Statsbudsjettet 2025
100 millionar kroner til kyst, hamn og farleier
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til tiltak innan kyst, hamn og farleier med 100 millionar kroner i 2025.
- Denne satsinga er heilt sentral for å følgje opp prioriteringane i Nasjonal transportplan om å ruste opp hamner og farleier, og sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Regjeringa vil i 2025 styrke løyvinga til Kystverket med 100 millionar kroner. Midlane skal mellom anna brukast til vedlikehald og fornying av navigasjonsinnretningar, og til planlegging og gjennomføring av mindre tiltak i farvatnet.
Dette er positivt for klima og miljø, og noko som kjem fleire kystsamfunn til gode, seier Næss.
Midlane skal og brukast til å styrke Kystverket sitt arbeid med digitalisering, mellom anna BarentsWatch, som gjer offentlege data om maritim aktivitet tilgjengeleg.
Fiskerihamner
- I Statsbudsjettet for 2024 ga regjeringa eit stort løft til fiskerihamnene. I dette forslaget til statsbudsjett følgjer vi opp med å sikre tilstrekkelege rammer, slik at prosjekt som er planlagde kan gjennomførast, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Regjeringa går også inn for bygging av ytre molo i Vardø hamn i Finnmark. Det skal etter planen gjennomførast ein tilbodskonkurranse i 2025.
Utbetringar i farvatnet og fiskerihamnetiltak i 2025
- Bognes–Tjeldsundet–Harstad i kommunane Narvik, Lødingen, Tjeldsund og Harstad i Nordland og Troms – planlagt ferdigstilt i 2026
- Stamsund- Risøyrenna med gjennomsegling Raftsundet i kommunane Vågan og Hadsel, Nordland – planlagt ferdigstilt i 2025
- innsegling Mo i Rana i Rana kommune, Nordland – planlagt ferdigstilt i 2025
- innsegling Florø i Kinn kommune, Vestland – planlagt ferdigstilt i 2025
- Mehamn fiskerihamn i Gamvik kommune, Finnmark – planlagt ferdigstilt i 2025
- Husøy fiskerihamn i Senja kommune, Troms – planlagt ferdigstilt i 2026
- Kjøllefjord fiskerihamn i Lebesby kommune, Finnmark – planlagt ferdigstilt i 2026