19 kommunar skal teste ny låneordning for å få fleire inn på bustadmarknaden

Bustadmarknaden er krevjande for mange. Difor har regjeringa sett i gang eit forsøk med startlån for å hjelpe enda fleire inn på bustadmarknaden. 19 kommunar skal no i gang med forsøk med startlån.

I oktober opna Husbanken for at kommunar kunne søkje om å vere med i forsøk med startlån. Forsøket legg til rette for at kommunane kan gi startlån til personar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Regjeringa har sett av 500 millionar kroner til forsøket i 2024.

– Eg er svært glad for at kommunar frå Arendal i sør til Nordkapp i nord skal i gang med forsøk med startlån. No startar jobben i kommunane med å få pengane ut til dei som etter fleire år med sparing ikkje har fått lån til bustadkjøp, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp). 

Det har vært stor interesse for forsøket. 28 kommunar, både byar og distriktskommunar, har søkt om å få være med. Fleire kommunar har varsla at dei vil vere med i forsøket frå neste år.

– Husbanken har vurdert søknadene fra kommunane grundig, og ser fram til å følge opp startlånarbeidet framover, både i dei 19 kommunane som har fått tilsegn i år og dei som vel å søkje i 2025, seier administrerande direktør i Husbanken Jan Hjelle.

Allereie 6. januar opnar Husbanken for nye søknader frå kommunane for forsøk med startlån. I 2025 har regjeringa føreslått å sette av om lag 1 milliard kroner til satsinga.

– Forsøket inngår i den største satsinga på Husbanken i nyare tid. Regjeringa har auka låneramma til Husbanken med over ti milliardar kroner sidan vi tok over etter Høgre og Framstegspartiet. Startlån utgjer den største delen av låneramma og er det viktigaste verkemiddelet for å hjelpe fleire inn på bustadmarknaden, seier Sande. 

Oversikt over kommunane som har fått tilsegn om midlar til startlån til førstegongsetablerarar

 

Kommune

Tilsegn (millionar kroner)

Oslo

50

Nordre Follo

30

Trondheim

50

Hamar

50

Stavanger

113

Tromsø

12

Ringerike

50

Bodø

20

Indre Østfold

25

Arendal

20

Øygarden

20

Nordreisa

10

Austrheim

10

Nordkapp

10

Bremanger

15

Gamvik

5

Høylandet

3,4

Lom

2

Luster

4,6

Kommunane i oversikta må vedta budsjett før dei får startlånmiddel frå Husbanken og kan gje lån til innbyggjarane sine.