20 millionar kroner til handball-VM og Ski-VM i 2025

– Store internasjonale meisterskap skapar opplevingar, samhald og felles minne. For regjeringa er det viktig å leggje til rette for at Noreg kan vere vertskap for store internasjonale idrettsarrangement. Dette kjem til å bli to heilt fantastiske arrangement der vi får syna fram landet vårt frå si beste side, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

I nysalderinga av budsjettet for 2024 har foreslår regjeringa å løyve 10 millionar kroner til verdsmeisterskapen i handball for herrar i 2025 og 10 millionar kroner til Ski-VM i Trondheim i 2025.

Verdsmeisterskapen i handball for herrar går av stabelen 14. januar til 2. februar 2025. Meisterskapen vert arrangert i samarbeid mellom dei norske, kroatiske og danske handballforbunda. Finalen skal spelast på Unity Arena på Fornebu med plass til femten tusen tilskodarar på tribunen.

– For ein fantastisk start vi får på 2025! Eg gler meg allereie til handballfesten på Fornebu før eg skal opp til Trondheim for å oppleve folkefesten i Granåsen. Dette er meisterskap som bidrar til å synleggjere idretten for eit større publikum, noko som kan skape økt rekruttering og gi positive ringverknader for næringslivet, seier kultur- og likestillingsministeren.

Ski-VM 2025 vert arrangert i Trondheim i Granåsen frå 26. februar til 9. mars 2025. Dette er fyrste gong sidan 1997 at byen arrangerer verdsmeisterskapen på ski nordiske greiner, som inkluderer langrenn, hopprenn og kombinert. Under Ski-VM vil om lag 2500 jobbe frivillig for å gjere meisterskapen mogleg.