200 millionar kroner for å inkludere barn og unge

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

I dag får 59 kommunar, organisasjonar og sosiale entreprenørar samla over 200 millionar kroner i tilskot til ulike tiltak og prosjekter for barn og unge. - Å gje aktørane på feltet gode vilkår til å bygge opp att aktiviteten etter pandemien, og inkludere dei som har falt utanfor, er særleg viktig no, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Dei 200 millionane er den første runda med tildelingar på ordninga som heiter Tilskot til å inkludere barn og unge i 2022. Tilskotsordninga er ny, og ein samanslåing av tre tidlegare tilskotsordningar retta mot utsette barn og unge. Regjeringa har styrka tilskotsordninga med 85 millionar i 2022-budsjettet og samla er ordninga i år på om lag 555 mill. kroner.

- Vi har to år bak oss som særleg har ramma sårbare eller utsette barn og unge. Tiltaka og tilboda som no får utdelt ekstra midlar er spesielt retta mot å inkludere desse gruppene. Dette er eit viktig arbeid i motverke dei negative konsekvensane av covid-19-pandemien for barn og unge, seier Toppe.

Både kommunar, frivillige organisasjonar og andre private aktørar får tilskot i denne runda. Den største delen av midla er tildelte Ferie for alle i regi av Norges Røde Kors (40 mill. kroner) og Barnas stasjon i regi av Blå Kors (54 mill. kroner). Tiltaka er forskjellige, men tildelingane har til felles at dei er retta mot å gi fleire barn og unge høve til å delta på sosiale aktivitetar på fritida og i skuleferiane.  

- Tilgang på fritidsaktivitetar er viktig. Det bidrar til å inkludere barn og unge og førebyggjer einsemd og utanforskap. Frivillige organisasjonar, kommunar og sosiale entreprenørar gjer eit viktig arbeid for å inkludere barn og ungdom i sosiale aktivitetar. Særleg dei barna og ungdommane som har størst behov for eit godt og gratis eller rimeleg lågterskeltilbod.  Derfor er det eit viktig mål for regjeringa å støtte ordningar og tiltak som får flest mogeleg barn inn i fritidsaktivitetar, seier Toppe.

Målgruppa for ordninga er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap. Målet er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking gjennom utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

- Pandemien har tydeleggjort verdien av fritidsaktivitetar, og kor mykje ein saknar det når ein ikkje kan vere aktiv saman med andre. Fritidsaktivitetar er heilt grunnleggande i eit godt fungerande samfunn. Det gir ei kjensle av å høyre til, av å vere del av eit fellesskap, å oppleve å bety noko for andre, og at andre betyr noko for deg. Og dessutan er det gøy, seier Toppe.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar ordninga og oversikten over tildelingane finn du på Bufdir sine nettsider.