Statsbudsjettet 2024
1,6 milliardar kroner til nye digitaliseringstiltak i 2024
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa satsar offensivt på digitalisering, og foreslår 1,6 milliardar kroner til nye tiltak i 2024. – Dei nye tiltaka vil leggje til rette for forenkling og effektivisering i offentleg sektor, betre offentlege tenester til innbyggjarar og næringsliv og auka IT-sikkerheit, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Med forslag om ei samla løyving på 1,6 milliardar kroner til nye digitaliseringstiltak legg regjeringa opp til ein auke i slike tiltak på over 20 prosent frå 2023. Dei seinare åra er det satt i gang svært mange både store og mindre digitaliseringstiltak. Mange av desse er framleis under utvikling og bandlegg ressursar. Dei nye tiltaka kjem på toppen av dette og legg til rette for ei kraftfull satsing på digitalisering i tråd med Hurdalsplattforma.
– Om vi skal lykkast med å løyse samfunnsutfordringane framover må vi leggje til rette for at vi i Noreg drar nytte av dei moglegheitene som teknologien gir til å levere betre tenester og til å løyse utfordringane i samfunnet på nye og betre måtar. Derfor er digitalisering eit av områda som er høgt prioritert i budsjettframlegget, seier Gjelsvik.
Oversikta i tabellen viser nye tiltak i 2024-budsjettet og foreslått løyving i 2024. Nokre av desse tiltaka er «trinn to», det vil seie ei vidare utrulling av tidlegare etablerte tiltak (til dømes «Lyd og bilde i domstolane» og høghastighets breiband til alle).
Tabell: Nye digitaliseringstiltak i statsbudsjettet for 2024
Dep. |
Kort omtale av tiltaket |
Mill. kroner |
OED |
Digitalisering og dataforvaltning, NVE og Oljedirektoratet |
21,9 |
AID |
Nasjonalt tilbod om digital språkopplæring |
30,0 |
HOD |
Digital samhandling |
120,0 |
HOD |
Digitalt helsekort for gravide |
26,0 |
JD |
Forprosjekt nytt nødnett og vidareføring av dagens nødnett |
55,0 |
JD |
Lyd og bilete i domstolane |
15,0 |
JD |
Automatiseringsløysing for søknader om tilbakevendingsstøtte |
5,5 |
JD |
Styrke informasjonssikkerheiten i IT-systema til UDI |
12,0 |
KDD |
Det kongelege hoff – IKT-sikkerheit |
9,0 |
KDD |
Tiltak i samband med dataangrepet |
73,0 |
KDD |
Sikker og robust teknisk infrastruktur for fellesløysingane |
4,4 |
KDD |
Altinn 3 og flytting av tenester hos SSB, SKE og BR til ny løysing |
200,0 |
KDD |
Høghastighets breiband til alle |
400,0 |
KDD |
Medfinansieringsordninga for statlege digitaliseringstiltak (tilsegnsramme) |
*140,6 |
KD |
Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole |
40,0 |
KD |
Fleirårig forskingssatsing på databehandling og kunstig intelligens |
53,3 |
KD |
Fornye og oppgradere det nasjonale forskningsnettet |
140,0 |
KD |
Norwegian Internet eXchange |
9,0 |
FIN/ KD |
Vidareutvikling av microdata.no |
11,0 |
NFD |
Brukarvennlege Registertenester (BVR) |
87,7 |
SD |
Utvikling av kollektivtransportløyningar |
50,0 |
SD |
Digitalisering og teknologiutvikling i Statens vegvesen |
100,0 |
|
Sum |
1 603,4 |
*Medfinansieringsordninga dekker berre halve investeringskosten. Resten må søkarverksemdene finne rom for innafor eiga ramme. Løyvinga til medfinansieringsordninga i 2024 på 140 millionar kroner vil såleis kunne utløyse offentlege digitaliseringsinvesteringer med samla budsjett på minst 280 millionar kroner – truleg meir.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22242500
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no