Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024-2027

Til innhaldsliste

3 Noreg og Open Government Partnership (OGP)

3.1 Organisering og finansiering

Noreg vart ein del av Open Government Partnership allereie i 2010, som eitt av dei aller fyrste landa. Noreg har også delteke i OGP si styringsgruppe. Det er i dag Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) som samordnar OGP-arbeidet i Noreg.4 Noreg støttar OGP finansielt gjennom ei årleg løyving tilsvarande 200 000 amerikanske dollar.

Noreg har oppretta eit interessentforum for regjeringa sitt arbeid med OGP. Medlemmene i interessentforumet består av ei rekke sivilsamfunnsorganisasjonar saman med departementa. Alle organisasjonar står fritt til å kunne ta del i arbeidet (sjå pkt. 4.2). I tillegg har Noreg på eige initiativ oppnemnt eit OGP-råd. OGP-rådet er oppnemnt av regjeringa (sjå pkt. 4.1).

3.2 Handlingsplanane

Noreg har tidlegare utarbeida fire handlingsplanar for Open Government Partnership, samt ei forlenging av den fjerde planen.5 På grunn av koronapandemien var det ikkje mogleg å starte arbeidet med ein ny handlingsplan, og den fjerde vart difor utvida med fleire tiltak. Dette vart gjort i samforståing med OGP.

Det er dei einskilde departementa og verksemdene som er ansvarlege for sine respektive forpliktingar i handlingsplanane.

Noreg sine handlingsplanar vert vurderte av OGPs eige revisjonsorgan, Independent Reporting Mechanism. Planane har fleire gonger blitt kritiserte av revisjonsorganet for ikkje å vere ambisiøse nok, at dei har inneheldt forpliktingar som uansett ville verte gjennomførte, og at arbeidet i for liten grad har involvert sivilsamfunnet.

Noreg har samstundes hausta lovord, mellom anna om forpliktingar om likestilling, reelt eigarskap og tilgjengeleggjering av finansielle data.

Fotnotar

4.

Kommunal- og distriktsdepartementet har vore ansvarleg for koordineringa av arbeidet fram til utgangen av 2023.

5.

Handlingsplan 4 B.
Til forsida