Innsats mot fattigdom
Artikkel | Sist oppdatert: 12.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hovudansvaret for å koordinere regjeringa sitt arbeid mot fattigdom og for å betre levekåra til dei som har det vanskeleg økonomisk og sosialt.
Dei fleste i Noreg har høg levestandard. Likevel vil nokre i løpet av livet oppleve økonomiske problem og andre levekårsutfordringar. Det kan ha ulike årsaker, som at ein har blitt arbeidsledig, har blitt sjuk, har låg løn eller låg utdanning, endring i familiesituasjonen eller andre sosiale forhold.
Korleis kan ein få hjelp?
Det er mange offentlege velferdsordningar som kan hjelpe dei med låg inntekt og andre levekårsutfordringar:
Trygdesystemet
Det norske trygdesystemet gir økonomisk støtte til personar som opplever ulike former for inntektsbortfall eller ekstrautgifter på grunn av sjukdom, arbeidsløyse, alderdom, uførleik, eller andre sosiale forhold. Trygdesystemet er ein viktig del av velferdsstaten og sikrar at alle innbyggjarar har ein viss økonomisk tryggleik i ulike livssituasjonar.
Sosialhjelp
Kommunane tilbyr økonomisk sosialhjelp til personar som ikkje kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid eller andre inntektskjelder. Dette skal sikre at alle har midlar til å dekkje grunnleggjande behov.
Bustøtte
Husbanken gir økonomisk støtte til personar med låg inntekt for å hjelpe dei med å betale husleige eller bustadlån. Dette bidreg til å sikre at fleire har råd til ein trygg og stabil bustad.
Barnetrygd og kontantstøtte
Familiar med barn får barnetrygd, som er ei månadleg utbetaling for å dekkje kostnadene ved å ha barn. Kontantstøtte blir gitt til foreldre som vel å vere heime med små barn i staden for å sende dei i barnehage. Man kan få kontantstøtte frem til barnet er 19 månader
Utdanning og opplæring
Styresmaktene tilbyr gratis grunnskule og vidaregåande opplæring, samt støtte til høgare utdanning gjennom Lånekassen. Dette skal sikre at alle har moglegheit til å få ei utdanning og betre jobbmoglegheitene deira.
Arbeidsmarknadstiltak
Nav (Arbeids- og velferdsetaten) tilbyr ulike tiltak for å hjelpe arbeidsledige med å finne jobb, inkludert jobbsøkarkurs, arbeidspraksis og støtte til vidareutdanning.
Helse- og omsorgstenester
Noreg har eit omfattande helsevesen som gir gratis eller subsidierte helsetenester til alle innbyggjarar. Dette inkluderer behandling for fysiske og psykiske helseproblem, som kan vere ein viktig faktor for å kome seg ut av fattigdom.
Tiltak mot barnefattigdom
Styresmaktene har eigne tiltak for barn i låginntektsfamiliar, inkludert støtte til fritidsaktivitetar, gratis skulemat og tiltak for å sikre at alle barn har tilgang til nødvendig skuleutstyr.
Samarbeid med frivillige organisasjonar
I tillegg har styresmaktene dialog med frivillige organisasjonar som representerar vanskelegstilte og fleire tilskotsordningar som frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar kan søkje på. Desse ordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet og omfattar:
- Tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom
- Tilskot til sosialt entreprenørskap
- Tilskot til aktivisering og arbeidstrening
- Tilskot til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar