Rett til barnehageplass

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass.

Dersom barnet fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass fra august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. Retten til barnehageplass følgjer av barnehageloven § 16.

Opptak i barnehage – kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å oppfylle retten til barnehageplass. Når kommunen legg til rette for barnehageplassar, må ein ta omsyn til tilflytting, brukarane sine ønske og behovet for plassar for barn over og under tre år. 

Alle godkjende barnehagar i kommunen skal samarbeide om opptak av barn. Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess, der ein tek omsyn til mangfaldet og eigenarten til barnehagane. Brukarane sine ønske og behov skal leggjast vekt på i opptaket. Ved ein samordna opptaksprosess skal ein sikre lik handsaming av barn og av kommunale og private barnehagar.

Barnehagen sitt formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform skal respekterast. Felles myndigheit for opptak og felles opptakskriterium kan vere høveleg og kan avtalast.  Men plikta til å samarbeide om opptak, innskrenkar ikkje barnehagen sin rett til å definere opptakskretsen i vedtektene, og til sjølv å gjere opptak av det einskilde barn i tråd med forskrift om saksbehandlingsregler.