Mellombelse unntak i foreldrepengeordninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 03.04.2020
Regjeringa gjer mellom anna endringar i foreldrepengeordninga for at foreldre som har samfunnskritiske oppgåver kan kome tilbake til jobb før dei har planlagt utan å miste retten til foreldrepengar.
I dag er det derfor vedtatt at det ikkje skal vere krav til søknad i forkant for foreldre som skal ut i samfunnskritiske oppgåver og dermed må utsette eller gradere foreldrepengane.
I tillegg opnar regjeringa for at eigenmelding frå foreldra for ei avgrensa periode kan erstatte legeerklæring. Dette for å frigjere ressursar på legekontora. I nokre tilfelle krev det normalt legeerklæring for å dokumentere at forelderen er så sjuk at han ikkje kan ta seg av barnet. Det gjeld til dømes dersom den eine forelderen skal overføre sin kvote til den andre.
- Vi må heile tida vurdere behovet for endringar for å trygge samfunnsviktige oppgåver no under koronautbrotet. Då må vi lempe på søknadskrava. Dette er foreldre som på kort varsel stiller på jobb og dermed må endre sine permisjonsplanar. Då rekk dei kanskje ikkje å søke NAV i forkant, og dette har vi no forsøkt å gjere enklare for dei, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Unntaka er mellombelse og gjeld ut 2020.
Unntaka er fastsett i midlertidig forskrift om unntak fra folketrygdloven kapittel 14 for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av Covid-19 (lovdata.no).