175 millionar kroner til kommersialisering av forsking

40 forskingsorganisasjonar har søkt og får no til saman 175 millionar kroner til å styrke arbeidet med å bringe forskingsresultat ut i marknaden.

– Noreg har solide forskingsmiljø, som har idear og resultat med stort potensial for verdiskaping. Regjeringa har jobba for at offentlege løyvingar til forsking og utvikling i større grad blir omsett til verdiar og arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig for norsk konkurransekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Forskingrådets kommersialiseringsstøtte skal bidra til auka kommersiell bruk av offentleg finansiert forsking. Denne tildelinga dreier seg om å styrke den tidlege fasen av kommersialiseringsarbeidet hos forskingsorganisasjonane, den såkalla TTO-funksjonen.

– Regjeringa har styrka støtta til teknologioverføringsarbeidet ved forskingsorganisasjonane, slik at lovande forskingsresultat kan bli utvikla og gi grunnlag for nye næringar, omstilling og vekst i næringslivet, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Stor interesse blant forskingsorganisasjonane og deira TTO-partnarar

Interessa for nyskaping frå forsking er stor og aukande. Totalt fekk Forskingrådet inn 34 søknader frå 40 forskingsorganisasjonar.

– At så mange har søkt, viser at forskingsinstitusjonane og helseføretaka er klare til å utvikle strukturen og kompetansen som trengst for å utvikle nye produkt, tenester og oppstartsbedrifter, seier Hoel.

Desse får pengar

Organisasjon

Tildelt beløp (i tusen kroner)

Fylke/kommune

HØGSKOLEN I ØSTFOLD

709

Østfold

UNIVERSITETET I AGDER

1773

Agder

FORSVARETS FORSKNINGSINSTITUTT

7093

Akershus

UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE

1773

Vestfold

HØYSKOLEN KRISTIANIA - ERNST G MORTENSENS STIFTELSE

443

Oslo

UNIVERSITETET I OSLO

14186

Oslo

STIFTELSEN NORSAR

887

Akershus

NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI

3015

Akershus

NORGES MILJØ- OG BIOVITENSKAPELIGE UNIVERSITET (NMBU)

7980

Akershus

NOFIMA AS

3547

Akershus

VETERINÆRINSTITUTTET

709

Akershus

OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF

14186

Oslo

JUSTERVESENET

1773

Akershus

HELSE NORD-TRØNDELAG HF

887

Trøndelag

STIFTELSEN NORSK INSTITUTT FOR NATURFORSKNING NINA

1419

Trøndelag

UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE HF

1596

Troms

FINNMARKSSYKEHUSET HF

177

Finnmark

OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET

2016

Oslo

SIMULA RESEARCH LABORATORY AS

1773

Oslo

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

887

Møre og Romsdal

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

887

Vestland

SYKEHUSAPOTEKENE I MIDT-NORGE HF

887

Trøndelag

HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

7093

Vestland

VESTRE VIKEN HF

1773

Buskerud

UNIVERSITETET I STAVANGER

7093

Rogaland

HELSE STAVANGER HF

532

Rogaland

HELSE FONNA HF

355

Rogaland

HØGSKOLEN I INNLANDET

1329

Innlandet

INSTITUTT FOR ENERGITEKNIKK

7093

Akershus

NTNU SAMFUNNSFORSKNING AS

355

Trøndelag

UNIVERSITETET I BERGEN

14186

Vestland

NTNU SENTRALADMINISTRASJONEN

14186

Trøndelag

NORCE NORWEGIAN RESEARCH CENTRE AS

7093

Vestland

HELSE BERGEN HF

7093

Vestland

SINTEF AS

14186

Trøndelag

STIFTELSEN NILU

355

Akershus

NORGES GEOTEKNISKE INSTITUTT AS

621

Oslo

ST. OLAVS HOSPITAL HF

7093

Trøndelag

UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

14186

Troms

NORD UNIVERSITET

1773

Nordland