Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024-2027

Til innhaldsliste

7 Vedlegg: Nærare om prosessen fram mot handlingsplanen

7.1 Møte i Interessentforum 23. juni 2022

Arbeidet med HP 5 heldt fram med brev til Interessentforum 3. juni 2022. I brevet låg en innbyding til møte 23. juni. På møtet var det deltakarar både frå forvaltninga og sivilsamfunnet.

I forkant av møtet var deltakarane (både frå forvaltninga og sivilsamfunnet) bedne om å kome med innspel til moglege forpliktingar til handlingsplanen. Brevet omtalte dei sju områda regjeringa hadde prioritert, og innbaud sivilsamfunnet til å kome med ytterlegare forslag til område.

Møtet vart leia av Kommunal- og distriktsdepartementet.

7.2 Høyringsrunden

På møtet 23. juni var det semje om å utbreie kjennskapen til Open Government Partnership ved å innby til eit større seminar for mellom anna å få fleire innspel til handlingsplanen. Eitt av tiltaka ville vere ei allmenn høyring kor alle kan spele inn eller kommentere forslag. Saka vart lagd ut under «Høyringar» på regjeringa.no. 1.7.2022 med frist for innspel 25.8.2022. Då hadde det allereie kome innspel frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Mediebedriftene, Publish What You Pay og Tax Justice.12

Høyringar gir høve for alle å kunne kome med innspel og ytre seg. Dermed avgrensar ein ikkje høvet berre til organiserte interesser. Det gir også høve for innsyn i kva for forslag som vert fremma sidan alle innspel er opne. Alle kan delta med innspel til høyringar, og alle høyringsdokument og innspela i høyringa vert registrerte og journalførte og er offentleg tilgjengelege.

I alt kom det inn fleire innspel i løpet av høyringa, både frå einskildpersonar og frå organisasjonar. I tillegg kom det innspel kom frå forvaltninga sjølv. Innspela vart suksessivt lagde ut på regjeringa.no.

7.3 Møte i Interessentforum 20. september 2022

Kommunal- og distriktsdepartementet innbaud saman med OGP-rådet i brev av 31.8.2022 det andre møtet i Interessentforumet 20.9.2022. Møtet hadde form av eit seminar om openheitsarbeidet i Noreg: Spørsmåla arrangørane ynskte å kaste lys over, var:

  • Korleis kan vi skape ei meir effektiv og brukarvenleg forvaltning gjennom meir openheit i Noreg?
  • Kva skal vårt felles openheitsarbeid handle om?
  • Kva er viktig å ta tak i dei neste åra?

Ynsket var å samle folk på tvers av sektorane for å inspirere og stake ut vegen vidare dei neste åra. Dette ville kunne gje høve for alle sektorar til å påverke utviklinga nasjonalt og skape nye partnarskap for arbeidet i åra som kjem. Målet med seminaret var å skape merksemd om OGP/partnarskap om open forvaltning i Noreg – og gjensidig inspirere til innsats ved å:

  • samle folk på tvers av sektorane
  • utvikle ein felles ståstad/felles forståing for utfordringane i Noreg
  • gi aktørane eit rom for å diskutere, verte betre kjende, utvikle relasjonar og mogeleg samarbeid og utvikle eit grunnlag for vidare arbeid med handlingsplanen

Møtet vart arrangert med innleiingar frå mellom anna tidlegare norsk Independent Reporting Mechanism-representant Pål W. Skedsmo. Etter innleiingane vart deltakarane delte inn i mindre grupper med deltaking både frå forvaltninga og det sivile samfunn som drøfte dei innkomne innspela samtidig som dei vart bedne om å utvikle desse til konkrete forpliktingar og gjerne kome med nye framlegg. Dette møtet vart leia av statssekretær Gunn Karin Gjul i Kommunal- og distriktsdepartementet, og ho deltok også i ei av gruppene.

7.4 Møte med medlemmer av Interessentforum 13. og 16. januar 2023

På bakgrunn av høyringsrunden og resultatet av møtet i september sende Kommunal- og distriktsdepartementet ut ei oversikt over dei innspela som var komne inn til handlingsplanen, både frå forvaltninga og frå det sivile samfunn. Totalt dreidde det seg om ei liste på rundt 25 ulike framlegg til forpliktingar. Departementet foreslo i samråd med OGP-rådet å vidareføre eit mindre tal av forpliktingar. Departementet bad dei aktuelle departementa og sivilsamfunnsorganisasjonane saman utarbeide forpliktingar. Som mal låg OGPs standardskjema for forpliktingar.

Det vart halde to møte høvesvis 13. og 16. januar med deltaking både frå forvaltninga og sivilsamfunnet.

7.5 Oppfølginga av møta i januar 2023 – prosessen mot ferdiggjering

Etter møta i januar som vart leia av Kommunal- og distriktsdepartementet, var det oppfølgande møte mellom forvaltninga og det sivile samfunnet for å konkretisere dei einskilde forpliktingane. Det samla handlingsplanforslaget vart sendt ut for kommentar i medio mai 2023.

Departementet sende ut brev til Interessentforumet 16.11, seinare oppdatert 1.12, med ei samla oversikt over innkomne forpliktingar, totalt ca. 25 forpliktingar. Fleire av forslaga til forpliktingar dekte dei same områda, slik at det faktiske talet tema som kunne spelast inn i handlingsplanen, reelt sett var lågare. OGP-rådet vart konsultert om innhaldet i brevet.

På bakgrunn av tilbakemeldingane på dei framlagde innspela sette departementet opp ei liste på tema som syntest særleg relevante å arbeide vidare med. Der var det lagt vekt på område der kor det er høve for betring (der kor Noreg ikkje kom godt ut i samanlikningar, kor vi ikkje er nøgde med status og kor det er høve for «strekk») og som oppfølging av kommentarane frå Independent Reporting Mechanism. Dette var: antikorrupsjon, arkiv/journalføring, offentlege innkjøp, klarspråk, digital inkludering og motarbeiding av digitalt utanforskap. På enkelte av dei områda regjeringa hadde prioritert, kom det ikkje inn innspel, korkje frå forvaltninga eller frå sivilsamfunnet. Dette galdt til dømes klima og miljø.

7.6 Kommentarar etter høyringsprosessen juni 2023

Frå sivilsamfunnet er handlingsplanen kommentert av Kommunikasjonsforeningen, Norsk arkivråd og Transparency International, Noreg.

Kommunikasjonsforeningen ynskjer å stille spørsmål om korleis handhevinga av regelverket for universell utforming av IKT-løysingar skal oppfølgast. Foreininga trekker også fram arbeidet med antikorrupsjon og arbeidet med å etablere eit ope lobbyregister i Noreg.

Norsk arkivråd har enkelte forslag til tilføying under tiltak 5.5.(« Evaluering av publiseringstjenesten eInnsyn»).

Fotnotar

12.

Se sak 22/4554
Til forsida