Ansvarsfordelinga i barnevernet

Barne- og familiedepartementet har forvaltingsansvaret for barnevernslova, men er ikkje klageinstans i einskildsaker. Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Barnevernstenesta skal mellom anna gi råd og rettleiing, gjere undersøkingar, gjere vedtak etter lova eller førebu saker for handsaming i fylkesnemnda, og setje i verk og følgje opp saker.

Kommunen

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det arbeidet som til kvar tid må gjerast etter lova. Kommunen har ansvaret for alt som barnevernslova ikkje har lagt til eit statleg organ.  

Barnevernstenesta skal mellom anna gi råd og rettleiing, gjennomgå meldingar og gjere undersøkingar, gjere vedtak om frivillige tiltak, treffe akuttvedtak  eller førebu saker for handsaming i fylkesnemnda, og setje i verk og følgje opp saker.

Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal yte hjelp til barnevernstenesta i kommunane med plassering av barn utanfor heimen, rekruttere og formidle fosterheimar og sjå til at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell rettleiing.

Etaten har òg ansvar for å etablere og drive institusjonar og for å godkjenne private og kommunale institusjonar som blir nytta etter barnevernslova. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er etatsstyrar for Bufetat. Bufdir har òg oppgåver som fagdirektorat for heile barnevernet.

Formålet er å styrke utviklinga av eit kunnskapsbasert barnevern, formidle kunnskap om forsking og utvikle faglege anbefalingar. 

Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn har det overordna faglege ansvaret for tilsynet som Statsforvalteren praktiserer på barnevernsområdet.

Statsforvalteren

Statsforvalteren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kvar einskild kommune. Det inneber at Statsforvalteren ser til at kommunane utfører oppgåvene etter barnevernslova og syter for at kommunane får råd og rettleiing.

Statsforvalteren er klageinstans for einskildvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. 

Statsforvalteren fører òg tilsyn med barnevernsinstitusjonane og med andre statlege tenester og tiltak. 

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda er eit uavhengig og upartisk avgjerdsorgan som mellom anna handsamar saker om tvang etter barnevernslova og enkelte saker etter helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova.

Det er ti nemnder i landet. I nemnda er det i kvar sak ein leiar som er jurist, eit fagkunnig medlem og eit alminneleg medlem. Avgjerder tekne av barneverns- og helsenemnda kan leggjast fram for tingretten.

Ansvarsfordelinga mellom kommunale og statlege barnevernsmakter

Når det gjeld oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunale og statlege barnevernsmyndigheiter, under dette om betalingsordningar i barnevernet, blir det vist til rundskriv Q-06/2007. Rundskrivet er berre gitt ut i elektronisk form.