Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU)

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) legg til rette for at partane i arbeidslivet og myndigheitene har ei best mogleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi.

Utvalet lagar vanlegvis to rapportar kvart år. Ein rapport blir laga før lønnsoppgjera. Denne rapporten kjem i to utgåver – ei førebels utgåve i slutten av februar og ei endeleg utgåve i slutten av mars/ byrjinga av april. Rapporten gir oversikt over lønns- og inntektsutviklinga, prisutviklinga (inkludert ein prisprognose for inneverande år) og utviklinga i konkurranseevna. Han gir òg ei oversikt over utviklinga i internasjonal økonomi og norsk økonomi. Dessutan er det fleire vedlegg, mellom anna om lønnsoppgjera året før, definisjonar av ein del lønnsbegrep og institusjonelle trekk ved lønnsdanninga i Noreg. Den andre rapporten kjem i juni og er ei oppsummering av lønnsoppgjera i inneverande år.

SSB-direktør Geir Axelsen, som leder det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjøret (TBU)
Administrerande direktør Geir Axelsen i Statistisk sentralbyrå leiar det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU). Foto: Håkon Mosvold Larsen/ NTB

Kva mandat har utvalget?

  • Utvalet skal i samband med inntektsoppgjera legge fram det best moglege talmaterialet og presentere det i ei slik form at ein kan unngå usemje mellom partane rundt dei økonomiske omstenda.
  • Utvalet skal legge fram oppsummeringsrapportar etter inntektsoppgjera.
  • Utvalet skal, når departementet ber om det, presentere  talmaterialet for spesielle inntekts­politiske spørsmål.
  • Utgreiingane frå utvalet blir overleverte til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.  

Historikk

TBU blei satt ned for fyrste gong i 1967. Utvalet er sidan 1969 gjenoppnevnt for fireårsperiodar, seinast i september 2023. Det noverande utvalet har ei varigheit inntil 30. september 2027.

Berekningsutvalet har sidan 1967 vore eit sentralt ledd i det inntektspolitiske samarbeidet. Rapportane frå utvalet legg ein stor del av talgrunnlaget for lønnsoppgjera. 

Kven sit i utvalet?

Administrerande direktør Geir Axelsen i Statistisk sentralbyrå leiar utvalet. Desse organisasjonane/etatane og departementa er representerte i utvalet:

Administrerande direktør Geir Axelsen i Statistisk sentralbyrå leiar utvalet. Desse organisasjonane/etatane og departementa er representerte i utvalet:

  • Akademikerne
  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Finansdepartementet
  • Hovedorganisasjonen Virke 
  • Kommunal- og distriktsdepartementet 
  • KS
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Næringslivets Hovedorganisasjon