Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM)
Artikkel | Sist oppdatert: 29.12.2023 | Energidepartementet
Teknologisenteret på Mongstad (TCM – Technology Centre Mongstad) er verdas største og mest fleksible testsenter for CCS-teknologi. Senteret består av eit anlegg for fullskala testing av aminteknologi, og dessutan infrastruktur for småskala testing av ulike andre fangstteknologiar. TCM har tilgang på røykgass av ulik konsentrasjon og samansetning.
Gassnova er på vegne av den norske stat eigar i selskapet, med ein eigardel på 34 prosent. Resten av eigarane er:
Equinor – 22 prosent
TotalEnergies – 22 prosent
Shell – 22 prosent
Teknologisenteret er bygd med tanke på langsiktig drift og har tre ulike område for testing av både relativt moden og ny fangstteknologi. Fleksibel tilgang til to ulike røykgasskjelder gjer det mogleg å etterlikne utsleppsgassar frå ulike bransjar som sementproduksjon, avfallshandtering, oljeraffinering og kraftproduksjon.
TCM samarbeider med fleire norske og internasjonale universitet og forskingsinstitusjonar og utfører testar for kommersielle aktørar frå heile verda. Sidan oppstart i 2012 har Aker Solutions (Noreg), Alstom SA (Frankrike), Cansolv Technologies Inc. (Canada), Carbon Clean Solutions (Storbritannia/India), ION Engineering (USA), Fluor Corporation (USA) og Mitsubishi Heavy Industries Engineering (Japan) testa teknologiane sine på TCM.
Du kan lese meir om anlegget på TCM sine nettsider.