100 millionar ekstra til barn og unge i idretten

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil at fleire barn og unge skal kunne delta i idretten og set av 100 millionar kroner ekstra til arbeidet.

– No er det fleire familiar enn før som slit med å betale kontingent og utstyr. Over heile landet tilbyr idretten verdifulle fellesskap. Vi vil at flest mogleg skal få moglegheita til å oppleve både meistring, helse og tilhøyregheit. Derfor bidreg vi no ekstra på denne måten, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Nesten alle barn og unge er innom idretten i oppveksten, men 1 av 3 barn frå låginntektsfamiliar deltek ikkje i faste fritidsaktivitetar. Regjeringa ønsker å hindre at forskjellane aukar.

– Dette er det viktigaste vi jobbar med. Vi vil at barn skal ha like vilkår – uavhengig av foreldra sin økonomi. Mange gjer allereie mykje godt arbeid, men vi ønsker å gi idrettslaga ekstra hjelp til å gjere det dei kan for å inkludere enda fleire, seier Jaffery.

No foreslår regjeringa at 100 millionar kroner blir fordelt via Norges idrettsforbund til lag og foreiningar i dei områda som har ein stor andel barn i familiar med vedvarande låginntekt. 

Regjeringa jobbar også med ein handlingsplan for å få kostnadane ned og deltakinga opp i både idrett, friluftsliv og kultur. Planen skal vere klar før sommaren 2024.

Samtidig satsar regjeringa på breie og enkle støtteordningar som full momskompensasjon for frivilligheita. Også ved tildelinga av spelemidla i mai vart det satt av 125 millionar kroner ekstra til deltaking for barn og unge.

Fordeling av midlane:

 

90 mill. kroner

10 mill. kroner

Samlet fordeling

Viken

25 009 507

1 086 793

26 096 300

Oslo

22 978 611

0

22 978 611

Vestfold og Telemark

9 939 224

448 115

10 387 339

Vestland

7 177 838

1 128 948

8 306 786

Agder

6 711 138

812 496

7 523 634

Rogaland

6 065 345

393 255

6 458 600

Innlandet

4 642 305

1 652 711

6 295 016

Trøndelag

4 076 795

1 148 005

5 224 800

Møre og Romsdal

1 454 799

1 145 118

2 599 917

Nordland

861 940

1 252 526

2 114 466

Troms og Finnmark

1 082 498

932 033

2 014 531

 

90 000 000

10 000 000

100 000 000