15 millionar til 13 landbruksprosjekt
Nyheit | Dato: 21.12.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet har i desember innvilga 15,2 millionar kroner i støtte til 13 nye verdiskapingsprosjekt i landbruket.
Tildelinga av tilskot er ei oppfølging av årets jordbruksoppgjer. Prosjekt som vert prioritert er dei som er knytt til styrking av innovasjon og konkurransekraft i grøntsektoren, utviklingsprosjekt innan økologisk landbruk og prosjekt som ser på problemstillingar knytt til omstilling frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. Landbruksdirektoratet melder om at det har vore stor pågang etter midlar i årets søknadsrunde, og høg kvalitet på søknadane.
– Med denne tildelinga følgjer vi opp viktige områder frå årets jordbruksoppgjer innan grøntsektoren, økologisk landbruk og kunnskapsoverføring knytt til investeringar innan lausdriftsfjøs. Dette er eit viktig bidreg til å styrke verdiskapinga i landbruket, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Meir om tildelinga
Formålet med midlane er å bidra til å styrke verdiskapinga i landbruket gjennom tilretteleggjande tiltak som bidreg til fellesskapsløysingar innan næringsutvikling og kompetanseheving av nasjonal nytteverdi. Målgruppa for ordninga er blant anna organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar, samt fylkeskommunar og kommunar. Ordninga forvaltast av Landbruksdirektoratet.
I tillegg til utlysing av tilskotsmidlar har Landbruksdirektoratet lyst ut to utgreiingar bestilt av avtalepartane om vurdering av geografiske ulikskapar for byggekostnadar ved investering i landbruksbygg og samspelet mellom offentleg og privat investeringskapital i forbindelse med bygningsinvesteringar i landbruket.