102 millionar kroner til doktorgrader i næringslivet

Forskingsrådet gir støtte til 49 doktorgrader i norske bedrifter. Målet er å auke konkurransekrafta, kompetansen og kapasiteten i næringslivet. Svært mange av prosjekta handlar om utvikling av kunstig intelligens. Andre handlar om kartlegging av sårbar natur i arktiske område og rehabiliteringstiltak i spesialisthelsetenesta.

Sjå liste over kven som får pengar nedst i saka.

– Noreg treng eit næringsliv som forskar meir. Derfor bruker vi pengar på at fleire kan ta doktorgrad i bedrifta dei er tilsette i. Det gir bedriftene eit konkurransefortrinn og bidreg til nye løysingar og nye arbeidsplassar. No set vi KI-milliarden ut i livet, og finansierer ei rekke doktorgradsløp som skal utvikle konkrete løysingar for bruk av kunstig intelligens i næringslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Han får støtte frå næringsminister Cecilie Myrseth (Ap), som legg til:

– Denne ordninga er svært viktig for å stimulere til meir forsking og utvikling i næringslivet, og den legg til rette for auka samarbeid mellom bedrifter og forskingsmiljø. Dette er vesentleg for å styrke kompetansen og omstillingsevna i næringslivet.

Banebrytande forsking

DNB Bank ASA får støtte til eit prosjekt der dei skal bruke kunstig intelligens til å utvikle maskinar som kan gi betre og meir treffsikker rådgiving til privatkundar. Her skal ein utvikle og trene maskinar med utgangspunkt i at vi lever i ein tillitskultur, og med eit ønske om å styrkje kulturen i utviklinga av maskinane. Maskinane skal kunne sjå, lytte og snakke og skal styrkje tilliten til banken og samfunnet ved å kunne gi betre råd enn menneske kan gjere.

Sallir Natur AS får støtte til eit prosjekt om naturvariasjonar i arktiske område, med søkelys på vegetasjon i høgfjellet. Prosjektet skal gi kunnskap som vil forbetre moglegheitene til å kartlegge og bevare sårbare naturtypar i nordområda. Ved å utvikle meir presise kartleggingsmetodar og bidra til betre klassifisering av naturtypane, kan forskinga hjelpe til med å planlegge berekraftig forvaltning og utvikling i desse områda. Resultata kan vere nyttige for både styresmakter og næringslivet, særleg innanfor naturforvaltning, miljøvern og klimaforsking.

Eigedomsverdi AS utviklar kunnskap om bustadmarknaden og får støtte til eit prosjekt om maskinlæring for å forbetre bustadprisprediksjonar og bustadprisindeksar. Prosjektet har som mål å vidareutvikle den automatiske verdivurderingsmodellen til selskapet. Med dette prosjektet tek dei sikte på å forbetre dagens modellar for bustadprisestimering, noko som kan gi større innsikt i marknadstrendar og prisutvikling over tid. Betre og meir presise prediksjonar kan gi bankar, eigedomsmeklarar og forsikringsselskap eit verdifullt verktøy for risikostyring og for å ta betre avgjerder om investering.

Utviklar tilboda våre til næringslivet

– For Forskingsrådet er det viktig å lytte til behova til næringslivet og at tilboda våre svarer på behova deira. Vi har fått tydelege tilbakemeldingar frå næringslivet om at støtte til doktorgradsprosjekt i næringslivet aukar konkurransekrafta, kompetansen og kapasiteten i bedriftene. I tillegg aukar dei samarbeidet med akademia. Vi er veldig glade for at vi nå kan tildele fleire nærings-ph.d.-ar enn før, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.  

Desse prosjekta får pengar 

Prosjekt

Bedrift

Fylke

Kommune

Developing a Sustainable Business Model for Zero-Emission High-Quality Carbon Production in Norway

HTTECH AS

Agder

ARENDAL

Conceptual cyber-physical framework for federated situational awareness and decision support.

KONGSBERG DEFENCE & AEROSPACE AS

Buskerud

KONGSBERG

Exploring the Role of Cultural Translation in Multicultural Communication in the Norwegian Context

NORGES MULTIKULTURELLE SENTER AS

Agder

KVINESDAL

Full-duplex UWB RF front-ends for radar and ranging applications

NOVELDA AS

Oslo

OSLO

Elektromagnetisk modellering av høyspente kraftkabler

NEXANS NORWAY AS

Oslo

OSLO

Trening med høy intensitet som rehabiliteringstiltak for pasientgrupper i spesialisthelsetjenesten

TRENINGSKLINIKKEN AS

Trøndelag

TRONDHEIM

Coordinated control of industrial processes and power systems for enhanced flexibility and resiliency of operation

ABB AS

Akershus

LYSAKER

AI-støttet produksjonsflyt for datadrevet journalistikk

MEDIEHUSET ITROMSØ AS

Troms

TROMSØ

Optimization of Spectral Light Quality for Increased Energy Use Efficiency and Quality of the Produced in Controlled Environment Agriculture

RIFT LABS AS

Akershus

VINTERBRO

Lipid nutrition as a driver for Atlantic salmon robustness and welfare

BIOMAR A.S.

Nordland

MYRE

Instrumented strength and balance tests in elderly

INITIAL FORCE AS

Trøndelag

TRONDHEIM

Testing of the pigment Q-FIELD™, and it's efficacy of disinfecting surfaces in different substrates

SPECTRUM BLUE AS

Rogaland

SANDNES

Beef on Norwegian Red: A genetic evaluation of Norwegian beef cattle sires for use on dairy cattle.

GENO SA

Innlandet

HAMAR

Circular tech product development in health and educational industries in Norway

MUZZIBALL AS

Rogaland

STAVANGER

Behaviour of SiC in The Silicon Process

ELKEM ASA

Oslo

OSLO

Predicting Lithology in Mineral Systems

ADEPTH MINERALS AS

Vestland

BERGEN

Continuous organic synthesis - determination of reaction kinetics and structure elucidation of by-products

GE HEALTHCARE AS

Oslo

OSLO

Tree-Based Machine Learning Algorithms for House Price Predictions and Price Indices

EIENDOMSVERDI AS

Oslo

OSLO

Ensuring Reliability in AI-Driven Autonomous Systems for Safety- and Security-Critical Applications

KONGSBERG DEFENCE & AEROSPACE AS

Buskerud

KONGSBERG

Personvernbevarende og pålitelig kunstig intelligens

MIDLAIER AS

Innlandet

LILLEHAMMER

AI-Driven Personal Advisors in a High Trust Societies, for better personal wellbeing, finances, health and contribution

DNB BANK ASA

Oslo

OSLO

Digital helseveiledning for kreftpasienter
Digital health guidance for cancer patients

ABEL TECHNOLOGIES AS

Troms

TROMSØ

PhD Project – Optimized audio-visual fMRI for the guidance of brain stimulation

NORDICNEUROLAB AS

Vestland

BERGEN

Arktisk-alpine naturtypar: vegetasjonmønster i høgfjellet

SÁLLIR NATUR AS

Troms

HARSTAD

Industrial PhD at nanoCaps on hybrid supercapacitors

NANOCAPS AS

Akershus

NESBRU

Ledelsesutvikling innen styrkebasert prosessledelse - potensielle effekter og nytte i norsk arbeidsliv

LENT AS

Oslo

OSLO

Controlling and predicting release of AMC-109 from biodegradable aliphatic polyesters for antimicrobial medical devices

AMICOAT AS

Akershus

ASKER

KI-baserte modeller for dekoding av språklig kommunikasjon og oversettelse til figurative mentale modeller.

EBHR AS

Oslo

OSLO

Towards improved imaging and detection using Distributed Acoustic Sensing (DAS) in marine environments

CGG SERVICES (NORWAY) AS

Oslo

OSLO

Industrial PhD at nanoCaps on sustainable development of Interconnected Cross-Linked Carbon Nanotube (iCL-CNT) for supercapacitor electrodes

NANOCAPS AS

Akershus

NESBRU

Hvordan kan avansert data management og maskinlæring effektivisere markedsreguleringen i landbrukssektoren?

AGRIANALYSE AS

Oslo

OSLO

Clinical predictors of treatment response in dry eye disease

ØYEHELSEKLINIKKEN AS

Oslo

OSLO

AI-Driven Multi-Omics Integration for Enhanced Prediction and Personalization in Age-Associated Disease Management

PUEROVITA BIOTECHNOLOGY AS

Akershus

VETTRE

Nyttegjørelse av KI for det lokale demokratiet: Samskaping av KI-verktøy og metoder for lokalnyheter og redusering av risiko

MEDIEHUSET ITROMSØ AS

Troms

TROMSØ

Machine vision, AI and control for explainable reasoning systems in maritime remote operations

SEAONICS AS

Møre og Romsdal

ÅLESUND

AI-Driven Automated User Interface Testing for Web Applications

ETC ELECTRIC TIME CAR AS

Innlandet

GJØVIK

Vurdering av utslipp og faktorer som påvirker innsamling og bruk av fiskeslam fra flytende lukket akvakulturteknologi

OVUM AS

Vestland

BERGEN

Knowing me, knowing you: Exploring the effects of training in Emotion focused therapy (EFT) on therapist development

AS INSTITUTT FOR PSYKOLOGISK RÅDGIVNING

Vestland

BERGEN

Transforming Real-World Evidence with Advanced Language Models: Predictive Analytics for Improved Healthcare Outcomes

NordicRWE AS

Oslo

OSLO

Robust and fast multi-market optimization

ANEO AS

Trøndelag

TRONDHEIM

ADVANCING CONTROLLED ENVIRONMENT AGRICULTURE USING ARTIFICIAL INTELLIGENCE

RIFT LABS AS

Akershus

VINTERBRO

Risk-based and modular assurance framework for maritime autonomy systems.

ZEABUZ AS

Trøndelag

TRONDHEIM

Application of artificial intelligence and machine learning in critical marine automation and control systems.

KONGSBERG MARITIME AS

Buskerud

KONGSBERG

Towards robust Large Language Models for agent-based systems

FACTIVERSE AS

Rogaland

STAVANGER

Smart Sports Studio: AI-Powered Tools for Next-Gen Media Production

FORZASYS AS

Oslo

OSLO

Autonom borerigg

ANDERSEN MEK VERKSTED AS

Agder

FLEKKEFJORD

Physics Informed Machine Learning for Accelerated Ship Hydrodynamic Optimization

VARD DESIGN AS

Møre og Romsdal

ÅLESUND

Safety Regimes practices and how they are managed in maritime operations and their ability to prevent and mitigate operational risks.

DNV AS

Akershus

HØVIK

Cognitive Analytics of Gravity- and Pressure-Driven Membrane Separation

DOSCON AS

Oslo

OSLO