Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova har mellom anna som formål er å sikre trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet. Vidare har lova som formål å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfull arbeidssituasjon, og som gir full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Lova skal og bidra til eit inkluderande arbeidsliv.

Ei sentral vernelov

Arbeidsmiljølova trådte i kraft 1. januar 2006. Lova er ei sentral vernelov som byggjer på arbeidsmiljølova frå 1977 og tidlegare arbeidarvernlovgiving.

Lova gjeld for dei fleste arbeidsforhold i private og offentlege verksemder. Det gjeld eigen lovgiving for sjøfart, fangst og fiske. Stillingstryggleiken til embetsmenn og ansatte i staten er regulert i statsansattelova.

Arbeidsmiljølova kan berre fråvikast til ugunst for arbeidstakaren når det står i den enkelte regelen at den kan fråvikast ved skriftleg avtale, tariffavtale eller etter dispensasjon frå Arbeidstilsynet.

Arbeidsgjevar skal sørgje for å overhalde reglane som er gitt i lova og i medhald av denne. Brot på lova kan straffast med bøter eller fengsel.

I arbeidsmiljølova er det gitt reglar om ei rekkje tema. Heile lova med dei ulike kapitla, finn du hos Lovdata: Arbeidsmiljølova (lovdata.no)