16 millionar til økt verdiskaping i landbruket
Nyheit | Dato: 21.12.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet har i desember innvilga 16 millionar kroner i støtte til 13 nye verdiskapingsprosjekt i landbruket.
Tildelinga av tilskot er ei oppfølging av årets jordbruksoppgjer. Tildelingane gjekk til søkarar med ei god forankring i landbruksnæringa og prosjekt av nasjonal nytteverdi. Tiltaka skal bidra til å nå dei landbrukspolitiske måla. Mellom anna får HMS i landbruket eit særskilt løft.
Landbruksdirektoratet melder om at det har vore stor pågang etter midlar i årets søknadsrunde, og høg kvalitet på søknadane.
– No er det 16 millionar kroner som går til 13 ulike utviklingsprosjekt. Dette er eit viktig bidreg for verdiskaping, næringsutvikling og auka kompetanse i landbruket, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Meir om tildelinga
Formålet med midlane er å bidra til å styrke verdiskapinga i landbruket gjennom tilretteleggjande tiltak som bidreg til fellesskapsløysingar innan næringsutvikling og kompetanseheving av nasjonal nytteverdi. Målgruppa for ordninga er mellom anna organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar, samt fylkeskommunar og kommunar. Ordninga forvaltast av Landbruksdirektoratet.