Kraftforsyninga
Artikkel | Sist oppdatert: 29.12.2023 | Energidepartementet
Energidepartementet har det overordna ansvaret for kraftforsyninga i Noreg.
Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som er beredskapsmyndigheit etter energilova kapittel 9. Les meir om dette her. NVE leiar Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO), som består av NVE og større kraftprodusentar, nettselskap og fjernvarmeselskap som har klassifiserte anlegg etter kraftberedskapsforskrifta.
Statnett er tildelt konsesjon for å vere systemansvarleg i det norske kraftsystemet. Les meir om dette her. Som systemansvarleg har Statnett ansvaret for drift og utvikling av det sentrale overføringsnettet for kraft, i tillegg til ansvar for at det til ei kvar tid er balanse mellom produksjon og forbruk av kraft. Statnett skal vareta forsyningstryggleiken, ha nødvendig beredskap for ulike feilsituasjonar, og dessutan sørgje for rett dimensjonerte og vedlikehaldne anlegg. Om det i korte periodar oppstår problem med å balansere forbruk og tilgjengeleg kapasitet (mangel på effekt) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å setje i verk nødvendige tiltak. Dette gjeld også i situasjonar der det kan bli mangel på energi. I svært anstrengde kraftsituasjonar har Statnett ansvar for å ta i bruk ulike verkemiddel for å sikre kraftbalansen for å unngå rasjonering, etter godkjenning av NVE.
Energidepartementet kan gjere vedtak om å setje i verk rasjonering dersom det på grunn av ekstraordinære forhold er mangel på elektrisk energi (langvarig energimangel) og det ut frå allmenne omsyn er påkravd for å sikre at energien blir best mogleg utnytta. NVE er rasjoneringsmyndigheit i Noreg og har ansvaret for planlegging og administrativ gjennomføring av tiltak. Rasjonering kan vere tvangsmessig utkopling av forbruk og rekvirering av produksjon. Ved rasjonering skal tilgjengeleg energi prioriterast til liv og helse og vitale samfunnsinteresser, og dessutan til næringsliv og økonomiske interesser som er ramma. Nettselskapa er pålagde å ha rasjoneringsplanar slik at dei har oversikt over verksemder som skal prioriterast.
NVE har det operative ansvaret for å førebyggje skade som følgje av brot på dammar og andre vassdragsanlegg. Les meir om dette her. NVE har ansvar for å føre tilsyn med dammar, for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv dammane slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir vareteken. NVE har også ansvar for å føre tilsyn med at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere unormale hendingar.