100 millionar kroner til bygging og vedlikehald av forskingsfartøy
Pressemelding | Dato: 06.10.2016 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa vil bruke 75 millionar kroner på å byggje eit nytt kystgåande forskingsfartøy, og 25 millionar kroner på vedlikehald av eksisterande forskingsfartøy.
– Bygginga av eit nytt kystgåande forskingsfartøy og oppussinga av eksisterande forskingsfartøy gir fleire ordrar å konkurrere om i verftsindustrien no. Meir og betre marin forsking vil også gi Noreg fleire bein å stå på i åra som kjem, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Med eit nytt kystgåande forskingsfartøy styrkjer Havforskingsinstituttet sin fartøypark.
– Fartøyet skal bidra til å dekkje dei auka behova i kystsona for forsking og forvalting av marine ressursar. Fartøyet vil bli designa og utrusta for bruk til ulike formål, og vil kunne brukast av fleire ulike bedrifter innan forsking og forvaltning, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Følgjer opp satsingar frå 2016
Satsinga på forskingsfartøy følgjer opp budsjettet for 2016, der vart det også løyvd 100 millionar kroner til vedlikehald og opprusting av forskingsfartøy. Alle desse prosjekta blir no gjennomførde ved verft på Vestlandet.
– Vi treng meir marine data. Om vi skal nå ambisjonen om vekst i dei blå næringane må vi også styrkje forskingsinfrastrukturen. Investering i infrastruktur er også bra for verftsindustrien som no har fått fleire prosjekter å jobbe med. Eg håpar norske verft vinn desse nye utlysningane også, seier fiskeriminister Per Sandberg.