120 millionar kroner ekstra til å få fleire barn og unge til å delta i fritidsaktivitetar

Regjeringa vil at fleire barn og unge skal kunne delta i idretten og i kulturaktivitetar og set av 120 millionar kroner ekstra til arbeidet i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2024.

– Vi ønskjer oss eit samfunn med mindre forskjellar, alle skal ha høve til å delta. Derfor bidreg vi no på denne måten, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Tidlegare i år lanserte regjeringa Alle inkludert! Handlingsplan for like moglegheiter til å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter. Handlingsplanen inneheld 43 tiltak som har som mål å inkludere fleire barn og unge i aktivitetar på fritida.

­– Kulturen og idretten tilbyr verdifulle fellesskap som gjev barn og unge kjensla av å høyre til. Det handlar både om meistring, venskap og gode opplevingar. Vi vil at barn og unge skal kunne delta i aktivitetar uavhengig av kven dei er og kor dei bur, seier kultur- og likestillingsministeren.

Regjeringa foreslår no at 100 millionar kroner blir fordelt via Norges idrettsforbund til lag og foreiningar i dei områda som har ein stor del barn i familiar med vedvarande låginntekt. 

I tillegg foreslår regjeringa å løyve 14 millionar kroner til dei nasjonale organisasjonane på musikkfeltet gjennom Frifondordninga delt ut av Norsk Musikkråd. Fire millionar kroner går til kultur på fritidsklubbane gjennom Ungdom og Fritids Fond og to millionar kroner til Riksteatrets billettstønad, som går til gratis framsyningar, slik at fleire barn og unge kan få oppleve teater.

Også i mai vart det sett av ekstra pengar til å få fleire med i idrett og kultur. Då gjekk 130 millionar frå spelemidla til auka deltaking for barn og unge i idretten og 10 millionar kroner til auka innsats i korps og orkester.