Straumforsyning og straumnettet
Artikkel | Sist oppdatert: 29.12.2023 | Energidepartementet
Sikker og påliteleg straumforsyning er avgjerande i eit moderne samfunn, og Noreg har eit omfattande straumnett som transporterer kraft frå produsentar til forbrukarar.
Næringsliv, offentleg tenesteyting og hushald i Noreg tar for gitt at dei har sikker tilgang på straum i det daglege. Så å seie alle viktige samfunnsfunksjonar er avhengige av eit velfungerande kraftsystem med påliteleg straumforsyning. Eit robust og godt utbygd straumnett er derfor avgjerande i eit moderne samfunn.
I Noreg er det bygd ut eit omfattande straumnett. Straumnettet transporterer elektrisk kraft frå produsentar til forbrukarar slik at alle får straum når dei treng det. Straum er ei ferskvare som må brukast i den augneblinken han blir produsert, og det må derfor til ei kvar tid vere balanse mellom produksjon og forbruk. Dette stiller store krav til straumnettet.
Det norske straumnettet blir delt inn i tre nivå: transmisjonsnettet, regionalnettet og distribusjonsnettet. Transmisjonsnettet vart tidlegare kalla sentralnettet, og utgjer dei landsdekkjande hovudvegane i kraftsystemet. Distribusjonsnettet er det lokale kraftnettet som fører straumen til dit folk bur og jobbar. Regionalnettet er ofte bindeleddet mellom sentralnettet og distribusjonsnettet, men kan også omfatte produksjons- og forbruksradialar på høgare spenningsnivå. Transmisjonsnettet inkluderer også nettet til andre land, som gjer det mogleg å eksportere og importere straum når det er overskot eller underskot i norsk produksjon.
Statnett er systemansvarleg i norsk kraftforsyning, og det er deira oppgåve å sørgje for at produksjon og forbruk av straum til ei kvar tid er i balanse. Langsiktig og strategisk planlegging er nødvendig for å vurdere vidare utbygging og oppgraderingar av sentralnettet.
Å byggje og investere i straumnett er kostbart, men det kostar relativt lite å drive straumnettet. Det vil ikkje vere lønnsamt å byggje parallelle straumnett og konkurrere om nettenester. Det finst dermed berre ein netteigar i kvart område, og kvar netteigar har monopol i sitt område.
Sidan det berre finst ein netteigar i kvart område, er straumkundane bundne til det lokale nettselskapet sitt. For å hindre at nettselskapa utnyttar denne posisjonen, har styresmaktene etablert ei omfattande regulering av nettselskapa. Målet er å sikre at brukarane ikkje betaler for mykje for nettet, samtidig som det blir investert tilstrekkeleg i nettet til å sikre kapasitet og kvalitet. Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som regulerer og fører tilsyn med nettverksemda i Noreg. Mellom anna set Reguleringsmyndigheita for energi (RME) i NVE ei øvre grense for kor mykje inntekter kvart enkelt nettselskap kan ha i løpet av eit år.
Sjølv om du som straumkunde ikkje kan velje nettleverandør, så kan du velja straumleverandør. Les meir om dette under Kraftmarknaden og straumpris.