Historisk arkiv

Kunnskap, kvalitet og omstilling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Satsing på kunnskap er ein føresetnad for ei vellukka omstilling av norsk økonomi. I statsbudsjettet for 2016 føreslår regjeringa blant anna ei realfagssatsing i grunnskolen, fortset yrkesfagløftet i vidaregåande skole og styrker løyvingane til høgre utdanning og forsking.

– Regjeringa leverer eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling. Å investere i kunnskap er noko av det viktigaste vi kan gjere, også i usikre økonomiske tider.

Vi vil derfor styrke heile læringskjeda, frå barnehage og skole til høgare utdanning og forsking, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Prioriterer realfag og yrkesfag 

Regjeringa føreslår å bruke over 100 millionar kroner neste år på nye tiltak mot realfagsproblemet i skolen.

– For mange elevar lærer ikkje det mest grunnleggande i matematikk og naturfag. Derfor føreslår regjeringa ein ekstra time i naturfag på barnetrinnet og målretta tiltak for å styrke opplæringa i realfag, seier Røe Isaksen.

Det blir opp til kommunane å avgjere om den ekstra naturfagtimen i veka skal leggjast til 5., 6., eller 7., trinn.

Yrkesfagløftet blir følgt opp med 93 millionar kroner, blant anna til auka lærlingtilskot, auka tilskot til lærlingar med særskilde behov og eit eige løft for yrkesfaglærarane.

– Yrkesfagløftet har vore ei av dei viktigaste prioriteringane for denne regjeringa, og denne satsinga held fram og blir styrkt i 2016, seier kunnskapsministeren.

Rekordsatsing på kvalitet i barnehagane

Regjeringa satsar meir på kvalitet i barnehagen enn noka anna tidlegare regjering har gjort. I 2016 føreslår regjeringa å bruke 440 millionar kroner for å styrke kvaliteten. Det er 160 millionar kroner meir enn i 2015.

– Regjeringa bygger kunnskapssamfunnet, og det arbeidet startar allereie i barnehagen. Vi vil legge til rette for at alle barn skal få ein god start i livet, og derfor styrker vi satsinga på kvalitet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa føreslår også ei ny finansieringsordning for private barnehagar. Dette inneber blant anna at private barnehagar skal få like mykje offentleg støtte som dei kommunale. Med dette er ein milepæl nådd i sektoren.

Styrker høgare utdanning og forsking

Arbeidet med å få på plass ein ny og betre struktur i universitets- og høgskolesektoren held fram i 2016. Regjeringa føreslår å løyve 175 millionar kroner til strukturarbeidet og samanslåingsprosessane i 2016, 100 millionar kroner meir enn i 2015.

– Gode universitet og høgskolar spelar ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle den kunnskapen vi treng for å lykkast i framtida. Vi veit at samanslåingar kostar – derfor prioriterer vi universiteta og høgskolane i budsjettet, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa føreslår også 288 nye rekrutteringsstillingar i universitets- og høgskolesektoren og 350 nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studieplassane i PPU skal gi ingeniørar og andre med realfagskompetanse ein veg inn i læraryrket.

Kunnskap blir stadig viktigare for konkurranseevne og verdiskaping i næringslivet, og forsking og utvikling (FoU) er ein føresetnad for ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Difor aukar regjeringa løyvingane til FoU med 2,1 milliardar kroner i 2016.

– I usikre økonomiske tider er det å investere i forsking og utvikling noko av det smartaste vi kan gjere, seier Røe Isaksen.

Dei auka FoU-løyvingane inneber ein realvekst på 4,1 prosent samanlikna med i fjor. I budsjettforslaget for 2016 er den offentlege finansieringa av forsking og utvikling førebels anslått til å vere om lag 32,5 milliardar kroner.

Betre studentøkonomi

Regjeringa held fram satsinga på studentbustader og styrker samstundes kjøpekrafta til studentane.

– Ei styrkt studiestøtte og fleire rimelege studentbustader er viktige tiltak for ein betre studentøkonomi, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa vil gi tilsegn om tilskot til heile 2 200 studentbustader neste år. Det blir no bygt fleire studentbustader enn på noko anna tidspunkt dei siste 25 åra. Samstundes får studentane meir å rutte med. Studiestøtta aukar med 3,1 prosent neste år, og aukar med det raskare enn både løns- og prisveksten.

Statsbudsjettet