Prop. 95 L (2023–2024)

Endringar i karantenelova (informasjonsplikt, godtgjering og reaksjonar m.m.)

Til innhaldsliste

6 Saksforbod

6.1 Gjeldande rett

Saksforbod kan nyttast i tillegg til karantene eller som eit alternativ til karantene dersom det er formålstenleg og tilstrekkeleg for at dei omsyna karantenelova bygger på, skal varetakast. Saksforbod er definert som eit tidsavgrensa forbod mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde, jf. karantenelova § 2 tredje ledd. Eit saksforbod inneber dermed ei tidsavgrensa innskrenking i dei arbeidsoppgåvene politikarar, embetsmenn eller statstilsette kan involvere seg i når dei tiltrer nye stillingar eller verv eller startar opp eiga næringsverksemd. Eit vedtak om saksforbod inneber ikkje eit forbod mot å tiltre stillinga eller vervet eller etablere næringsverksemda – i motsetning til eit vedtak om karantene, som inneber at politikaren, embetsmannen eller den statstilsette må utsette tiltredinga i den nye stillinga eller vervet eller etableringa av næringsverksemda til etter utløpet av karanteneperioden.

Vilkåra for å ilegge saksforbod er dei same som for karantene. Det går fram av karantenelova § 6, jf. § 7, for politikarar og av §§ 13 og 14 for embetsmenn og statstilsette. Saksforbod kan ileggast i særlege tilfelle dersom ansvaret og arbeidsoppgåvene politikaren, embetsmannen eller den statstilsette har hatt tidlegare, kan gi verksemda vedkommande blir knytt til eller etablerer, særlege fordelar, eller overgangen på annan måte kan vere eigna til å svekke tilliten til forvaltninga generelt. Politikarar og tilsette i leiande stillingar i eit departement eller eit anna statleg forvaltningsorgan kan også ileggast saksforbod i særlege tilfelle dersom det ligg føre ein konkret forbindelse mellom det tidlegare ansvaret og dei tidlegare arbeidsoppgåvene deira eller bestemte saker som var til behandling i departementet eller forvaltningsorganet i funksjonstida deira, og interessene til verksemda dei blir knytte til eller etablerer. Vilkåret om at det skal ligge føre eit særleg tilfelle, inneber at karantene og saksforbod berre skal nyttast i unntakstilfelle og etter ei streng nødvendigheitsvurdering, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 14, merknadene til §§ 6, 7, 13 og 14 i lova.

Dersom vilkåra er oppfylte, kan Karantenenemnda eller tilsettingsmyndigheita gjere vedtak om karantene, saksforbod eller begge delar. Terskelen for å ilegge saksforbod er like høg som terskelen for å ilegge karantene.

Saksforbod er særleg aktuelt i dei tilfella innsikta eller posisjonen til politikaren, embetsmannen eller den statstilsette har vore avgrensa til spesielle saker eller saksområde, eller i tilfelle der berøringspunkta mellom dei tidlegare ansvarsområda til vedkommande og interessene til den nye verksemda lar seg avgrense. Saksforbod kan ikkje ileggast dersom det vil innebere at vedkommande blir utestengd frå arbeidsoppgåver som er ein sentral eller vesentleg del av den nye stillinga, vervet eller næringsverksemda. I slike tilfelle må det i staden ileggast karantene.

Politikarar kan som hovudregel ileggast saksforbod i inntil 12 månader etter fråtreding frå det politiske embetet eller den politiske stillinga, jf. karantenelova § 7 første ledd. Karantene kan ileggast i inntil 6 månader etter fråtreding som politikar, jf. § 6. Dersom det er særleg tungtvegande grunnar til det, kan ein politikar bli ilagd saksforbod i inntil 12 månader i tillegg til ein karantene på inntil 6 månader, jf. § 7 andre ledd. Det inneber at saker eller saksområde for politikarar kan bli «skjerma» i inntil 18 månader etter at ein politikar har fråtredd. Dette kan vere aktuelt dersom departementet har vore involvert i anbod eller forhandlingar om store innkjøp eller har til behandling store konsesjonssaker eller andre omfattande avtalar, tillatingar eller løyve, og prosessen strekker seg langt fram i tid etter at politikaren fråtredde, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 8.4.5. Embetsmenn og statstilsette kan bli ilagde saksforbod i inntil 12 månader etter at dei fråtrer embetet eller stillinga i statsforvaltninga. For embetsmenn og statstilsette er det ikkje heimel for å ilegge saksforbod utover dette tidsrommet.

6.2 Forslaga frå Karantenelovutvalet

6.2.1 Definisjonen av saksforbod

Karantenelovutvalet meinte det er formålstenleg å gi ein meir omfattande definisjon av saksforbod i lova for at dette skal vere klart og føreseieleg. Karantenelovutvalet foreslo ein definisjon av saksforbod der det går fram at eit saksforbod inneber forbod mot å drive påverknadsarbeid, gi råd til eller opptre på vegner av andre og delta i saksbehandling, møte eller forhandlingar i bestemte saker eller på bestemte saksområde.

Utvalet meinte at denne definisjonen ville femne breidda i kva som kan omfattast av eit saksforbod, og kva ein tidlegare politikar ikkje kan involvere seg i ved ilagt saksforbod. Utvalet peikte på at relativt mange tidlegare politikarar melder overgang til kommunikasjonsselskap eller interesseorganisasjonar eller opprettar eigne rådgivingsselskap der påverknadsarbeid og lobbyverksemd inngår som ein del av den nye stillinga. Utvalet ønskte derfor å tydeleggjere eit forbod mot å drive påverknadsarbeid.

6.2.2 Varigheita av saksforbod for politikarar

Karantenelovutvalet foreslo at karantenelova bør opne for at ein politikar kan ileggast saksforbod i inntil 18 månader etter fråtreding når særlege grunnar tilseier det, utan at politikaren samtidig må ileggast karantene. Utvalet foreslo at høvet til å ilegge ein politikar saksforbod av så lang varigheit skal gjelde i dei tilfella Karantenenemnda etter gjeldande rett kan ilegge saksforbod i inntil 12 månader i tillegg til ein karantene på inntil 6 månader, og eventuelt andre tilfelle med tilsvarande behov for skjerming av saker eller saksområde i eit lengre tidsrom. Føresetnaden er at saksforbodet kan avgrensast slik at politikaren ikkje blir utestengd frå arbeidsoppgåver som er ein sentral eller vesentleg del av den nye stillinga, vervet eller næringsverksemda, slik at det reelt sett medfører eit «arbeidsforbod». Utvalet meinte at hovudregelen framleis må vere at saksforbod kan ileggast i inntil 12 månader, men at det kan utvidast til 18 månader når «særlig tungtveiende grunner» tilseier det.

6.3 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet viste departementet til at definisjonen av saksforbod som blei foreslått av Karantenelovutvalet, er dekkande for kva restriksjonar som følger av eit saksforbod, og at ein slik definisjon gir meir informasjon og rettleiing om kva eit saksforbod inneber. Departementet meinte at dette kan bidra til klargjering. Departementet foreslo i høyringsnotatet ein revidert definisjon av saksforbod, men definisjonen blei gitt ei noko anna språkleg utforming enn det som var foreslått av utvalet. Departementet foreslo at aktivitetane som er omfatta av eit saksforbod, blir stilte opp som eksempel, og at desse ikkje skal vere uttømmande for kva eit saksforbod kan omfatte. Slik departementet vurderte det, var definisjonen formålstenleg og dekkande for både politikarar, embetsmenn og statstilsette, da innhaldet i eit saksforbod er det same for alle overgangane. Departementet foreslo også å følge opp forslaget frå Karantenelovutvalet om at saksforbod i særlege tilfelle kan ileggast i inntil 18 månader etter fråtreding som politikar utan at det samtidig må ileggast karantene. Departementet meinte at det i enkelte tilfelle kan vere behov for å skjerme saker eller saksområde i ein lengre periode, og peikte på at det ser ut til å vere mangelfullt grunngitt kvifor enkelte avgrensa område ikkje kan skjermast sjølv om det ikkje er behov eller grunnlag for karantene.

6.4 Synet til høyringsinstansane

Akademikerne støttar at innhaldet i eit saksforbod blir klargjort i lova. Dei ser dette som ei presisering og tydeleggjering av kva det inneber å få eit saksforbod, og ikkje ei utviding av føresegna. Unio er kritisk til at fleire av dei foreslåtte endringane skal gjelde for embetsmenn og statstilsette utan at det er konsekvensutgreidd. Det gjeld mellom anna definisjonen av saksforbod.

6.5 Vurderingar og forslag frå departementet

6.5.1 Definisjonen av saksforbod

Definisjon av saksforbod er gitt i karantenelova § 2 tredje ledd. Føresegna gjeld både for overgang for politikarar til stillingar mv. utanfor statsforvaltninga som er omfatta av kapittel 2 i lova, og for overgang for embetsmenn og statstilsette som er omfatta av kapittel 4. Departementet vurderer det slik at definisjonen av saksforbod som Karantenelovutvalet foreslo, er dekkande for kva restriksjonar som følger av eit saksforbod. Samanlikna med dagens føresegn gir forslaget meir informasjon og rettleiing til dei som er omfatta av lova, og til allmenta om kva eit saksforbod inneber. Dette bidrar til klargjering. Departementet foreslår derfor at definisjonen av saksforbod i karantenelova § 2 tredje ledd blir endra.

Departementet foreslår at definisjonen av saksforbod i lova får ei noko anna språkleg utforming enn det Karantenelovutvalet foreslo. Departementet foreslår at aktivitetane som utvalet meinte kunne omfattast av eit saksforbod, og forbodet mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde blir stilte opp som typiske eksempel på kva eit saksforbod kan omfatte. Slik departementet ser det, gir dette ei betre språkleg utforming av føresegna, og ein unngår også at definisjonen blir oppfatta som uttømmande slik at aktivitetar utilsikta fell utanfor definisjonen i lova. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at saksforbod blir definert som eit tidsavgrensa forbod mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde, og at dette mellom anna omfattar å drive påverknadsarbeid, gi råd til eller opptre på vegner av andre og delta i saksbehandling, møte eller forhandlingar, jf. forslaget til § 2 tredje ledd.

Departementet vurderer det slik at den foreslåtte definisjonen er formålstenleg og dekkande for overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga og ved etablering av næringsverksemd for både politikarar, embetsmenn og statstilsette. Innhaldet i eit saksforbod er det same for alle overgangane, og det er ønskeleg med ei klargjering for alle som er omfatta av lova.

6.5.2 Varigheita av saksforbod for politikarar

Departementet vurderer det slik at det er formålstenleg at karantenelova opnar for at politikarar kan bli ilagde saksforbod i inntil 18 månader i særlege tilfelle, utan at dei samtidig må ileggast karantene. Som påpeikt av Karantenelovutvalet kan det i særlege tilfelle ligge føre eit behov for å skjerme saker eller saksområde i ein lengre periode. Utvalet peikte også på at det synest mangelfullt grunngitt i dagens karantenelov kvifor enkelte avgrensa område ikkje skal kunne skjermast sjølv om det ikkje er behov for eller grunnlag for karantene. Departementet viser til at også Karantenenemnda i årsmeldinga for 2019 har peikt på at det bør vurderast ein heimel for saksforbod i inntil 18 månader, utan at det er eit krav at det samtidig må ileggast karantene. Departementet ser at det i enkelte tilfelle kan ligge føre slike klare behov.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen at politikarar kan ileggast saksforbod i inntil 18 månader etter fråtreding, utan at det er eit vilkår at Karantenenemnda samtidig gjer vedtak om karantene, jf. forslaget til § 7 andre ledd. Forslaget gjeld berre for overgangar for politikarar, som er regulert i karantenelova kapittel 2. Forslaget vil ikkje gjelde overgangar for embetsmenn og statstilsette, som er regulerte i kapittel 4 i lova, der det heller ikkje i dag er heimel for å ilegge restriksjonar som strekker seg utover 12 månader etter fråtreding frå embetet eller stillinga i staten.

For at politikarar skal kunne ileggast saksforbod i eit så langt tidsrom, er det, som i dag, ein føresetnad at det er særleg tungtvegande grunnar for det. Departementet viser til Prop. 44 L (2014–2015) punkt 8.4.5, som beskriv situasjonar der eit saksforbod i 18 månader kan vere aktuelt. Ein aktuell situasjon kan vere når departementet har vore involvert i anbod eller forhandlingar om store innkjøp eller har til behandling store konsesjonssaker eller andre omfattande avtalar, tillatingar eller løyve, og prosessen strekker seg langt fram i tid etter at politikaren gjekk av. Etter forslaget frå departementet vil det vere i slike tilfelle, og i tilfelle med tilsvarande behov for skjerming, at det vil vere høve til å ilegge saksforbod i inntil 18 månader etter fråtreding. Forslaget inneber såleis ei vidareføring av den same høge terskelen for ilegging av restriksjonar i 18 månader. Hovudregelen skal framleis vere at saksforbod kan ileggast i inntil 12 månader etter fråtreding. Det er vidare ein føresetnad, som gjeld generelt ved ilegging av saksforbod, at saksforbodet ikkje stenger politikaren ute frå sentrale eller vesentlege delar av den nye stillinga, vervet eller næringsverksemda.

Til forsida