Jobbsjansen
Artikkel | Sist oppdatert: 20.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Hovudmålet med tilskotsordninga er å auke sysselsetjinga blant heimeverande innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden og som har behov for grunnleggjande kvalifisering.
Jobbsjansen skal gjennom individuelt tilpassa program gi styrkte kvalifikasjonar for varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvhjelp. Programmet skal ha eit særskilt fokus på tidleg utplassering av deltakar på ordinær arbeidsplass.
For dei som treng det, skal det leggjast til rette for auka grunnleggjande og formell kompetanse dersom det er nødvendig for å få deltakaren over i jobb eller ordinær utdanning.