Innleie av arbeidskraft
Artikkel | Sist oppdatert: 14.01.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Hovudregelen i Noreg er at arbeidstakarar skal tilsetjast fast. Det er likevel ein viss adgang til å knyte til seg arbeidskraft på andre måtar.
Ved innleie er arbeidstakaren tilsett i utleigeverksemda, medan sjølve arbeidet blir utført under leiing av innleigeverksemda. Samanlikna med vanlege arbeidsforhold inneber innleige dermed eit trepartsforhold:
Mellom arbeidstakaren og arbeidsgjevar (Verksemd A) føreligg eit vanleg tilsetjingsforhold. Her gjeld arbeidsrettslege reglar, der arbeidsmiljølova er sentral. Mellom Verksemd A og Verksemd B føreligg eit oppdragsforhold mellom to verksemder. Slike avtalar er ikkje regulert i arbeidsrettsleg lovgiving, men blir regulert av generell kontraktsrett.
I arbeidsmiljølova blir det skilt mellom innleie frå verksemd som har til føremål å drive utleige (bemanningsføretak) og verksemd som ikkje har som føremål å drive utleige (produksjonsbedrift). Det er ulike reglar som gjeld avhengig av om innleie skjer frå eit bemanningsføretak eller ein produksjonsbedrift.
Arbeidsmiljølova sine innleigereglar gjeld berre når det er tale om innleige. Tilknyting av arbeidskraft og kjøp av tenester kan organiserast på ulike måtar, som også kan likne på kvarandre. Om ein kontrakt gjeld innleie eller ikkje, må vurderast konkret.
Rettleiar om reglane for innleie av arbeidskraft
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har laga ein rettleiar om reglene for innleie av arbeidskraft i Noreg, som gir oversikt over regelverket og rettleiing om korleis dette skal forståast. Rettleiar er meint for verksemder, arbeidstakarar, tillitsvalde, tilsynsmyndigheiter og andre som i ulike samanhengar må forhalde seg til regelverket.