1,5 millionar kroner til omstilling i Agder

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Agder fylkeskommune får 1,5 millionar kroner til oppstart av omstillingprogram i fylke. – Denne regjeringa er opptatt av å skape optimisme og framtidstru i heile Noreg. Vi vil legge til rette for at distriktskommunar skal oppleve vekst og utvikling, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Frå tid til anna oppstår det situasjonar som rammar ein kommune eller ein arbeidsmarknadsregion særleg hardt. Når kommunar eller regionar opplever brå eller særleg stor nedgang i sysselsettinga, kan dei få hjelp til omstilling frå staten og fylkeskommunen.

I sitt årlege innspel til departementet skriv Agder fylkeskommune at Bygland kommune mellom anna har opplevd stort fall i sysselsetjinga over tid. Fylkeskommunen har òg tidlegare framheva behovet for ein ekstra innsats for omstilling i kommunen.

– Eg veit at mange kommunar, mellom anna Bygland, har hatt utfordringar over tid. I revidert nasjonalbudsjett får Agder fylkeskommune derfor 1,5 millionar kroner, slik at dei kan starte opp sitt omstillingsprogram så raskt som mogleg, seier Gjelsvik

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.