Arbeidsmiljø og sikkerheit i Noreg
Artikkel | Sist oppdatert: 19.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Dei aller fleste arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold i Noreg. Trendar i norsk arbeidsliv tilseier stort sett ei positiv utvikling, men det er likevel store forskjellar i arbeidsmiljøforhold mellom ulike yrkes- og næringsgrupper.
Ansvar for arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet er organisert under Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det operative tilsynsansvaret ligg hos Arbeidstilsynet og Havindustritilsynet. Frå 1. juli 2023 er ansvaret for oppfølging av arbeidsmiljø og tryggleik i petroleumssektoren og anna industriell verksemd til havs overført til Energidepartementet. I dette medfølgjer også ansvaret for etatsstyring av Havindustritilsynet.
Dette gjer arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene:
- Utviklar regelverk
- Fører tilsyn med at verksemdene etterlev krava til forsvarleg helse, miljø og sikkerheit
- Formidlar informasjon og gir rettleiing til verksemdene
- Bidreg til å utvikle kunnskap om tydinga av helse, miljø og sikkerheit i arbeidslivet
- Samarbeider med partane i arbeidslivet
Helse, miljø og sikkerheit i arbeidslivet
Arbeidsmiljømyndigheitene nyttar HMS-omgrepet i tydinga arbeidshelse, arbeidsmiljø og sikkerheit. HMS i arbeidslivet handlar om å førebyggje og ha oversikt over kva farar som finst på arbeidsplassen, og å ha rutinar for og gjennomføre tiltak for å utbetre høveleg risikoforhold og handtere dei situasjonane som oppstår. Det er viktig at både arbeidsgjevar og arbeidstakar deltek aktivt i HMT-arbeidet. Arbeidsgjevar har eit spesielt ansvar for at verksemda har god internkontroll og ivaretek eit forsvarleg arbeidsmiljø.
Tilsyn
Myndigheitene sitt tilsyn inneber både revisjon og verifikasjon. Med revisjon meinast kontroll med at verksemdene har system og rutinar som oppfyller lovgjevinga sine krav. Med verifikasjon meinast stikkprøver for å kontrollere at verksemdene i praksis oppfyller dei krava som lovgjevinga og systema/rutinane fastset. Rettleiing er også ein viktig side ved tilsynet. Dersom det blir avdekt feil som ikkje blir følgde opp frå verksemda si side, kan tilsynsmyndigheitene gi pålegg, ileggje tvangsmulkt eller stanse verksemda. Ved grove lovbrot kan tilsynsmyndigheitene også ileggje overtredingsgebyr eller politianmelde verksemdene.
Arbeidstilsynet fører tilsyn med verksemdene på land.
Forsking om arbeidsmiljø og sikkerheit
Forsking om arbeidsmiljø og sikkerheit skal på den eine sida gi kunnskap om forhold på arbeidsplassen og i arbeidslivet som har tyding for helse, ulukker og tryggleik. På den andre sida skal forskinga også gi kunnskap om tydinga HMS har for innovasjon, kreativitet, produktivitet og deltaking i arbeidslivet.
Forsking skjer hovudsakleg gjennom forskingsprosjekt i Forskningsrådet, ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, og som enkeltprosjekt initiert av departementet, Arbeidstilsynet eller Havindustritilsynet.
Forsking på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet er nødvendig for at myndigheitene skal utvikle ein kunnskapsbasert politikk- og forvaltningsutøving og kunne følgje opp sitt ansvar og sine oppgåver på ein god måte. Forskinga inngår også som eit vesentleg kunnskapsgrunnlag for at verksemdene og partane i arbeidslivet skal kunne følgje opp sitt ansvar for å førebyggje helseskadar og ivareta arbeidstakarane.