Forskingsprisar

Forskingsprisane vert delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapeleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.

Dei årlege internasjonale forskingsprisane Abelprisen og Holbergprisen vart etablerte etter initiativ frå regjeringa i 2002 og 2003. Kavliprisen vart etablert i 2005 og er eit samarbeid mellom Kavli Foundation, Det Norske Videnskaps-Akademi og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisane vert delte ut annakvart år, første gongen i 2008.

Prisane går til framifrå forskarar innanfor fagområda som prisane dekkjer, og er høgt anerkjende i fagmiljøa. Merksemda om forskinga til vinnarane bidreg òg til at fleire ser verdien av forskinga innanfor desse fagområda.

Luis Caffarelli mottar Abelprisen av H.M. Kong Harald i Universitetets Aula.
Luis Caffarelli mottar Abelprisen av H.M. Kong Harald i Universitetets Aula. Foto: Foto: Alf Simensen - NTB/Abelprisen