sine tre langsiktige prioriteringar: fremje av regional identitet, sikkerheit og tryggleik for innbyggarane, og berekraftig utvikling og velstand. Austersjø-ministermøtet 1. juni vedtok ein politisk visjon om utviklinga av regionen fram mot 2030. Visjonen er ei langsiktig rettesnor for samarbeidet.
Noreg vil i formannskapsperioden særleg legge vekt på grøn omstilling, innovasjon og beste praksis i industri og transport, fremje av rein energi og sirkulær økonomi. Noreg vil og søke å styrkje ungdomen sitt engasjement, og samarbeid med sivilt samfunn og styresmakter i byar og fylke i regionen. Austersjørådet sin kanskje største suksess til no ligg i samarbeid på felta samfunnstryggleik, sårbare born, kamp mot handel med menneskje. Dette vil fortsette under norsk leiing av aktuelle ekspertgrupper, med auka fokus på organisert kriminalitet og cyberkriminalitet.
- Vi ser fram til å leie dette samarbeidet det neste året. Med landa sine eigne store planar for gjeninnhenting og kraftig satsing på grøn og digital omstilling i ryggen, er Austersjøregionen godt skodd for å klare utfordringane, seier utanriksminister Eriksen Søreide.
Fakta om Austersjørådet
Austersjørådet (Council of the Baltic Sea States) vart danna i 1992 på dansk og tysk initiativ. Leiinga går på rundgong. Organisasjonen fyller 30 år i mars neste år. Noreg og Island grenser ikkje til Austersjøen, men har vore likeverdige medlem frå starten, saman med øvrige nordiske og baltiske land, Tyskland, Polen og Russland. EU ved Europakommisjonen er òg med.
Austersjørådet er ein del av eit omfattande nettverk for samarbeid i Nord-Europa som Noreg er med i, som mellom anna inkluderer Nordisk ministerråd, Barentsrådet, Arktisk råd, Den nordlege dimensjonen (ND) mellom EU, Russland, Noreg og Island og dei fire ND-partnerskapa (for miljø, for helse og livskvalitet, for kultur og for transport og logistikk), EU sin austersjøstrategi og Interreg.