1,3 milliardar kroner til forskingsinfrastruktur
Pressemelding | Dato: 26.09.2024 | Kunnskapsdepartementet
28 store prosjekt får no pengar til nye og oppdaterte laboratorium, utstyr, databasar og anna forskingsinfrastruktur. Dette vil kome forskings- og innovasjonsmiljø over heile Noreg til gode.
– No styrker vi infrastrukturen for forsking over heile landet. Denne milliardtildelinga er avgjerande for å at Noreg skal lykkast med omstilling, nyskaping og innovasjon. Sterk og moderne infrastruktur er ein stadig viktigare føresetnad for at norske forskings- og innovasjonsmiljø skal hevde seg i den internasjonale konkurransen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Til saman skal Forskingsrådet fordele 1,3 milliardar kroner. Dei har innvilga 20 prosjekt som skal etablere ny eller oppgradere etablert forskingsinfrastruktur. I tillegg får 8 forprosjekter midlar til å planlegge nye infrastrukturar.
– Norske forskingsmiljø, både i akademia og næringslivet, får på denne måten høve til å flytte forskingsfronten og styrke konkurransekrafta med tilgang til dei beste laboratoria, utstyra og databasane. Vi er veldig glade for no å kunne sette desse pengane i arbeid, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.
Pengar til utstyr for hjerneforsking, utvikling av medisinar, tungrekning og vindkraft
Det er stort spenn i prosjekta som no får pengar, her er nokre eksempel:
NTNU og Kavli-instituttet skal forbetre og utvikle deira leiande nevrovitskapelege teknologi og utstyr. Infrastrukturen blei etablert i 2012 og har jamleg blitt forbetra. Han er unik både i Europa og i Noreg, og investeringane over tid har bidratt til høg vitskapeleg kvalitet, og ein Nobelpris i 2014. No trengst oppgradering for å framleis kunne presse dei vitskapelege grensene og halde fram arbeidet med å omsette nye funn til klinisk bruk. Nytt er mellom anna tenester for nevrovitskapeleg datadeling, som vil kople den norske infrastrukturen for hjerne- og hjernerelatert forsking til den europeiske.
Oslo universitetssjukehus skal investere i ny infrastruktur for å utvikle medisinar basert på gen, vev eller celler. Dette er eit felt der Noreg har eit svært sterkt fagmiljø, men no trengs investeringar for å sikre at vi framleis kan ligge i front. Infrastrukturen skal gi akademia og i industri tilgang til avanserte fasilitetar for å utvikle og produsere nye medisinar. Dette skal bidra til å skape betre samsvar mellom behova i forsking, næringsliv og helsetenestene.
Sigma2 får støtte for å vidareutvikle sine tenester innan e-infrastruktur. Dei er ein nasjonal og generisk tenestetilbyder av tungrekning, arkivering og lagring, inkludert sensitiv data, med brei nasjonal interesse. Sigma2 sine tenester er avgjerande for all anna forskingsinfrastruktur i Noreg. Dei samarbeider tett med dei fire største universiteta i Noreg. Sigma2 har ansvaret for å skaffe, drifte og utvikle den nasjonale infrastrukturen. Dei er òg sentrale i det internasjonale samarbeidet om tungrekneressursar.
Norges geotekniske institutt får støtte til infrastruktur for å fundamentere botnfaste og flytande vindturbinar, i tillegg til infrastruktur knytt til å samle inn data og gjere dei tilgjengelege. Dette er viktig for å lykkast med dei nasjonale ambisjonane om rask realisering av havvind. Det finst i dag ingen forskingsinfrastruktur på vind. Det trengs, vindkraft er eit av de høgast politiske prioriterte områda innanfor norsk energiforsking. Å overvinne geotekniske og miljømessige utfordringar er avgjerande for å møte strenge kriterium for tryggleik, kostnadseffektivitet, berekraft og pålitelegheit.
Prosjekt som blir inviterte til forhandlingar
Merk at Forskingsrådet berre opplyser om beløpet kvart enkelt prosjekt har søkt om. Endeleg tildelt beløp blir avgjort i forhandlingar mellom Forskingsrådet og kvart enkelt konsortium, og vil i dei fleste tilfelle vere lågare enn beløpet det er søkt om.
Søknadar som gjeld etablering/oppgradering av forskingsinfrastrukturar
Prosjekt |
Søkjarinstitusjonar
|
Søkt beløp |
Norwegian Plant Phenotyping Platform (PheNo) |
NMBU, UiO, UiT, NIBIO, NTNU |
83 134 000 |
ELIXIR4 - OpenLifeScience - Enabling Open Life Science in Norway |
UiB, Veterinærinstitutt, UiO, UiT, NMBU, NTNU, FHI |
125 481 000 |
E-INFRA 2023 - A National e-infrastructure for Science* |
SIGMA2 AS, NTNU, UiB, UiO, UiT |
199 740 000 |
Norwegian Infrastructure Platform for Foundation Technology Research in Offshore Wind |
NGI, AKVAPLAN-NIVA AS, OSLOMET, MARIN ENERGI TESTSENTER AS, NIVA, NTNU |
89 556 000 |
ECCSEL-Enhancing Norwegian Capabilities |
SINTEF Energi AS, IFE, STIFTELSEN NORSAR, ECCSEL EUROPEAN RI CONSORTIUM, SINTEF AS, NTNU |
113 475 000 |
Sustainable Processes Advancement from Norwegian Research: an integral Bio-, Thermo-, Electro- chemical effort (SUPRANO) |
SINTEF AS, RISE PFI AS, SINTEF ENERGI AS, NMBU, NTNU, NIBIO |
49 704 000 |
Sustainable Transition for the Norwegian Infrastructure for Multiphase Flow |
IFE |
13 069 000 |
EPOS-Norway – Research Infrastructure for Geohazards |
UiB, UiT, NGU, NORSAR,NGI og NORCE |
123 244 000 |
ATMP Norway. A multi-nodal infrastructure for Advanced Therapy Medicinal Products in Norway |
OUS, HELSE BERGEN HF, UiO |
74 218 000 |
Norwegian Brain Initiative (NORBRAIN) – a large-scale infrastructure for 21st century neuroscience: Stage 4 |
NTNU, UiO, UiB |
104 636 000 |
Norwegian research infrastructure for web data |
NB, UiO, UiT, NR |
28 691 000 |
Norwegian diachronic corpus 200–1814 |
UiO, HØGSKOLEN I ØSTFOLD, UiB, NTNU |
22 900 000 |
Infrastructure for Norwegian Earth System modelling phase 2 (INES2) |
NORCE, CICERO, MET.NO, NERSC, UiB, NILU, UiO |
128 129 000 |
NORMAR-II Upgrade of the Ægir 6000 ROV-system |
UiB, HI |
67 157 000 |
Integrated Carbon Observation System (ICOS) Norway and Ocean Thematic Centre (OTC), phase 3 |
NORCE, NILU, NIBIO, NIVA, UiB, NPI, CICERO |
153 676 000 |
The Norwegian Micro- and Nanofabrication Facility IV |
NTNU, USN, SINTEF AS, SINTEF DIGITAL, UiO |
191 700 000 |
Swiss-Norwegian Beamlines (SNBL) at ESRF 2025-2028 |
NTNU, UiB, UiO, IFE, UiS |
64 521 000 |
NcNeutron-2 Norwegian Center for Neutron Research - phase 2 |
IFE, UiO, NTNU, Paul Scherrer Institut, UiS, STIFTELSEN SINTEF |
33 500 000 |
Norwegian Open Laboratory for High-Throughput Experimentation and Scale-up |
UiB, NTNU |
96 362 000 |
Coordinated Online Panels for Research on Democracy and Governance |
UiB, NTNU, UiA, SIKT, UiS, INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING, UiO, UiT, NORCE, OSLOMET |
58 595 000 |
Søknadar som gjeld forprosjekt
Forprosjekt |
Søkt beløp |
National proton therapy research infrastructure |
2 000 000 |
Pre-Project for a National Rock Art Research Infrastructure (ImAge) |
2 000 000 |
Infrastructure for Sámi metadata enrichment and access to Sámi photographs and audiovisual collections |
2 000 000 |
Membrane Centre for Sustainable Water |
1 800 000 |
ESSENTIAL minerals and metals for sustainable and circular growth |
2 000 000 |
Learning Analytics Infrastructure: Infrastructure for data-driven research and practice in higher education and workplace learning |
2 000 000 |
Growing Up in Digital Europe – preparation in Norway (GUIDEPREP-NOR) |
2 000 000 |
Research infrastructure for technology-supported crisis management |
2 000 000 |
*Inkluderer midler til nordisk Tier-1 for 2025.