Kvalifiseringsprogrammet
Artikkel | Sist oppdatert: 12.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kvalifiseringsprogrammet er ei av fem kommunale sosiale tenester som forvaltes av Nav-kontoret. Kvalifiseringsprogrammet har som mål å hjelpe personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne til å kome i arbeid eller aktivitet.
Programmet er retta mot personar som har vore utanfor arbeidslivet i lengre tid og som har behov for ekstra oppfølging og støtte for å kome tilbake i jobb.
Arbeidsretta program
Kvalifiseringsprogrammet er eit fulltidsprogram som er individuelt tilpassa og retta mot arbeid. Det skal hjelpe deltakarane med å førebu seg på å kome i jobb. Programmet kan inkludere:
- Statlege arbeidsmarknadstiltak
- Kommunale arbeidstrenings- og sysselsettingstiltak
- Motivasjons- og meistringstrening
- Helsehjelp, opptrening og eigenaktivitet
Dei som oppfyller kriteria har rett til å delta i programmet. Programmet varer vanlegvis i opptil eitt år, men kan forlengast til to år etter ei spesiell vurdering.
Rett til stønad
Deltakarane i kvalifiseringsprogrammet har rett til kvalifiseringsstønad. Dette er ei standardisert yting som tilsvara 2,041 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 av dette beløpet. I tillegg kan det gis barnetillegg. Stønaden blir skatta som arbeidsinntekt. Kvalifiseringsstønaden gir føreseielegheit og hjelper deltakarane med å planleggje økonomien sin over tid.