Arbeidsinnvandring

Arbeidsinnvandrarar tilfører den norske arbeidsmarknaden viktig kompetanse og bidreg til å dekke behovet for arbeidskraft i mange sektorar i Noreg. Dei er ei samansett gruppe som fordeler seg på ulike yrkesgrupper. Mange arbeidsinnvandrarar busett seg i Noreg, medan andre kjem på korttidsopphald.

Arbeidsinnvandring frå Norden og EØS

Noreg deltek i ulike samarbeid som har betydning for utforminga av arbeidsinnvandrings- og arbeidsmarknadspolitikken. Blant anna har vi ein felles nordisk arbeidsmarknad, saman med Sverige, Danmark, Finland og Island. Alle nordiske borgarar kan reise fritt i Norden for å arbeide. Gjennom EØS-avtalen er Noreg ein del av den felles europeiske arbeidsmarknaden som sikrar fri rørsle av arbeidskraft mellom EØS-statane. EØS-borgarar kan kome til Noreg for å arbeide, utan å måtte søkje om opphaldsløyve.

Arbeids- og velferdsetaten samarbeider med andre europeiske arbeidsmarknadsmyndigheiter gjennom EURES (the European Network of Employment Services). EURES er eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingstenester som fremjar mobilitet ved å leggje til rette for at arbeidsgjevarar kan rekruttere arbeidskraft frå EØS og at arbeidssøkjarar kan finne jobb i andre EØS-statar. Ledige stillingar og nyttig informasjon om arbeidsmarknaden i EØS-området finst på EURES-portalen.

Arbeidsinnvandring frå land utanfor EØS

Norske verksemder kan òg rekruttere arbeidskraft frå land utanfor EØS (tredjeland). Arbeidsinnvandrarar frå tredjeland må søkje om opphaldsløyve etter reglane i utlendingslova. Opphaldsløyve til arbeidsinnvandrarar blir innvilga på bakgrunn av deira kompetanse og arbeidsforhold i Noreg. Dei fleste arbeidsinnvandrarar frå tredjeland er faglærte arbeidstakarar eller sesongarbeidarar. I tillegg kan det givast opphaldsløyve til sjølvstendig næringsdrivande og tenesteytarar. Søknader om opphaldsløyve blir behandla av Utlendingsdirektoratet (UDI).