1800 fleire lærar- og sjukepleiarstudentar

Etter fleire år med fall i søkartala, tok regjeringa grep: Karakterkrava på alle sjukepleiarutdanningar vart fjerna og ein del lærarutdanningar har fått unntak frå krava. Førebelse tal viser stor effekt – om lag tusen fleire studentar på sjukepleie og meir enn 800 fleire lærarstudentar.

Frå neste år blir dei særskilte karakterkrava for å kome inn på sjukepleiarutdanninga fjerna, medan dei universiteta og høgskulane som ønsker det, kan søke om unntak frå karakterkrava i lærarutdanningane. For å fylle opp ledige studieplassar allereie i år, vart det opna for at dei studiestadane som ville det, kunne ta inn søkarar som ikkje oppfylte krava i lokale opptak. Det var det ei rekke utdanningar over heile landet som gjorde.

No tyder tal frå institusjonane på at grepet har vore vellukka. Meir enn 1 800 studentar takka ja til studieplass på sjukepleie eller lærarutdanning i slike lokale opptak.

– Eg er glad for at grepa vi har tatt, har gjort at mange fleire motiverte søkarar kan ta fatt på ei sjukepleiar- eller lærarutdanning. No ser vi at mange av dei utdanningane som fjerna nivåkrava frå i år, har hatt stor pågang i dei lokale opptaka og får fylt opp ledige studieplassar. Det betyr fleire sjukepleiarar og lærarar ut i den andre enden. Det er godt nytt for Noreg og det er godt nytt for dei nye studentane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp), og held fram:

– Det viktige er kva dei kan når dei er ferdige med utdanninga, ikkje kva dei kan når dei byrjar. Krava til studiet er dei same som før.

Lokalt opptak gav dobla studenttal fleire stadar

Sjølv om det er store variasjonar mellom dei ulike utdanningsinstitusjonane, er tendensen overvegande positiv. Ved Høgskulen på Vestlandet gav det lokale opptaket nesten dobbelt så mange studentar på grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn, det same gjaldt sjukepleiarutdanningane til Høgskulen i Innlandet.  

Endelege tal i oktober

Dette er ikkje dei endelege tala, men dei gir ein peikepinn på korleis dei lokale opptaka har slått ut. Fasiten kjem først i oktober, når den offisielle statistikken for kor mange som har møtt til dei ulike utdanningane er klar.

Faktaboks: Nivåkrav

  • Regjeringa foreslo i opptaksmeldinga å avvikle karakterkrava for sjukepleiarutdanninga, men vidareføre dei på lærarutdanningane inntil vidare. Det skal bli mogleg med dispensasjon frå karakterkrava på lærarutdanninga for institusjonar som kan vise til at dei vil gi studentane forsterka oppfølging. Stortinget vedtok begge delar før sommaren.
  • Slik har nivåkrava vore:
    • På sjukepleie har det vore krav om minst karakteren 3 i norsk og matematikk.
    • For å kome inn på ei femårig lærarutdanning må søkarar anten ha minst 35 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk, eller minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og matematikk.
  • For å fylle tomme studieplassar, fjerna åtte universitet og høgskular nivåkrava for å kome inn på sjukepleie allereie frå i år. Til saman 12 universitet og høgskular søkte om dispensasjon frå heile eller delar av karakter- og poengkrava for å kome inn på ei lærarutdanning.
  • I år lyste norske universitet og høgskular ut 5 385 studieplassar på sjukepleieutdanningane og over 4 200 studieplassar på grunnskulelærar- og lektorutdanningane.
  • Etter hovudopptaket hadde om lag 4 900 søkarar takka ja til studieplass på sjukepleie, og om lag 2 550 takka ja til plass på ei grunnskulelærar- eller lektorutdanning. Det betydde at mange stadar sto mange studieplassar ledige. Etter dei lokale opptaka, har ytterlegare tusen søkarar takka ja til plass på ei sjukepleiarutdanning, medan meir enn 800 har takka ja til å starte på ei lærarutdanning.

Frå opptaket hausten 2025 blir nivåkrava fjerna på alle sjukepleiarutdanningane, medan dei lærarutdanningane som ønsker det, kan søke om dispensasjon frå nivåkrava.