St.prp. nr. 78 (2004-2005)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Grønland, underskriven i Oslo 4. august 2005

Til innhaldsliste

3 Merknader til dei einskilde artiklane

Artiklane 1 og 2 har reglar om det saklege bruksområdet til avtalen. I følgje artikkel 1 omfattar avtalen personar som er busette (heimehøyrande) i det eine eller i begge landa. Artikkel 2 reknar opp kva for gjeldande skattar som avtalen i sær omfattar.

Artiklane 3–5 inneheld definisjonar av ulike ord og uttrykk i avtalen.

Det følgjer av artikkel 3 punkt 1 a) at avtalen også får verknad på kontinentalsoklane til dei respektive landa når det gjeld utøving av rettar med omsyn til havbotnen og undergrunnen og naturressursar der. Lik dei fleste andre skatteavtalane Noreg har inngått, får heller ikkje avtalen med Grønland verknad på Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.

Av di Grønland ikkje er ein sjølvstendig stat, brukar ikkje avtalen omgrepet «statsborgar». Omgrepet er derfor heller ikkje definert. Av same grunn blir ordet «land» brukt om partane i staden for «stat».

Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjer stort sett OECD-mønsteret.

Artikkel 4 definerer omgrepet «person bosatt i et kontraherende land». Punkta 2 og 3 regulerer korleis situasjonen blir når ein fysisk eller juridisk person blir rekna for å vere busett (heimehøyrande) både i Noreg og i Grønland etter dei to landa si interne lovgjeving. Statsborgarskapet er vanlegvis eit av kriteria som blir nytta for fysiske personar, når verken høva rundt bustad, senter for livsinteresser eller vanleg opphald løyser spørsmålet. Statsborgarskapet er i denne avtalen bytt ut med eit pålegg til dei kompetente styresmaktene om å avgjere spørsmålet og ved avgjerda å leggje vekt på kvar vedkommande stammar frå.

Etter grønlandsk rett blir ein juridisk person rekna for å vere heimehøyrande der dersom han er registrert der. Det norske utgangspunktet er at det avgjerande bør vere kvar den verkelege leiinga har sitt sete. Etter punkt 3 skal dei kompetente styresmaktene avtale kvar ein juridisk person som er registrert i det eine landet og har setet for den verkelege leiinga i det andre landet, skal reknast for å vere heimehøyrande.

Artikkel 5 inneheld ein definisjon av omgrepet «fast driftssted». Denne definisjonen er viktig fordi han gir ramma for skattlegging i kjeldelandet etter artikkel 7 av den fortenesta frå forretningsverksemd som ein person busett i det eine landet har frå verksemd i det andre landet.

I følgje artikkel 5 punkt 3 skal staden for eit byggjearbeid, eller eit anleggs-, monterings- eller installasjonsprosjekt eller kontroll- eller rådgjevingsverksemd knytt til slike, sjåast på som ein fast driftsstad for føretaket berre dersom staden blir oppretthalden eller prosjektet eller verksemda varer lenger enn 6 månader. Den nedre tidsgrensa er i samsvar med FN-mønsteret, medan OECD-mønsteret har ei nedre tidsgrense på 12 månader. Reglane i punkt 3 skil seg frå OECD-mønsteret også ved at både tilknytt kontrollverksemd og rådgjevingsverksemd er særskild nemnde, slik det har vore vanleg i dei skatteavtalane Noreg har inngått i dei seinare åra.

Punkt 4 nemner kva omgrepet «fast driftssted» ikkje omfattar. Kort sagt går regelen ut på at innretningar som berre er til bruk for lagring, utstilling og anna førebuande verksemd eller hjelpeverksemd, ikkje skal utgjere fast driftsstad. Punktet skil seg frå OECD-mønsteret ved at punkt 4 a) og b) ikkje omfattar utlevering av varer.

Punkt 5 regulerer når ein avhengig representant skal bli rekna for å utgjere ein fast driftsstad for føretaket. Når personen har, og vanlegvis nyttar, fullmakt til å slutte kontraktar på vegne av føretaket, skal han utgjere ein fast driftsstad for føretaket.

Punkt 6 slår fast at ein uavhengig representant ikkje utgjer fast driftsstad for oppdragsgivar så lenge representanten opptrer innafor ramma av den vanlege forretningsverksemda si.

Til artikkel 5 er det utforma ein protokoll. Etter denne skal innanriks transport med skip og luftfartøy bli rekna for å vere verksemd som er driven gjennom ein fast driftsstad. Dette er ein regel Grønland har i dei andre avtalane sine, som det var særs viktig for Grønland å få inn i avtalen.

For verksemd på kontinentalsokkelen er det fastsett særreglar i artikkel 20, jf. merknadene nedafor.

Artiklane 6–21 inneheld reglar om skattlegging av ulike former for inntekt. Desse reglane har som formål å hindre dobbel skattlegging, det vil seie at ein skattytar blir skattlagd i begge landa av same inntekt utan at skattlegginga i kjeldelandet blir teken omsyn til i bustadlandet. Dei detaljerte reglane om dei ulike formene for inntekt avgjer kva for land som skal ha den primære retten til å skattleggje: anten det landet der den skattepliktige er busett (bustadlandet), eller det landet der inntekta skriv seg frå (kjeldelandet).

Skatteavtalen regulerer ikkje forskott på skatt. Landa kan derfor i prinsippet halde tilbake kjeldeskatt etter den fulle satsen som følgjer av interne lover. Når skatteavtalen fører til at skatt anten skal betalast med ein redusert sats eller inntekta ikkje skal skattleggjast, må ein gjere ei justering (refusjon) i ettertid.

Artikkel 6 fastset at inntekt frå fast eigedom kan skattleggjast i det landet der eigedommen ligg (kjeldelandet). Det same gjeld inntekt frå direkte bruk av fast eigedom eller anna utnytting av han. Slik er også regelen i OECD-mønsteret.

Artikkel 7 inneheld reglar om skattlegging av fortenesta frå den forretningsverksemda som eit føretak heimehøyrande i eit kontraherande land driv i det andre landet. Inntekt frå slik verksemd kan berre skattleggjast i det sistnemnde landet dersom verksemda blir utøvd gjennom ein fast driftsstad der. Dei nærmare definisjonane av kva ein skal forstå med omgrepet «fast driftsstad» er gitt i artikkel 5. Artikkel 7 inneheld hovudprinsippa for sjølve fastsetjinga av fortenesta som skriv seg frå den faste driftsstaden.

Som i OECD-mønsteret, er hovudregelen at berre inntekt som kjem frå den faste driftsstaden, skal kunne skattleggjast i kjeldelandet. Inntekt frå anna, ikkje tilknytt verksemd i same land fell såleis utafor grunnlaget for skatt av driftsstaden.

Punkt 2 i artikkelen inneheld grunnregelen for fastsetjing av fortenesta til den faste driftsstaden. Driftsstaden skal tilreknast den fortenesta som han venteleg ville ha hatt dersom han hadde vore eit særskilt sjølvstendig føretak som utøvde same eller liknande verksemd under same eller liknande tilhøve, og han opptredde heilt uavhengig av det føretaket som den faste driftsstaden tilhøyrer (armlengdeprinsippet).

Punkt 3 i artikkelen gir reglar om ramma for kva for utgifter ein kan trekkje frå når ein fastset den skattbare fortenesta til den faste driftsstaden.

Artikkel 8 gir reglar om skattlegging av forteneste frå internasjonal skips- og luftfartsverksemd, slik denne verksemda er definert i artikkel 3 punkt 1 f).

Punkt 1 skil seg noko frå OECD-mønsteret. Punktet fastset at forteneste frå drift av skip eller luftfartøy som blir drivne i internasjonal fart, berre kan skattleggjast i det landet der føretaket er heimehøyrande. Dette er likt med dei skatteavtalane Noreg har inngått dei seinare åra, og er i kommentarane til OECD foreslått som ei alternativ løysing til OECD-mønsteret, som byggjer på kvar føretaket har den verkelege leiinga. I dei fleste tilfelle gir dei to metodane det same resultatet. Etter norsk syn er likevel ein bustadregel lettare å praktisere i tilfelle der det ikkje klart går fram i kva for ein stat den verkelige leiinga for føretaket har sitt sete. Dette gjeld særleg når føretaket blir drive av selskap eller andre samanslutningar med solidarisk ansvarlege deltakarar. I følgje avtalen blir kvar deltakar skattlagd i det landet der deltakaren er busett.

Punkt 2 fastset at forteneste frå bruk, vedlikehald eller leie av containerar (inkludert tilhengarar og tilknytt utstyr for transport av containerar) som er nytta til transport av varer, berre skal kunne skattleggjast i det landet der føretaket som har fortenesten av drifta høyrer heime, dersom det ikkje dreier seg om transport utelukka mellom stader innan det andre landet.

Punkt 3 klargjer at reglane i punkt 1 også gjeld forteneste når eit føretak tek del i ein pool, i ei felles forretningsverksemd eller i eit internasjonalt driftskontor.

I punkt 4 finn ein særreglar som tek omsyn til inntekter som SAS-konsortiet mottek.

Artikkel 9 omhandlar føretak med fast tilknyting til kvarandre, det vil seie mor- og dotterselskap og føretak under felles kontroll og leiing. Regelen gir likningsstyresmaktene høve til å setje opp den skattbare fortenesta til eit føretak. Vilkåret for slik høging er at fortenesta er redusert fordi føretaket og eit tilknytt føretak i sitt økonomiske samkvem har nytta forretningsvilkår som skil seg frå dei som ville ha vore avtalt mellom uavhengige føretak under tilsvarande tilhøve. Når likningsstyresmaktene rettar opp fortenesta i slike høve, så skal dei forretningsvilkåra som blei nytta, for skattleggingsformål bli erstatta med den såkalla armlengdestandarden, jf. skatteloven § 13–1. Regelen byggjer på prinsippa i OECD-mønsteret.

Artikkel 10 gjeld skattlegging av utbytte. Etter punkt 1 kan slike inntekter skattleggjast i det kontraherande landet der aksjonæren er busett. Dei same inntektene kan dessutan skattleggjast i det landet der selskapet som deler ut utbytta, er heimehøyrande (kjeldelandet). Reglane i punkt 2 og 3 set grenser for skattlegginga i kjeldelandet.

Punkt 2 a) gjeld utbytte til selskap som direkte kontrollerer minst 10 prosent av kapitalen i det selskapet som deler ut utbytta. Kjeldelandet sin skattesats i desse høva må ikkje overstige 5 prosent av bruttobeløpet.

Regelen i punkt 2 b) avgrensar kjeldeskattesatsen i andre høve til 15 prosent. Det er eit vilkår i både 2 a) og b) at mottakaren er den verkelege rettshavar og ikkje til dømes ein stråmann for ein faktisk eigar anten i kjeldelandet eller i eit tredje land.

I punkt 3 er det gjort unntak frå punkt 2 når regjeringa/landsstyret eller ei innretning som er oppretta etter offentleg rett og heilt eller hovudsakleg er eigd av regjeringa/landsstyret, mottek utbyttet som verkeleg rettshavar.

Dei avgrensingane i retten til å krevje kjeldeskatt som er nemnde ovanfor, gjeld likevel ikkje alltid. Kjeldelandet er ikkje bunden av desse satsane når dei aksjane som det blir delt ut utbytte frå, reelt er knytte til ein fast driftsstad som rettshavaren har i det landet der det utdelande selskapet er heimehøyrande. Etter punkt 5 i artikkelen skal utbytta i desse høva skattleggjast i samsvar med reglane i artikkel 7. Tilsvarande reglar gjeld etter artikkel 11 punkt 3 for renter og etter artikkel 12 punkt 4 for royalty.

Punkt 6 inneheld reglar som skal hindre at eit kontraherande land skattlegg utbytte utbetalt av eit selskap i det andre kontraherande landet, berre fordi fortenesta som ligg til grunn for utbytta, har si kjelde i det førstnemnde landet. Slike utbytte kan berre skattleggjast i det førstnemnde landet dersom mottakaren er busett i dette landet, eller som ein del av fortenesta til ein fast driftsstad.

Punkt 7 utvidar Grønland sin rett til å krevje kjeldeskatt i høve til punkt 2 og 3 og OECD-mønsteret, slik at Grønland kan trekkje inntil 35 prosent kjeldeskatt av utbytte frå selskap heimehøyrande i Grønland. Bakgrunnen for dette er det grønlandske selskaps- og utbytteskattesystemet. Selskapsskattesatsen er 35 prosent. Økonomisk dobbel skattlegging av selskapsoverskot blir hindra ved at selskapet har rett til frådrag for utdelt utbytte, medan mottakaren blir skattepliktig for utbyttet. Skulle kjeldeskatten setjast lågare enn selskapsskattesatsen, ville avtalen opne for at Grønland si skattlegging av selskapsoverskotet blei uthola. Punkt 7 hindrar dette.

Artikkel 11 handlar om renteinntekter. Slike inntekter skal etter punkt 1 berre kunne skattleggjast i det landet der mottakaren er busett. Dette tilsvarar løysinga i det norske mønsteret. Det er for tida ingen heimel i norsk skattelov til å krevje kjeldeskatt av renter som blir utbetalte frå Noreg til mottakar busett i utlandet.

Artikkel 12 gir reglar om skattlegging av royalty. Reglane skil seg frå OECD-mønsteret. Royalty kan skattleggjast både i landet der mottakaren er busett og i kjeldelandet, men kjeldeskattesatsen er avgrensa til 10 prosent av bruttobeløpet av royaltyen. Det er for tida ingen heimel i norsk skattelov til å krevje kjeldeskatt av royalty som blir utbetalt frå Noreg til ein mottakar busett i utlandet.

Artikkel 13 handlar om skatt av formuesgevinstar. Regelen byggjer på prinsippet om at retten til å skattleggje formuesgevinst bør liggje hos det landet som hadde rett til å skattleggje formuesgodet og avkastninga av dette, før det blei avhenda.

Etter punkt 1 kan gevinst frå avhending av fast eigedom skattleggjast i det kontraherande landet der eigedommen ligg.

Gevinst frå avhending av lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad, kan etter punkt 2 i artikkelen skattleggjast i det kontraherande landet der den faste driftsstaden ligg. Det same gjeld gevinst frå avhending av sjølve den faste driftsstaden.

Etter punkt 3 skal gevinst frå avhending av skip og luftfartøy i internasjonal fart berre kunne skattleggjast i det landet der føretaket som mottek gevinsten, er heimehøyrande. For containerar som er omhandla i artikkel 8, er det teke inn ein tilsvarande regel i punkt 4.

Punkt 5 inneheld ein særregel som gir eit kontraherande land rett til å skattleggje gevinstar frå sal av aksjar, selskapsdelar, andre selskapsrettar, opsjonar og andre finansielle instrument knytt til selskap heimehøyrande i dette landet. Denne retten til å skattleggje gjeld i høve til aksjonær som har flytt frå landet, og gjeld i inntil 5 år etter at aksjonæren flytta. Regelen er komen med på bakgrunn av reglane om utflytting i skatteloven § 2–3 tredje ledd.

Gevinst frå avhending av andre formuesgode enn dei som er særskilt nemnde, kan berre skattleggjast i det landet der avhendaren er busett, jf. punkt 6.

Lønnsinntekter er omhandla i artikkel 14. Som etter OECD-mønsteret ligg retten til å skattleggje hos det landet der lønnsmottakaren er busett, dersom ikkje arbeidet blir utført i det andre kontraherande landet. I så fall har også det landet der arbeidet blir utført, rett til å skattleggje inntektene. Frå denne regelen gjer den såkalla 183-dagarsregelen i punkt 2 eit unntak på visse vilkår for kortvarige opphald. Regelen skil seg frå OECD-mønsteret ved at det i punkt 2 b) i avtalen er eit vilkår at arbeidsgivaren er heimehøyrande i det landet der lønnsmottakaren er busett. Under forhandlingane blei problematikken om skattlegginga av leigde arbeidstakarar drøfta. Etter vanleg oppfatning får unntaket i punkt 2 ikkje verknad dersom arbeidstakaren er leigd, og dette har ein derfor gitt reglar om i punkt 3. Regelen er elles i samsvar med OECD-mønsteret.

Punkt 4 i artikkelen gir særreglar for lønnsarbeid utført om bord i eit skip eller luftfartøy drive i internasjonal fart. Punktet skil seg noko frå OECD-mønsteret og bestemmer at lønnsinntekter frå slikt arbeid berre skal kunne skattleggjast i det landet der føretaket er heimehøyrande.

Når det gjeld lønn til mannskap i konsortiet SAS sin internasjonale fart, er det teke med ein regel i punkt 5 om at dei berre skal kunne skattleggjast der dei er busett.

Artikkel 15 handlar om styregodtgjersle. Slike inntekter kan, i samsvar med OECD-mønsteret, skattleggjast i det landet der selskapet er heimehøyrande.

Artikkel 16 fastset at artistar og idrettsutøvarar kan skattleggjast i det landet der slik verksemd blir utøvd, utan omsyn til reglane i artikkel 7 om forteneste frå forretningsverksemd og artikkel 14 om lønnsinntekter. Punkt 2 i artikkelen inneheld eit tillegg som presiserer at det landet der artisten eller idrettsutøvaren opptrer, har rett til å skattleggje også når vederlaget blir utbetalt til ein tredjemann, til dømes eit artistbyrå eller eit selskap artisten har oppretta. Reglane i punkta 1 og 2 byggjer på OECD-mønsteret.

I punkt 3 er det gjort unntak frå desse reglane når framsyninga i det eine kontraherande landet for ein vesentleg del blir finansiert av offentlege midlar frå det landet der artisten er busett. I slike tilfelle skal inntekta berre kunne skattleggjast der.

Artikkel 17handlar om pensjonar, livrenter, trygdeytingar og underhaldsbidrag. Artikkelen skil seg frå OECD-mønsteret på to punkt. OECD-mønsteret omfattar berre private tenestepensjonar, medan denne artikkelen omfattar alle typar pensjonar, både private og offentlege. Etter reglane skal pensjonar, livrenter og trygdeytingar kunne skattleggjast både i landet der mottakaren er busett, og i landet der ytinga skriv seg frå. OECD-mønsteret legg heile retten til å skattleggje til bustadlandet. For tida har ikkje Noreg intern heimel til å skattleggje pensjonsutbetalingar til personar som ikkje er busette i Noreg.

Punkt 3 fastset at underhaldsbidrag i utgangspunktet berre kan skattleggjast i bustadlandet. I den mon ytinga ikkje kan trekkjast frå i kjeldelandet, skal ho berre kunne skattleggjast der. Regelen hindrar økonomisk dobbel skattlegging av slike betalingar.

Artikkel 18 handlar om offentleg teneste. Som hovudregel, og i samsvar med OECD-mønsteret, er det berre det landet som betalar ut godtgjersla, som har rett til å skattleggje. For godtgjersle knytt til utøving av offentleg forretningsverksemd gjeld ikkje hovudregelen. Offentlege pensjonsutbetalingar går som nemnt under artikkel 17.

Artikkel 19 gjeld studentar og lærlingar som er busette i det eine kontraherande landet og som oppheld seg mellombels i det andre landet for å få utdanning eller opplæring. Dei skal ikkje skattleggjast i det sistnemnde landet av pengebeløp som dei mottek til underhald, utdanning eller opplæring frå kjelder utanfor dette landet. Regelen samsvarer med OECD-mønsteret og med skattelova § 2–30 andre ledd.

Artikkel 20 inneheld reglar om verksemd utanfor kysten (offshoreverksemd). Punkt 1 slår fast at reglane i artikkelen skal gå føre, same kva som elles følgjer av avtalen.

Punkta 2 og 3 handlar om skattlegging av næringsverksemd. Dei fastset at verksemd utøvd utanfor kysten av eit land skal reknast som verksemd utøvd gjennom ein fast driftsstad i dette landet, dersom verksemda blir utøvd til saman over 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Inntekta frå slik verksemd kan i så fall skattleggjast frå første dag i dette landet. Reglane i punkt 3 a) og b) tek sikte på å hindre at fristen på 30 dagar blir omgått.

Punkt 4 inneheld eit unntak frå dei generelle reglane i punkta 2 og 3. Det gjeld forteneste av transport av forsyningar eller personell, eller av drift av taubåtar eller liknande hjelpefartøy knytt til verksemd som omhandla i artikkelen. Slik forteneste skal skattleggjast i det landet der personen som mottek fortenesta, er busett, så sant ikkje verksemda utgjer ein fast driftsstad etter artikkel 5 og protokollen til denne.

I punkt 5 a) er det gitt reglar om skattlegging av lønnsinntekter i samband med offshoreverksemd. Slik inntekt kan skattleggjast i kjeldelandet dersom arbeidsopphaldet til saman varer meir enn 30 dagar i løpet av ein periode på tolv månader. Det er gjort unntak frå denne regelen i punkt 5 b). Lønnsinntekter for teneste om bord i skip eller luftfartøy som er omfatta av unntaket i punkt 4, skal berre kunne skattleggjast i det landet der mottakaren er heimehøyrande. Dersom arbeidsgivaren er busett i kjeldelandet, skal inntekta berre kunne skattleggjast der.

Punkt 6 gjeld gevinst frå overføring av rettar til undersøking eller utnytting av naturførekomstar, eigedom som i sokkellandet blir nytta i samband med verksemda utanfor kysten, og aksjar eller andelar som hentar sin verdi frå slike rettar eller slik eigedom. Slike gevinstar kan kjeldelandet skattleggje.

Artikkel 21 gjeld annan inntekt, det vil seie inntekt som ikkje er særskilt omhandla i dei andre artiklane i avtalen. I samsvar med OECD-mønsteret er det fastsett at slike inntekter berre skal kunne skattleggjast i det landet der mottakaren er busett.

Inntekter som er knytt til ein fast driftsstad, skal ikkje skattleggjast etter artikkel 21, men etter artikkel 7, jf. punkt 2.

Artikkel 22 gjeld skattlegging av formue. Fast eigedom kan skattleggjast i det landet der eigedommen ligg, jf. punkt 1. Lausøyre som utgjer driftsmiddel knytt til ein fast driftsstad, kan skattleggjast i det landet der driftsstaden ligg, jf. punkt 2.

I følgje punkt 3 kan skip og luftfartøy som er drivne i internasjonal fart, og lausøyre knytt til drifta av dei, berre skattleggjast i det landet der det føretaket som eig skipet eller luftfartøyet, er heimehøyrande. Dette skil seg frå OECD-mønsteret, jf. merknadene til artikkel 8. I punkt 4 er det fastsett at containerar som blir nytta til transport av varer, berre skal kunne skattleggjast i landet der føretaket er heimehøyrande, bortsett frå når containeren berre blir nytta til transport mellom stader i det andre landet.

Alle andre delar av formuen som tilhøyrer ein person busett i ein av landa, kan berre skattleggjast i dette landet, jf. punkt 5.

Artikkel 23 gir reglar om korleis ein går fram for å hindre dobbel skattlegging.

Både Noreg og Grønland nyttar godskrivingsmetoden (kreditmetoden) for å unngå dobbel skattlegging. Metoden inneber at Noreg, overfor personar busette i Noreg, kan skattleggje ei inntekt også når det går fram av dei materielle reglane i avtalen at inntekta kan skattleggjast i Grønland. Noreg må så gi frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Grønland (kjeldelandet). Tilsvarande gjeld for Grønland. Dette gjeld også for formuesskatten, jf. artikkel 23 bokstav a) (ii). Frådraget kan ikkje overstige den skatten som fell på den aktuelle inntekta eller formuen i bustadlandet. Etter skatteloven § 16–21 kan frådraget likevel svare til den norske skatten som skal betalast av all inntekt frå utlandet.

I tillegg er det fastsett at i den grad ein person busett i Noreg mottek inntekter eller eig formue som etter nokon av reglane i avtalen er unnateke frå skattlegging i Noreg, så kan Noreg likevel ta omsyn til denne inntekta eller formuen ved utrekning av den skatten som skal betalast av resten av inntekta og formuen til personen (progresjonsatterhald).

Artiklane 24–27 inneheld nokre særlege reglar om ikkje-diskriminering (artikkel 24), framgangsmåten ved inngåing av gjensidige avtalar mellom dei kompetente styresmaktene i dei to landa (artikkel 25), utveksling av opplysningar og bistand til innkrevjing (artikkel 26) og om diplomatiske og konsulære tenestemenn (artikkel 27). I artikkel 24 er det vanlege forbodet mot diskriminering på grunnlag av statsborgarskap utelate, jf. det som er sagt om statsborgarskap i merknadene til artikkel 3. Artikkel 26 inneheld ikkje eigne føresegner, men viser til den nordiske bistandsavtalen.

Artiklane 28–29 inneheld sluttreglar om når avtalen skal tre i kraft og når han sluttar å gjelde. I samsvar med artikkel 28 trer avtalen i kraft når begge landa har gitt kvarandre melding om at nødvendige steg er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft og for skattar av formue som blir ilikna det andre året etter det året då avtalen trer i kraft.