Prop. 95 L (2023–2024)

Endringar i karantenelova (informasjonsplikt, godtgjering og reaksjonar m.m.)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til ny § 1 a

Paragrafen fastset formålet til lova. Formålet med lova er å bidra til å fremme den alminnelege tilliten til forvaltninga og det politiske systemet ved overgangar som er omfatta av lova. Lova skal motverke at nokon får særlege konkurransefordelar, verne intern informasjon i statsforvaltninga og forretningsinformasjon i andre verksemder som statsforvaltninga har fått tilgang til. Vidare skal lova medverke til å oppretthalde skiljet mellom den politiske leiinga og embetsverket.

Karantenelova skal bidra til å redusere faren for misbruk av intern informasjon og innsikt frå statsforvaltninga som kan føre til uakseptabel skade for offentlege eller private interesser. Karantenelova skal også bidra til å hindre at enkelte aktørar får ein urimeleg fordel samanlikna med andre aktørar. Det er vidare viktig å verne forretningshemmelegheiter og annan fortruleg informasjon. Bruk av slik informasjon kan føre til konkurransevridingar. Sjølv om det faktisk ikkje skjer misbruk ved overgang til stillingar eller verv utanfor forvaltninga eller til eiga næringsverksemd, kan risikoen for misbruk og det at det i praksis er avgrensa høve til å kontrollere om dette skjer, gi grobotn for ein mistanke som kan svekke tilliten til den offentlege forvaltninga og det politiske systemet. Desse formåla går fram av forslag til § 1 a bokstav a til c.

Forretningsinformasjon som det er behov for å verne, kan vere underlagd teieplikt etter forvaltningslova § 13 første ledd nr. 2. Embetsmenn og statstilsette kan ha teieplikt om intern informasjon og forretningsinformasjon hos andre verksemder etter instruks. Teieplikta gjeld også etter at ein politikar, embetsmann eller statstilsett har fråtredd. Reglane i karantenelova om karantene og saksforbod kjem i tillegg til reglane om teieplikt og skal bidra til å sikre tilliten til at informasjon ikkje blir brukt til å gi aktørar særlege fordelar.

Ved overgang frå politisk embete eller stilling til departementsstilling, som er regulert i karantenelova kapittel 3, er det rollefordelinga mellom den politiske leiinga og embetsverket, arbeidsordninga innanfor embetsverket og omsynet til ei ny politisk leiing som kan tale for visse restriksjonar. For slike overgangar har karantenelova som formål å medverke til å oppretthalde skiljet mellom den politiske leiinga og embetsverket og til at allmenta oppfattar at sentralforvaltninga tar dei nødvendige forholdsreglane for å oppretthalde dette skiljet. Dette formålet går fram av forslag til § 1 a bokstav d.

Til § 2 tredje ledd

Tredje ledd gir ein definisjon av saksforbod. Eit saksforbod er eit tidsavgrensa forbod mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde. I tredje ledd andre punktum er innhaldet i forbodet mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde presisert. Forbodet omfattar mellom anna å drive påverknadsarbeid, gi råd til eller opptre på vegner av andre og delta i saksbehandling, møte eller forhandlingar. Dette er eksempel som vil vere dekkande for dei fleste former for involvering i saker og saksområde. Aktivitetane som er lista opp i tredje ledd andre punktum, er likevel ikkje uttømmande for kva for aktivitetar som kan vere omfatta av eit saksforbod. Dette går fram av formuleringa «blant annet» i andre punktum.

Til § 5

Føresegna regulerer informasjonsplikta politikarar har overfor Karantenenemnda. Første ledd første punktum slår fast at politikarar har informasjonsplikt overfor Karantenenemnda. Politikaren skal gi Karantenenemnda dei opplysningane nemnda treng for å gjere vedtak etter lova. Første ledd andre punktum presiserer at opplysningane skal givast i rett tid og vere fullstendige, slik at tilliten til forvaltninga og det politiske systemet blir varetatt. Føresegna strekar under ansvaret politikaren har for å overhalde informasjonsplikta og gi fullstendige opplysningar til Karantenenemnda. Informasjonsplikta etter første ledd er generell og, i motsetning til den særlege reguleringa i andre og tredje ledd, ikkje konkret knytt til ein overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga, etablering av næringsverksemd eller endringar i ei stilling mv. At informasjonsplikta er vidare formulert, gir eit tydelegare rettsleg grunnlag for Karantenenemnda til å innhente opplysningar frå politikaren også etter at eit vedtak om karantene eller saksforbod er gjort. Eit eksempel på ein situasjon der det kan vere behov for dette, er dersom det i offentlegheita blir stilt spørsmål ved om ein politikar har handla i strid med eit vedtak i Karantenenemnda.

Andre ledd regulerer informasjonsplikta til politikarar ved overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga og ved etablering av næringsverksemd. Etter andre ledd første punktum skal politikarar gi opplysningar til Karantenenemnda når dei innan 18 månader etter fråtredinga som politikar går over til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga eller etablerer næringsverksemd. Etter andre ledd andre punktum omfattar informasjonsplikta også opplysningar om tidlegare embete eller stilling og den nye stillinga, vervet eller verksemda.

Tredje ledd bokstav a til c regulerer informasjonsplikta ved endringar i ei stilling mv. Informasjonsplikta etter andre ledd gjeld tilsvarande dersom det skjer endringar i kva for sektorar eller bransjar politikaren skal arbeide med, kontakt med myndigheitene eller den organisatoriske plasseringa i ei stilling, eit verv eller eiga næringsverksemd innan 18 månader frå fråtredinga som politikar. Informasjonsplikta ved endringar i kva for sektorar og bransjar politikaren skal arbeide med, omfattar endringar i kva for produkt og tenester politikaren skal arbeide med, og kva for kundegrupper politikaren sitt arbeid rettar seg mot. Informasjonsplikta ved endringar i kontakten politikaren skal ha med myndigheitene, omfattar mellom anna endringar med omsyn til om politikaren skal jobbe med politisk påverknadsarbeid eller søknader om offentleg støtte. Informasjonsplikta ved endringar i den organisatoriske plasseringa i den nye stillinga eller vervet omfattar situasjonar der det skjer organisatoriske endringar hos den nye arbeids- eller oppdragsgivaren som får konsekvensar for stillinga til politikaren, for eksempel dersom den nye stillinga blir endra frå å vere ei underordna stilling til ei leiarstilling. Dei vanlege fristane for Karantenenemnda til å gjere vedtak gjeld når politikaren gir Karantenenemnda melding om denne typen endringar i stilling, verv eller eiga næringsverksemd.

Etter fjerde ledd skal politikaren gi opplysningane om overgang til ny stilling mv. og om endringar i ei stilling mv. etter andre og tredje ledd seinast tre veker før overgangen eller før endringa trer i kraft. Dersom Karantenenemnda vil innhente opplysningar frå politikaren etter at eit vedtak om karantene eller saksforbod er gjort, for eksempel dersom det er stilt spørsmål om ein politikar har handla i strid med eit vedtak, må nemnda sette ein rimeleg frist for politikaren til å gi nemnda dei opplysningane nemnda ber om.

Femte ledd fastset ein forskriftsheimel for at nærmare reglar om informasjonsplikta kan bli fastsett i forskrift.

Til § 7 andre ledd

Etter § 7 andre ledd kan ein politikar ileggast saksforbod i inntil 18 månader etter fråtredinga frå det politiske embetet eller den politiske stillinga dersom det er særleg tungtvegande grunnar til det. Føresegna opnar for at politikarar i særlege tilfelle kan ileggast saksforbod i inntil 18 månader etter fråtredinga, utan at dei samtidig må ileggast karantene. Dette er ei unntaksføresegn. Hovudregelen er at saksforbod kan ileggast i inntil 12 månader, men at det kan utvidast til 18 månader når «særlig tungtveiende grunner» tilseier det. Det kan for eksempel vere der departementet har vore involvert i anbod eller forhandlingar om store innkjøp, behandling av store konsesjonssaker eller andre omfattande avtalar, tillatingar eller løyve, eller der det er tilsvarande behov for skjerming frå visse saker eller saksområde i eit lengre tidsrom. Det er ein føresetnad, som gjeld generelt for ilegging av saksforbod, at saksforbodet ikkje stenger politikaren ute frå sentrale eller vesentlege delar av ei ny stilling, verv eller næringsverksemd.

Til § 8 andre ledd

Andre ledd fastset unntak frå hovudregelen om rett til godtgjering for ilagd karantene.

Etter andre ledd første punktum blir det ikkje gitt godtgjering for ilagd karantene ved overgang til eiga næringsverksemd som ein politikar har oppretta etter å ha tiltredd det politiske embetet eller den politiske stillinga. Det blir heller ikkje gitt godtgjering ved overgang til eiga næringsverksemd som ikkje tidlegare har hatt reell drift. Unntaket omfattar overgang til eiga verksemd, både eiga rådgivingsverksemd og andre former for næringsverksemd, og anten verksemda er kommersiell eller ideell. Unntak frå retten til godtgjering ved overgang til eiga etablert næringsverksemd gjeld ikkje når politikaren etter fråtredinga går tilbake til eiga næringsverksemd som var oppretta før politikaren tiltredde det politiske embetet eller den politiske stillinga, og som har hatt reell drift. Dersom det ikkje har vore reell drift i verksemda («sovande selskap»), er overgangen omfatta av unntaket frå retten til godtgjering.

Etter andre ledd andre punktum blir det ikkje gitt godtgjering for ilagd karantene ved overgang til stilling, verv eller næringsverksemd som er ei bistilling eller eit bierverv. Politikaren må sjølv opplyse kva slags stilling eller erverv den aktuelle overgangen gjeld.

Til § 9 første ledd

Føresegna regulerer saksbehandlinga i Karantenenemnda. Føresegna fastset at Karantenenemnda har frist på to veker til å gjere vedtak om å ilegge karantene og saksforbod, rekna frå det tidspunktet politikaren har oppfylt informasjonsplikta, og at politikaren ikkje kan tiltre stilling eller verv eller etablere næringsverksemd før Karantenenemnda har gjort endeleg vedtak i saka, jf. første ledd første og andre punktum. I første ledd tredje punktum blir det presisert at heller ikkje endringar som er omfatta av informasjonsplikta etter § 5 tredje ledd kan settast i verk før Karantenenemnda har gjort endeleg vedtak i saka. Dette omfattar endringar i kva for sektorar og bransjar politikaren skal arbeide med, kontakten politikaren skal ha med myndigheitene og endringar i den organisatoriske plasseringa i ei stilling, eit verv eller ei næringsverksemd.

Til §§ 13, 14, 15, 17, 18, 19 og 20

I § 13 første ledd, § 13 andre ledd første punktum, § 14 andre og fjerde ledd, § 15 første ledd, § 17 første ledd første og tredje punktum, § 18 første ledd første punktum, § 18 andre ledd første punktum, § 18 tredje ledd andre punktum, § 19 første ledd første punktum, § 20 første og fjerde ledd blir «tilsettingsmyndighet» endra til «ansettelsesmyndighet». I § 14 første ledd første punktum og fjerde ledd blir «tilsettingen» endra til «ansettelsen».

Til § 20 første ledd

Første ledd fastset at lovbrotsgebyr kan ileggast ved brot på informasjonsplikta og ved brot på vedtak om karantene eller saksforbod. Lovbrotsgebyr kan også ileggast ved brot på restriksjonane etter karantenelova §§ 10 og 11 som gjeld dersom ein politikar går over til eit embete eller ei stilling i eit departement. Det er eit vilkår at politikaren, embetsmannen eller den statstilsette er å klandre for brotet, det vil seie at vedkommande har utvist subjektiv skyld. Skyldkravet er forsett eller alminneleg aktløyse. Det er krav om klar sannsynsovervekt både for at vedkommande har handla i strid med karantenelova eller eit vedtak gjort med heimel i lova, og for at kravet til skyld er oppfylt.

Til § 20 femte ledd

Femte ledd fastset reglar om forelding av høvet til å ilegge lovbrotsgebyr for brot på karantenelova eller vedtak gjorde med heimel i lova. Femte ledd første punktum fastset at høvet til å ilegge lovbrotsgebyr blir forelda fem år etter at brotet er avslutta. Kva tidspunkt fristen skal reknast frå, kan bli noko ulikt avhengig av kva lovbrot som er gjort. Ved brot på informasjonsplikta vil brotet halde fram i det tidsrommet politikaren, embetsmannen eller den statstilsette har informasjonsplikt utan at slik informasjon blir gitt. Foreldingsfristen blir dermed rekna frå det tidspunktet den aktuelle personen ikkje lenger har informasjonsplikt. Femte ledd andre punktum fastset at foreldingsfristen blir avbroten frå det tidspunktet Karantenenemnda eller tilsettingsmyndigheita gir politikaren, embetsmannen eller den statstilsette førehandsvarsel om vedtak om lovbrotsgebyr etter forvaltningslova § 16, eller gjer vedtak om lovbrotsgebyr.

Til § 21

Føresegna gir heimel for at Karantenenemnda og tilsettingsmyndigheita kan gjere vedtak om at ei tilkjend godtgjering både skal stansast og krevjast tilbakebetalt heilt eller delvis ved brot på vedtak om karantene. Ved brot på vedtak om karantene må Karantenenemnda eller tilsettingsmyndigheita velje om dei vil reagere ved å gjere vedtak om inndraging av inntekta eller ved å gjere vedtak om heil eller delvis stans eller tilbakekrevjing av den utbetalte godtgjeringa. Inndraging av inntekt og stans eller tilbakekrevjing av godtgjering er alternative reaksjonar. Det er ikkje høve til å gjere vedtak om både inndraging av inntekt og stans eller tilbakekrevjing av godtgjering for same brot.

Første ledd andre punktum fastset at stans og tilbakekrevjing berre kan skje dersom dette ikkje vil vere urimeleg. Om det vil vere urimeleg å gjere vedtak om stans og tilbakekrevjing, må vurderast konkret i det enkelte tilfellet. Moment i vurderinga kan vere arten og omfanget av brotet.

Etter andre ledd første punktum er eit endeleg vedtak om tilbakekrevjing av godtgjering tvangsgrunnlag for utlegg. Andre ledd andre punktum regulerer kven som skal få den tilbakekravde godtgjeringa. Ei godtgjering som er kravd tilbake etter eit vedtak gjort av Karantenenemnda eller tilsettingsmyndigheita, skal førast tilbake til den instansen som utbetalte godtgjeringa. Det inneber at ei godtgjering som er utbetalt etter vedtak om karantene av Karantenenemnda, og som blir kravd tilbakebetalt frå ein politikar, skal gå til Statsministerens kontor. Ei godtgjering som er utbetalt etter vedtak om karantene av tilsettingsmyndigheita, og som blir kravd tilbake frå ein embetsmann eller statstilsett, skal gå til den tidlegare statlege arbeidsgivaren.

Til § 22

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande § 21.

Til ikraftsettingsføresegna

Etter forslaget skal endringslova gjelde frå det tidspunktet Kongen bestemmer.

Til forsida