Rekordsatsinga på studentbustader held fram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 50-15 | Dato: 07.10.2015
Regjeringa held fram satsinga på studentbustader og styrker samstundes kjøpekrafta til studentane. – Ei styrkt studiestøtte og fleire rimelege studentbustader er viktige tiltak for ein betre studentøkonomi, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Regjeringa vil gi tilsegn om tilskot til heile 2 200 studentbustader neste år. Det blir no bygt fleire studentbustader enn på noko anna tidspunkt dei siste 25 åra.
– Neste år vidarefører vi den store satsinga på studentbustader som vi blei einige med KrF og Venstre om i 2015. Det er svært viktig for studentane å få tilgang til ein rimeleg stad å bu. Derfor vil regjeringa sørgje for at det blir bygt fleire nye studentbustader i 2016, seier kunnskapsministeren. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til studentbustader med om lag 300 millionar kroner i 2016.
Aukar studiestøtta
Samstundes vil regjeringa auke studiestøtta med 3,1 prosent, til 10 408 kroner per månad, medan forventa prisvekst er på 2,5 prosent. Det gjer at studentane får meir å rutte med.
– Som vi lovde i Sundvolden-plattforma, fortset vi å auke studiestøtta ut over prisveksten, på same måte som vi har gjort kvart år vi har sete i regjering. Til samanlikning stod kjøpekrafta til studentane praktisk talt stille under heile perioden til den førre regjeringa, seier Røe Isaksen.
Regjeringa føreslår også å auke eigebetalinga til studentar ved heimreiser med 500 kroner.
– Vi meiner det er viktigare å prioritere fleire studentbustader og høgre studiestøtte framfor tilskot til heimreise for vaksne studentar, seier Røe Isaksen.
Opphavsretten til grafikkene tilhører Nyhetsgrafikk. Ønsker du å bruke noen av grafikkene ta kontakt med Kommunikasjonsenheten ved Ajfer Husejin