– Viktig å styrkje samarbeidet med India

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– India er ein viktig partnar for Noreg. Eg tok spesielt opp samarbeidet for klima og det grøne skiftet då eg besøkte India denne veka, seier utviklingsminister Anne Beate Tvinnereim.

Bilde av utviklingsministeren stående utenfor en traktor på et jorde
Investeringsfondet Norfund samarbeider med eit indisk selskap som samlar inn halm og bruker ho for å lage rein energi og straum. Bøndene får betalt for råvara som tidlegare utgjorde eit problem. Foto: Ragnhild H. Simenstad/UD

Tvinnereim besøkte India 14.–17. november. Ho hadde politiske samtalar i New Delhi, og besøkte fleire prosjekt som får støtte frå Noreg. Ho besøkte òg delstaten Punjab.

– India speler ei viktig rolle for å oppnå dei internasjonale klimamåla og ei berekraftig utvikling. Mange land kan òg lære mykje av arbeidet India har gjort for digitalisering, mellom anna for at alle innbyggjarar skal få bank-ID, seier Tvinnereim.

Kunnskap reddar liv

Bilde av utviklingsministeren ved siden av en kuvøse
Tvinnereim besøkte nyføddintensivavdelinga ved Lady Hardinge-sjukehuset i Delhi. Utveksling av sjukepleiarar mellom India og Noreg har bidrege til å redde liv. Foto: Ragnhild H. Simenstad/UD

Dei siste tre åra har barnedødelegheita blitt halvert ved sjukehusa som er involverte i prosjekta i India, takka vere utveksling av kunnskap, ein velfungerande bank for morsmjølk, og godt samarbeid. Utviklingsministeren besøkte Lady Hardinge-sjukehuset i New Delhi. Gjennom Norecs utvekslingsavtalar har dei hatt eit mangeårig samarbeid med Universitetssjukehuset i Oslo. Det har ført til at barn som blir fødde for tidleg har betre sjansar for å overleve.

– Eg er stolt over å sjå kva samarbeidet har ført til. Dette er eit godt døme på eit velfungerande prosjekt Noreg er glade for å støtte. Det var sterkt å møte mødrene og sjukepleiarar som fortalde om korleis kunnskap dei no har bidreg til å redde liv i India, seier Tvinnereim.

Tvinnereim møtte representantar frå FN for ei oppdatering om deira arbeid og for å diskutere seksuell og reproduktiv helse og rettar i helsesamarbeidet med India. Ho var òg til stades under signeringa av ein ny avtale med WFP India og den norske ambassaden i India om arbeid med klimatilpassa landbruk og kvinner og ungdom i landbruket i delstaten Assam.

Viktige klimainvesteringar

Bilde av signering av kontrakt. To sitter ved bord og overleverer papirer, mens tre står bak og ser på
Utviklingsministeren var til stades då det norske Klimainvesteringsfondet signerte ein ny avtale med det indiske selskapet Renew, som bidreg til meir miljøvennleg sol- og vindkraft til det indiske straumnettet. Foto: Ragnhild H. Simenstad/UD

Det er viktig for Noreg å styrkje samarbeidet med India og vise fram norske investeringar, både frå offentlege fond og private selskap.

– India har mykje å seie for å oppnå dei globale berekrafts- og klimamåla. Landet er den femte største økonomien i verda. Dei har ei avgjerande rolle for å løyse dei globale utfordringane rundt klima, miljø og ressursar, seier Tvinnereim.

Ho var til stades då det norske Klimainvesteringsfondet signerte ein ny avtale med det indiske selskapet Renew, som bidreg til meir miljøvennleg sol- og vindkraft til det indiske straumnettet.

Smartare og grønare landbruk

Bilde av utviklingsministeren som sitter innie i en blå traktor, sett forfra
Tvinnereim fekk prøvekøyre traktor på den indiske landsbygda i Punjab. Foto: Ragnhild H. Simenstad/UD

Kvart år brenn indiske bønder halmen som er igjen på åkrane etter innhaustinga. Brannane bidreg til ekstrem luftforureining i heile Nord-India, også i hovudstaden New Delhi.

Investeringsfondet til staten for næringsverksemd i utviklingsland (Norfund) bidreg til å skape jobbar og forbetre levekår ved å investere i verksemder som fremjar berekraftig utvikling. Eit av prosjekta er det indiske selskapet SAEL i Ferozepur.

– Det var spennande å sjå korleis dei samlar inn halmen og bruker han for å lage rein energi og straum. Bøndene får betalt for råvara som tidlegare utgjorde eit problem, seier Tvinnereim.

Fakta

  • Regjeringas India-strategi fram mot 2030 legg vekt på samarbeid om hav, klima og miljø, forsking, utdanning og global helse og digitale fellesgode.  
  • Hav, klima og miljø: Noreg og India jobbar saman for å takle klimaendringar og verne miljøet, spesielt i havet. 
  • Forsking, utdanning og global helse: Samarbeidet fokuserer på å styrkje forsking, utdanning og helse i begge land. 
  • Digitale tenester: Dette inkluderer offentlege digitale løysingar, som er viktige for berekraftig utvikling. 
  • Les heile handlingsplanen for India-strategien 2023–2025.