Sosiale tenester
Artikkel | Sist oppdatert: 19.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre sikkerheitsnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Økonomisk sosialhjelp
Økonomisk sosialhjelp er ei stønad frå Nav-kontoret til personar som ikkje kan forsørgje seg sjølv.
Om du ikkje kan forsørgje deg sjølv gjennom arbeid eller andre inntektskjelder (til dømes trygderettar), kan du ha rett til økonomisk sosialhjelp. Først må du bruke alle moglegheiter du har til å forsørgje deg sjølv. Om dette ikkje er nok, kan du ha rett på økonomisk sosialhjelp.
Kva bestemmer storleiken på sosialhjelpa?
Økonomisk sosialhjelp er ei skjønnsmessig yting. Nav-kontoret vurderer om du skal få støtte og kor mykje du skal få, basert på dine faktiske behov. Sosialtenestelova gir ingen konkrete beløp for støtta.
Klagemoglegheiter
Om du får avslag eller innvilgning på økonomisk sosialhjelp, kan du klage til Statsforvaltaren i fylket.
Kvalifiseringsprogrammet
Kvalifiseringsprogrammet har som mål å hjelpe personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne til å kome i arbeid eller aktivitet.
Programmet er retta mot personar som har vore utanfor arbeidslivet i lengre tid og som har behov for ekstra oppfølging og støtte for å kome tilbake i jobb.
Arbeidsretta program
Kvalifiseringsprogrammet er eit fulltidsprogram som er individuelt tilpassa og retta mot arbeid. Det skal hjelpe deltakarane med å førebu seg på å kome i jobb. Programmet kan inkludere:
- Statlege arbeidsmarknadstiltak
- Kommunale arbeidstrenings- og sysselsettingstiltak
- Motivasjons- og meistringstrening
- Helsehjelp, opptrening og eigenaktivitet
Dei som oppfyller kriteria har rett til å delta i programmet. Programmet varer vanlegvis i opptil eitt år, men kan forlengast til to år etter ei spesiell vurdering.
Rett til stønad
Deltakarane i kvalifiseringsprogrammet har rett til kvalifiseringsstønad. Dette er ei standardisert yting som tilsvara 2,041 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 av dette beløpet. I tillegg kan det gis barnetillegg. Stønaden blir skatta som arbeidsinntekt. Kvalifiseringsstønaden gir føreseielegheit og hjelper deltakarane med å planleggje økonomien sin over tid.
Relevant regelverk
- Lov om sosiale teneste i arbeids- og velferdsforvaltninga (Lovdata)
- Les meir om kvalifiseringsprogrammet på Nav sine nettsider
Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
Informasjon, råd og rettleiing er ei teneste frå Nav-kontoret for å løyse eller førebyggje sosiale problem.
Alle Nav-kontor skal tilby råd og rettleiing til personar med økonomiske problem, uavhengig av om dei har rett til økonomisk sosialhjelp. Mange kommunar har òg eigne gjeldsrådgjevarar.
Mellombels butilbod
Nav-kontoret har ansvar for å finne eit mellombels botilbod til personar som har eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe et mellombels botilbod sjølv.
Dette ansvaret gir ikkje rett til å krevje bustad frå Nav-kontoret eller kommunen.
Vedtak om mellombels butilbod kan klagast til Statsforvaltaren i fylket.