Bioteknologi - ein introduksjon

Bioteknologi er definert som "all teknologi som bruker mikroorganismar, plante-, dyre- og humane celler". Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for den delen av bioteknologien som dreier seg om humane celler og også for delar av genteknologilova.

Bioteknologi er definert som "all teknologi som nyttar mikroorganismar, plante-, dyre- og humane celler".

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for den delen av bioteknologien som dreier seg om humane celler. Nærare regulering av dette finst i bioteknologilova (lovdata.no) og biobanklova (lovdata.no).

Bare menneske

Bioteknologilova regulerer utelukkande den human-medisinske bruken av bioteknologi, altså det som dreier seg om humane celler.

Lova har mellom anna føresegner om:

  • assistert befruktning
  • forsking på befrukta egg
  • forbod mot kloning
  • fosterdiagnostikk
  • genetiske undersøkingar av befrukta egg
  • genetiske undersøkingar av fødde
  • genterapi

Plass til alle 

Bioteknologilova sin formålsparagraf seier at medisinsk bruk av bioteknologi skal utnyttast til det beste for menneske i eit samfunn der det er plass til alle.

Dette skal skje i samsvar med prinsipp om respekt for menneskeverd, menneskelege rettar og personleg integritet og utan diskriminering på grunnlag av arveanlegg, basert på dei etiske normene nedfelte i vår vestlege kulturarv.

Helsedirektoratet skal godkjenne bioteknologisk verksemd. Helse- og omsorgsdepartementet har også ansvar for dei føresegnene i genteknologilova (lovdata.no) som gjeld kloning og for genmodifiserte organismar i laboratorium og anlegg.

Bioteknologinemnda

Bioteknologirådet (bioteknologiradet.no) er eit frittståande, rådgivande organ oppnemnd av regjeringa og ei høyringsinstans for norske styresmakter i samband med saker som vedkjem moderne bioteknologi.

Nemnda skal bidra med informasjon til publikum og forvaltninga, og fremje debatt kring dei etiske og samfunnsmessige konsekvensane ved bruk av moderne bioteknologi.