Prop. 80 L (2023–2024)

Endringar i rettsgebyrloven (justering av multiplikator for forliksklage og forkynning av betalingsoppmoding)

Til innhaldsliste

5 Merknadar til dei einskilde føresegnene

Til § 7

Fyrste ledd gjeld gebyr for handsaming av ei sak i forliksrådet. Multiplikatoren endrast frå 1,1 R til 1,54 R. Departementet syner til vurderinga i punkt 3.4.1.

Til § 10

Saker mellom dei gruppene som er nemnd i fyrste ledd nr. 6 vert retta slik at ordlyden er i samsvar med gjeldande rett, jf. husstandsfellesskapslova § 3 a. Gebyrfritaket skal difor omfatte sambuarar og tidlegare sambuarar. Departementet syner til vurderinga i punkt 3.4.3.

Til § 25

Multiplikatoren knytt til gebyret for forkynning av betalingsoppmoding etter rettsgebyrlova § 25 fyrste ledd andre punktum endrast frå 0,4 R til 0,5 R. Tilvisinga til konkurslova vert endra slik at berre korttittelen til lova går fram av føresegna. Departementet syner til vurderinga i punkt 3.4.2.