Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024-2027

Til innhaldsliste

2 Prioriterte område

I arbeidet med handlingsplanen har regjeringa lagt til rette for ein open prosess der alle relevante aktørar har fått høve til å kome med innspel til prioriterte område. Handlingsplanen er eit resultat av samskaping mellom sivilsamfunnsorganisasjonar og departementa.

2.1 Regjeringa sine prioriterte område

Våren 2022 behandla regjeringa forslag til prioriterte område i ny handlingsplan. Regjeringa foreslo sju område:

  • Meir openheit om offentlege innkjøp
  • Antikorrupsjon
  • Aktiv offentlegheit
  • Tillit til forvaltninga
  • Integritet og openheit i forvaltninga
  • Klima og miljø
  • Viderebruk av offentlege data

I val av tema la regjeringa vekt på område der det er rom for å skape reelle endringar for innbyggjarane. Regjeringa løfta fram tema der Noreg har eit forbetringspotensial, og som også er politisk prioriterte.

Til grunn for val av prioriterte område tok regjeringa utgangspunkt i rapportar frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), Transparency International (TI), OGPs eige revisjonsorgan (IRM1) og OGP-rådet i Noreg. Dei har alle peika på ulike område der Noreg kan verte betre.

Tidlegare har regjeringa utarbeida toårige handlingsplanar for Open Government Partnership. Regjeringa meiner det er formålstenleg å utarbeide ein plan for fireårsperioden 2023 – 2027 sidan fleire av dei føreslåtte tiltaka vil kunne krevje tid å utvikle og gjennomføre.

2.2 Innspel frå forvaltninga og det sivile samfunnet – samskaping

Regjeringa sine forslag til prioriterte område vart delte med i interessentforumet

for OGP-arbeidet i Noreg i juni 2022. Interessentforumet består av deltakarar frå sivilsamfunnet, OGP-rådet2 og relevante departement. Allereie før møtet kom det inn forslag til forpliktingar i handlingsplanen. Det kom innspel både frå forvaltninga og sivilsamfunnet.

Forslaga det var semje om vart deretter sendt ut på høyring, for å gi alle innbyggarar høve til å kommentere forslaga. Det kom framlegg både under høyringsrunden og gjennom det neste møtet i interessentforumet, i september 2022.

Forslag til forpliktingar vart dermed utarbeidde av både forvaltninga og sivilsamfunnsorganisasjonane gjennom samskapingsprosessar. I enkelte tilfelle vart forslag ikkje følgde opp, slik som når det gjeld reelt eigarskap. Nokre framlegg vart fremma av forvaltninga utan innspel frå sivilsamfunnet, slik som handheving av personvernerklæringar på offentlege nettstader og handheving av regelverket for universell utforming av ikt-løysningar.

2.3 Prioriteringar for perioden 2023 – 2027

Ut frå dei rundt 25 forslaga til forpliktingar sette Kommunal- og distriktsdepartementet opp ei liste over tema som syntest særleg relevante å arbeide vidare med. Det vart lagt særleg vekt på område der det er identifisert forbetringspunkt, eksempelvis der Noreg ikkje er kome godt ut i samanlikningar, eller der regjeringa ikkje er nøgde med status. Det vart også lagt vekt på å sikre oppfølging av merknadane i rapporten frå OGPs revisjonsorgan, IRM (Independent Reporting Mechanism).

Handlingsplanen inneheld difor følgande område, som kjem både regjeringa og sivilsamfunnet sine prioriteringar i møte:

  • Offentlege innkjøp
  • Universell utforming og digital inkludering
  • Openheit i forvaltninga–arkiv/journalføring, e-innsyn
  • Antikorrupsjon
  • Betre innsyn i straffesaksdokument

Utkast til handlingsplan vart i juni 2023 sendt til interessentforumet og OGP-rådet. Planen vart samstundes lagd ut på regjeringa si nettside om openheit i forvaltninga3 for kommentar.

Fotnotar

1.

IRM: Independent Reporting Mechanism.

2.

Eit råd oppnevnt av regjeringa for å bistå i arbeidet med openheit i forvaltninga.

3.

https://open.regjeringa.no/
Til forsida