Statsbudsjettet 2025

1,50 milliardar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år

Regjeringa styrkjer kommunesektoren sine frie inntekter med 6,8 milliardar kroner i 2025. Det er noko høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen.

Veksten er fordelt med 5,15 milliardar kroner til kommunane og 1,65 milliardar kroner til fylkeskommunane.

− Den økonomiske situasjonen er krevjande i mange kommunar no. Det tek vi på alvor. Som varsla i kommuneproposisjonen, får kommunane et løft i dei frie inntektene. Samstundes tek regjeringa på alvor utviklinga i kommuneøkonomien i 2024 og vil komme tilbake til dette i forbindelse med nysalderinga, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Til saman får kommunesektoren eit berekna handlingsrom utover meirkostnader til demografi og pensjon på 3,6 milliardar kroner, noko som er 1,1 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn i kommuneproposisjonen.

Anslaget for meirkostnader til pensjon inneheld ikkje effekten av ny offentleg AFP som blir innført frå 1. januar 2025. Departementet har i rundskriv om berekningsføresetnader for pen­sjonskostnadene for rekneskapsåret 2025 av 10. september 2024 fastsett at ny offentleg AFP inntil vidare ikkje skal inkluderast i kommunesektoren sine pensjonskostnader for 2025.

Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 kome tilbake med oppdatert anslag for meirkostnadene til pensjon inkludert effekten av ny offentleg AFP, og sikre at kommunesektoren kan innarbeide ny offentleg AFP i sine pensjonskostnader i 2025.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold fylke og den nominelle veksten frå 2024 til 2025. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2024. 

For å gjere inntektsnivået i 2024 samanliknbart med inntektsnivået i 2025, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. 

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent. 

Veksten til kommunane må òg sjåast i samanheng med endringane i inntektssystemet som vart varsla i kommuneproposisjonen, med mellom anna ein oppdatert kostnadsnøkkel og endringar i dei regionalpolitiske tilskota. I anslaget på inntektsnivået i 2025 er det teke omsyn til endringane i skatteelementa i inntektssystemet som trer i kraft neste år.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2025 og nominell vekst frå 2024 til 2025

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

frie

på rekneskap 2024 - 2025

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2025

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

3101 Halden

2 344 546

128 334

5,8

3103 Moss

3 744 722

217 600

6,2

3105 Sarpsborg

4 439 537

264 792

6,3

3107 Fredrikstad

6 072 643

355 352

6,2

3110 Hvaler

360 565

19 532

5,7

3112 Råde

590 491

27 468

4,9

3114 Våler

465 000

31 200

7,2

3116 Skiptvet

298 482

20 996

7,6

3118 Indre Østfold

3 506 699

220 859

6,7

3120 Rakkestad

654 877

45 091

7,4

3122 Marker

301 629

18 263

6,4

3124 Aremark

132 102

12 502

10,5

Til fordeling gjennom året

13 333

2 000

 

Østfold

22 924 625

1 363 989

6,3

 

     

Østfold fylkeskommune

4 094 517

 136 146

3,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2025, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2024 til anslag for 2025 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.