3 Sterkare globale pliktar mot marin plastforsøpling og plastforureining

Noreg meiner ein rettsleg bindande global avtale mot plastforureining bør ha ei brei tilnærming og omfatte forpliktingar for alle land til å setje i verk tiltak for både landbaserte og sjøbaserte kjelder og dekkje heile livsløpet til plastprodukt. Foto Adobe Stock

Ingen enkeltland kan løyse utfordringane knytt til marin plastforsøpling og plastforureining åleine. Noreg har sett behovet for sterkare globale pliktar på dagsorden internasjonalt sidan 2014.

Noreg har som ambisjon å vere ein leiande havnasjon. Dette omfattar arbeidet mot marin plastforsøpling og plastforureining. FNs berekraftmål 14 om livet i havet omfattar mål mot marin forureining og plastforsøpling. FNs havkonferanse i 2017, Our Ocean-konferansane, som bl.a. fann stad i Oslo i 2019, og andre internasjonale havkonferansar har retta merksemd mot dette problemet. Som oppfølging av desse internasjonale føringane har Noreg bl.a. bidrege til at redusert marin plastforsøpling er eit av måla for Høgnivåpanelet for en berekraftig havøkonomi. Vidare har Noreg teke initiativ til eit bistandsprogram mot marin forsøpling og plastforureining, og til oppretting av Verdsbankens havprogram PROBLUE som dels rettar seg mot marin forsøpling.

3.1 Ein ny global avtale mot marin plastforsøpling og plastforureining

Noreg har sidan 2014 vore leiande i det internasjonale arbeidet under FNs miljøprogram for å få fram ein ny global avtale for å motverke marin plastforsøpling og mikroplast. Eit viktig gjennombrot kom i 2017, då miljøministrane i verda vart samde om at det langsiktige målet er å stanse alle tilførslar av plastavfall til havet, den såkalla «nullvisjonen». Dei nordiske miljøministrane stod på miljøministermøtet i Reykjavik i 2019 saman om eit opprop for ein ny global avtale mot plastforsøpling og plastforureining.

Nordisk rapport om element i ein ny global avtale

Nordisk ministerråd for miljø og klima bad om ei utgreiing av moglege element i og tilnærmingar til ein ny avtale i 2019.13

Rapporten vart lansert i 2020 av alle dei nordiske miljøministrane på eit virtuelt arrangement, og han er eit bidrag til den globale diskusjonen om korleis plastforureining kan reduserast.

Rapporten vurderer omfanget av og moglege målsetjingar for ein avtale, nye verktøy i utforminga av krav til produsentar, forslag til reguleringar og marknadsbaserte tiltak gjennom heile livsløpet til plast.

Han beskriv ein mogleg struktur for ein avtale med ulike tilnærmingar til tradisjonelle element i internasjonale miljøavtalar, slik som nasjonale handlingsplanar, system for rapportering og miljøovervaking, i tillegg til finansiering og kapasitetsbygging.

Sjølv om enkelte multilaterale avtalar har relevante føresegner og fleire frivillige initiativ og ikkje-bindande avtalar er sette i verk den siste tida, veks plastforureininga i omfang. Det er behov for å høgne ambisjonsnivået med meir forpliktande tiltak og samarbeid, betre koordinering og moglegheiter for å måle om den globale innsatsen gir resultat. Eit viktig formål er òg å leggje bak seg den fragmenterte tilnærminga av i dag og å få eit avklart forhold til ulike andre internasjonale initiativ og internasjonale avtalar.

Den siste tida har ei rekkje land og regionar teke til orde for å gå vidare med forslaget om ein ny global avtale. WWF er ein viktig aktør for å mobilisere støtte frå andre land og regionar for ein avtale. Dei samla hausten 2020 ei rekkje sentrale næringslivsaktørar frå heile verda bak eit opprop for ein ny global avtale. 45 selskap har signert på oppropet, som er tydeleg på at det er behov for harmoniserte rammeverk for næringslivet.

På norsk initiativ etablerte FNs tredje miljøforsamling ei ekspertgruppe som skulle undersøkje kva for nokre globale tiltak som vil vere mest effektive for å redusere plastforureining i havet.14 Ekspertgruppa ferdigstilte vurderingane sine av tiltak i 2020. Rapporten vart overlevert til FNs femte miljøforsamling og oppmodar land til å vurdere fleire identifiserte tiltak, inkludert ein global avtale, og understrekar alvoret av problemet og at det hastar å få sett i gang effektive tiltak. Koronapandemien medførte at delegatar ikkje kunne møtast fysisk, og opninga av møtet vart derfor avhalden virtuelt i februar 2021. Mange land arbeider no for at FNs femte miljøforsamling skal ta stilling til forslag om å starte forhandlingar om ein global avtale. Noreg har presidentvervet for FNs femte miljøforsamling og arbeider aktivt for dette.

Sidan 2014 har den internasjonale diskusjonen om tiltak for å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast til havet utvikla seg raskt. Internasjonalt er det no semje om at for at ein skal lykkast med å stanse all tilførsel av plastavfall til havet, må ein ha ei heilskapleg tilnærming på tvers av heile livsløpet til eit plastprodukt. Førebygging og reduksjon av forureining frå både sjø- og landbaserte kjelder må styrkjast. I dag har diskusjonen flytta seg ytterlegare i retning av å leggje vekt på preventive tiltak høgare opp i verdikjeda for plast og å endre insentivstrukturane i meir berekraftig retning.

Meir sekundært råmateriale må erstatte nyprodusert, og produkta må forbetrast og forbruksmønsteret endrast. EU er ein tydeleg pådrivar for ei slik tilnærming i det internasjonale plastarbeidet. Nordisk ministerråd for miljø og klima bestilte ei utgreiing om kva aspekt ein ny global avtale kan innehalde for å redusere global plastforureining. Rapporten legg betydeleg vekt på at avtalen må innehalde eit rammeverk som støttar opp om nasjonale krav til betre produkt og ein meir berekraftig materialstraum for plast.

Noreg meiner ein rettsleg bindande global avtale mot plastforureining bør ha ei brei tilnærming og omfatte forpliktingar for alle land til å setje i verk tiltak for både landbaserte og sjøbaserte kjelder og dekkje heile livsløpet til plastprodukt. Ein slik avtale bør innehalde verktøy for å støtte land som ønskjer å føre ein ambisiøs politikk mot plastforsøpling og plastforureining.

Eit felles globalt mål som gir retning for felles innsats globalt og rapporteringsregime basert på nasjonal rapportering, etter modell av eksisterande miljøavtalar.

  1. Føresegner om at land må ha ei heilskapleg tilnærming for å redusere plastforureining, med tiltak som går over fleire ledd og som dekkjer alle kjelder. Døme på slike føresegner kan vere krav om å utarbeide nasjonale plastplanar, utvikling av overordna kriterium for berekraftige plastprodukt og krav til miljømessig forsvarleg avfallshandtering, inkludert meir materialattvinning av plastavfall og tiltak mot mikroplast.
  2. Eit styrkt kunnskapssamarbeid om kjelder, spreiingsvegar og konsekvensar av marin forsøpling og plastforureining, og vidareutvikling av data og metodologi for å kunne måle graden av forbetring/forverring som grunnlag for tiltak.
  3. Eit program for deling av beste tilgjengelege kunnskap om og støtte til tiltak, verkemiddel og tekniske løysingar, og samarbeid med privat sektor.
  4. Betre samordning mellom eksisterande globale avtalar, regionale avtalar, frivillige initiativ, plattformer og liknande, inkludert bidraget frå næringslivet og sivilsamfunnet.

Avtalen bør fremme førebyggjande tiltak og støtte opp om redusert avfallsgenerering, høgare attvinningsgrad og tiltak for meir berekraftige plastprodukt. Eit viktig mål for ein ny avtale vil vere å setje nasjonale styresmakter betre i posisjon til å stille krav til produkta i marknadene sine, og å gjere produsentar og andre marknadsaktørar ansvarlege for ein større del av kostnadene med å redusere klimagassutslepp og andre miljøkonsekvensar frå plast. Ein ny avtale bør òg innehalde fellesfunksjonar som gjer det mogleg for land i fellesskap å halde oversikt over utviklinga – om tiltak verkar, om ein fangar opp ny kunnskap, og om meir må gjerast. Noreg meiner ein rettsleg bindande global avtale er den løysinga som best kan vareta desse formåla.

Ein ny global avtale vil sikre ei ramme for forpliktande samarbeid der ambisjonsnivået blir høgna over tid, og vil etablere ein permanent møteplass og system for å måle resultat. Ein slik avtale kan vidareutviklast over tid, og land bør få stor fleksibilitet i å gjennomføre forpliktingane i avtalen.

Nordisk ministerråd for miljø og klima bidreg aktivt inn i den globale diskusjonen om omfang og innretning av ein ny avtale med ulike kunnskapsprodukt. Med utgangspunkt i rapporten om element i ein ny global avtale er det utarbeidd utgreiingar høvesvis om korleis ein kan styrkje kunnskapsgrunnlaget for ei kunnskapsbasert politikkutvikling globalt, og om finansiering. Ytterlegare bidrag er under vurdering, og i perioden 2021–2024 vil arbeidet med ein ny global avtale framleis vere ei sentral prioritering for det nordiske samarbeidet, under initiativet «Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling».

Ein meir sirkulær økonomi globalt – GACERE-alliansen

På FNs femte miljøforsamling i februar 2021 lanserte EU-kommisjonen, saman med FNs miljøprogram og FNs industriorganisasjon UNIDO, den globale alliansen for sirkulær økonomi og ressurseffektivitet, GACERE. Alliansen har som formål å fremme ei global omlegging til sirkulær økonomi, betre fordeling av ressursar og berekraftige produksjons- og forbruksmønster. Noreg har slutta seg til alliansen og teke til orde for at alliansen òg bør arbeide for å fremme ein sirkulær økonomi for plast, gjennom å førebyggje avfallsgenerering og fremme meir ressurseffektivitet og meir sirkulære plastprodukt. Alliansen skal i tillegg synleggjere meirverdien av ein sirkulær økonomi for å redusere klimagassutslepp, tap av biologisk mangfald og forureining. Omstilling til ein meir sirkulær økonomi blir sett på som eit viktig bidrag til styrkt berekraft og verdiskaping og til å nå FNs berekraftsmål.

Foto av strandrydding i Mumbai under klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns besøk i februar 2019. Foto: Snorre Tønset

Strandrydding i Mumbai under klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns besøk i februar 2019.

Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling og plastforureining

Som ein del av Nordens visjon for 2030 har Nordisk ministerråd oppretta initiativet «Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling». Initiativet løper frå 2021–2024 og har tre hovudmål. Det første er å styrkje kunnskap og samarbeid om tiltak i Norden, inkludert opprydding og samarbeid med privat sektor. Det andre målet er å bidra aktivt med kunnskap og innspel til regionale samarbeid som EU, OSPAR15, og HELCOM16, og til globale prosessar under FNs miljøforsamling. Det tredje og viktigaste hovudmålet er å vidareføre den globale leiarrolla for å få til ein ny avtale. Initiativet blir leidd av Noreg, og blir forvalta av svenske styresmakter.

Bistandsprogrammet om marin forsøpling

I 2018 lanserte regjeringa eit nytt bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast. Programmet skal bidra til at ein når FNs berekraftsmål 14.1 om å forhindre og betydeleg redusere alle former for forureining til havet, og til å følgje opp FNs miljøprograms nullvisjon om å stanse all tilførsel av plastavfall til havet på lang sikt, gjennom konkrete tiltak. Regjeringa vil bruke 1,6 mrd. kroner i perioden 2019–2024, og støttar òg opp om prioriteringa om å få på plass sterkare globale forpliktingar mot marin forsøpling og mikroplast.

I 2020 vart 238 millionar kroner utbetalte frå bistandsprogrammet til 32 prosjekt som blir gjennomførte i samarbeid med multilaterale organisasjonar som FN og Verdsbanken, sivilsamfunnsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og lokale partnarar. Ei rekkje ulike tiltak får støtte, som tiltak for å styrkje avfallshandtering og forsking og å skape større forståing for marin forsøpling. Hovudinnsatsen er retta mot folkerike og raskt veksande økonomiar i Asia, der problemet er aller størst. I tillegg blir det gitt støtte til førebyggjande tiltak i kystnære land i Afrika og små øystatar som blir hardt ramma av desse utfordringane.

Noreg var initiativtakar til Verdsbankens havfond PROBLUE, som vart oppretta i 2018. PROBLUE har som overordna mål å arbeide for ei berekraftig utvikling av havøkonomien og reine og produktive hav. Fondet er bygd opp med fire pilarar for å understreke betydninga av samarbeid mellom dei ulike områda og av ei heilskapleg tilnærming for å bidra til det overordna målet. Marin forureining er ein av pilarane der PROBLUE har som målsetjing å bruke eigne midlar til å løyse ut tilleggsmidlar i andre delar av Verdsbanken. Fondet har på denne måten blitt ei viktig finansieringskjelde for prosjekt mot marin forsøpling og plastforureining.

Regjeringa vil

  • arbeide for at FNs miljøforsamling vedtek å setje ned ein forhandlingskomité for ein rettsleg bindande avtale mot marin plastforsøpling og plastforureining
  • arbeide for ein ambisiøs rettsleg bindande avtale, og dessutan sikre norsk påverknad av innretninga av han
  • samarbeide med andre ambisiøse land og EU i arbeidet for ein ny global avtale.
  • bidra inn i den globale alliansen for sirkulær økonomi og ressurseffektivitet, GACERE, og fremme ein meir sirkulær økonomi for plast globalt
  • vidareføre ei tydeleg nordisk leiarrolle i arbeidet for ein global avtale gjennom nordisk samarbeid og initiativet «Norden som motor i arbeidet mot marin forsøpling», under norsk formannskap i 2022

3.2 Styrkje eksisterande rammeverk og initiativ om marin plastforsøpling og plastavfall

Vedtaket frå FNs miljøforsamling i 2017 oppmodar alle aktørar til å styrkje arbeidet mot marin plastforsøpling i eksisterande avtalar. Noreg bidreg i arbeidet med å følgje opp den internasjonale sjøfartsorganisasjonens (IMO) handlingsplan for å hindre plastforsøpling frå skip, sjå kap. 9. Noreg deltek i havmiljøsamarbeidet for Nordaust-Atlanteren under OSPAR, i nordisk samarbeid og i miljøsamarbeidet under Arktisk råd. Det er viktig for Noreg å arbeide for samordning blant ulike forvaltningsnivå og organisasjonar for å sikre målretta arbeid. Ikkje minst har vi styrkt arbeidet under Baselkonvensjonen om strengare reglar for eksport og import av plastavfall, noko som blir omtalt nærmare i kap. 6.

Noreg deltek òg i initiativ om marin forsøpling under G7 og G20. Dette er viktige politiske plattformer for samarbeid med sentrale land og for å synleggjere behovet for eit styrkt globalt rammeverk, då desse initiativa i seg sjølve ikkje vil vere tilstrekkelege.

I tillegg har Noreg sett i gang bilateralt samarbeid med land, som Russland, Kina, India og Sør-Afrika, for å utvikle kunnskap og støtte opp om ei heilskapleg tilnærming til plasthandtering i desse landa. Gjennom EØS-avtalen støttar Noreg prosjekt mot marin forsøpling og mikroplast i fleire europeiske land, bl.a. i Aust-Europa.

Noreg deltek òg i det globale partnarskapet om marin forsøpling (GPML), som er ein viktig møteplass for å dele kunnskap og informasjon om arbeid retta mot marin forsøpling.

Mange regionale havmiljøavtalar speler ei viktig rolle med å overvake førekomst av marin forsøpling, og har eigne handlingsplanar knytte til marin forsøpling og marin forureining. Desse vil òg vere eit viktig bidrag til sterkare globale forpliktingar.

Noreg er del av OSPAR-avtalen, som har som formål å verne det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren. OSPAR skal utarbeide ein ny handlingsplan mot marin forsøpling, og frå norsk side ønskjer vi at planen skal fokusere på område der OSPAR har eit særleg fortrinn. OSPAR er vidare i ferd med å utvikle ein ny strategi med mål som òg inkluderer marin forsøpling, eit arbeid Noreg deltek aktivt i. Under Arktisk råd er det vidare utarbeidd ein handlingsplan mot marin forsøpling.

Regjeringa vil

  • vidareutvikle og styrkje Baselkonvensjonens mandat om plastavfall
  • bidra aktivt i gjennomføring av handlingsplanen mot marin forsøpling under Arktisk råd
  • halde fram med å delta aktivt i relevante globale initiativ under G7 og G20
  • bidra til at OSPARs nye handlingsplan mot marin forsøpling og mikroplast fokuserer på område der OSPAR har eit særleg fortrinn, og at han bidreg til anna internasjonalt arbeid

Fotnotar

13.

Raubenheimer, K & Urho, Niko (2020): Possible elements of a new global agreement to prevent plastic pollution. Nordic Council of Ministers https://pub.norden.org/temanord2020-535/temanord2020-535.pdf

14.

UNEA 3/7 https://wedocs.unep.org/bitstream/handle/20.500.11822/22773/K1800210%20-%20UNEP-EA-3-RES-7%20-%20Advance.pdf?sequence=15&isAllowed=y

15.

Konvensjonen om beskyttelse av det marine miljø i det nordøstlige atlanterhav (OSPAR https://www.miljodirektoratet.no/regelverk/konvensjoner/oslo-paris-konvensjonen/

16.

The Baltic Marine Environment Protection Commission (HELCOM) HELCOM
Til forsida