133 millionar kroner til Stiftelsen Dam
Pressemelding | Nr: 74/23 | Dato: 08.12.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa har i dag tildelt Stiftelsen Dam 133 millionar kroner frå spelemidlane til helse- og rehabiliteringsformål.
– Frivillige organisasjonar bidrar til at alle vi som bur i Noreg får eit betre liv og ein rikare og meir meiningsfull kvardag. Midla som Stiftelsen Dam fordeler er med på å gi betre helse og likestilling, fordi fleire får delta i meiningsfulle aktivitetar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Midla går til forsking, og til prosjekt i regi av frivillige organisasjonar som bidrar til å fremje folkehelse, levekår, fysisk og psykisk helse, meistring, livskvalitet eller sosial deltaking, og forsking med same formål.
Midlane kjem får spelemiddeloverskotet til Norsk Tipping.
Om fordelinga av Norsk Tippings overskot
I lov 18. mars 2022 om pengespill (pengespilloven) går det fram at fordelinga til helse- og rehabiliteringsformål er 6,4 prosent av Norsk Tippings overskot etter fordeling av overskot frå Norsk Tippings bingoterminalar, 0,5 prosent av selskapets overskot til tiltak mot speleproblem og midlar sett av til annan eigenkapital ved behov. Overskotet frå eit gitt kalenderår blir fordelt påfølgande vår.
Etter gjeldande ordning blir Stiftelsen Dam tildelt eit forskot på ein tredel av det forventa beløpet til helse- og rehabiliteringsformål. Forskotet for 2024 utgjer 133,2 millionar kroner. Resten av midla til helse- og rehabiliteringsformål vil bli overført til Stiftelsen Dam til våren, etter at kongeleg resolusjon om fordelinga for 2024 er vedtatt.