21 nye millionar kroner i bustadtilskot til distrikta
Pressemelding | Dato: 02.07.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Tilskota til distrikta skal sikre fleire nye bustader, seier kommunal- og distriktsministar Erling Sande (Sp).
Tilskot til bustadtiltak i distrikta
Mange distriktskommunar har små bustadmarknader med låg omsetjing av bustader og lite nybygging. Tilskotet skal gå til utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til auka tilgang på eigna bustader i distriktskommunar.
Husbanken skriv at dei har fått 57 søknader. Av desse har Husbanken og Distriktssenteret valt ut 25 prosjekt som får støtte.
–Husbanken sitt tilskot til bustadtiltak i distrikta fremjar prosjekt som skal auke busetting og tilflytting. Det er eit viktig mål for Senterpartiet og Arbeidarpartiet å sikre folk gode bustadar i heile Noreg. Dette er eit viktig bidrag i det arbeidet, seier Sande.
Døme på prosjekt som har fått tilskot er mellom anna eit prøvebu-prosjekt i Sjåk, eit berekraftig bustadutviklingsprosjekt i Evenes kommune. To ulike pilotar for bygdevekst i Finnmark har fått tilskot til sine prosjekt: Hammerfest kommune har fått tilskot til eit felles saksbehandlingskontor for startlån for bygdevekstpilotane i Finnmark, og Berlevåg kommune til utvikling av strategisk bustadplan for Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana.
Tilskot til bustadsosiale tiltak
Husbanken deler òg ut 14, 7 millionar kroner i tilskot til bustadsosiale tiltalt. Tilskota skal gå til utvikling av nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet. Tilskota blir delte ut til frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar.
Husbanken har teke imot 72 søknader om bustadsosialt tilskot. Av desse har Husbanken valt ut 31 prosjekt som får tilskot. Husbanken har prioritert prosjekt med stor overføringsverdi til andre satsingar.
Døme på prosjekt er Askøy kommune som skal auke bruken av startlån til tilpassing av bustad for eldre, Valdres næringshage som skal ha eit pilotprosjekt om energirapport for bustader, «Bo – og blilyst» i Balsfjord og Storfjord, samt Indre Østfold sitt prosjekt om val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern.
– Samla er det mange spanande prosjekt som får tilskot. Eg har stor tru på at slike prosjekt kan gi positive ringverknader, seier kommunal- og distriktsministeren.
Oversikt over prosjekt som får tilskot til bustadtilskot i distrikta
Søker |
Tittel på prosjektet |
Beløp |
Andøy kommune |
Andøy Boligbyggelag |
650 000 |
Berlevåg kommune |
Bygdevekstpilot Vestre Varanger – Utvikling av strategisk bustadplan for Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana |
700 000 |
Dovre kommune |
Mikrobruk |
750 000 |
Drangedal kommune |
Aldersvennleg lokalsamfunn – Drangedal |
1 200 000 |
Evenes kommune |
Berekraftig bustadutvikling i Evenes kommune |
1 330 000 |
Fjord kommune |
Utviklingsprosjekt – Skape bulyst gjennom attraktive bustader |
1 500 000 |
Folldal kommune |
Forprosjekt/Fase 2 – gjenbruk av gamle institusjonsbygg – Verket skole, Folldal og Bergseth alders og sjukeheim, Rendalen |
1 930 000 |
Fyresdal kommune |
Århusjordet |
950 000 |
Gjemnes kommune |
Bustaddraumen Gjemnes |
420 000 |
Hammerfest kommune |
Felles saksbehandlingskontor for startlån for bygdevekstpilotane i Finnmark |
600 000 |
Høylandet kommune |
Lage rettleiar |
750 000 |
Meråker kommune |
Bustadutvikling i Meråker sentrum (Meråkertunet) |
350 000 |
Overhalla kommune |
Leigebustader ved Skage frivilligsentral |
700 000 |
Rauma kommune |
Moglegheitstudie – framtidig bruk av prestegardsbustaden på Åndalsnes |
330 000 |
Rennebu kommune |
Arena Rennebu |
560 000 |
Røst kommune og Værøy kommune |
Ein bustadmarknad i bevegelse? |
1 900 000 |
Røyrvik kommune |
Saman blir vi gode på bustad |
700 000 |
Sjåk kommune |
Bustad- og tilflyttarprosjektet «Sats på Skjåk " – FASE 2 |
1 000 000 |
Sør-Aurdal kommune |
Fjellvik – forprosjekt |
950 000 |
Tokke kommune |
Frå prøvebu til integrert innbyggar |
600 000 |
Træna kommune |
Bo i Træna |
800 000 |
Tydal kommune |
Bustad for alle |
1 200 000 |
Vågå kommune |
Småhus i Kjøpangervegen 3 |
80 000 |
Øystre Slidre |
Transformasjon og vidare bruk av institusjonslokala til Øystre Slidre sjukeheim – Ein moglegheitsstudie for å bidra til auka bustader i distriktskommunar |
500 000 |
Ål kommune |
Regionalt bu-pilotkontor i Hallingdal |
550 000 |
Oversikt over prosjekt som får tilskot til bustadsosiale tiltak
Søker |
Prosjekttittel |
Beløp |
Askøy kommune |
Føre var – Prosjekt for å betre informasjon om, og auke bruk av, startlån til tilpassing av eksisterande bustader til eldre i Askøy kommune |
670 000 |
Balsfjord næringsutvikling |
Bo- og blilyst i Balsfjord og Storfjord |
500 000 |
Bodø kommune |
Ny by Bodø – Ein bydel for alle |
600 000 |
Flekkefjord |
Bupilot-kontor og utvikling av kurs for byggenæring og handverkarar |
670 000 |
Flekkefjord |
Frå leigetakar til eigar – eit inkluderings-, normaliserings- og kunnskapsprosjekt |
360 000 |
Halden kommune |
Trygt i hamn |
320 000 |
Halden kommune |
Ein bustad for alle |
275000 |
Helseinn |
Mobil visningsheim – Mobil læringsarena for tryggleiks- og meistringsteknologi |
494 000 |
Inderøy kommune |
Bustadsosialt utviklingsprosjekt fase 1 |
200 000 |
Indre Østfold kommune |
Val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern – Sjølvstendig ung vaksen |
650 000 |
Indre Østfold kommune |
Kartlegging av auka kunnskap om leigemarknaden i Mysen sentrum |
250 000 |
KBL |
KBL – utvikle og spreie kunnskap og god praksis innan bustadpolitikk og bustadsosialt arbeid og vidareføre dette til kommunane i landet |
250 000 |
Kongen sitt senter/ Boligsiftelsen eldres heim |
Nye Kongens Senter – framtidas aktivitets- og bustadsenter for eldre og funksjonshemma i Kristiansand |
500 000 |
Leigebuarforeininga |
Samtalar om bustadpolitikk |
300 000 |
NBBL |
Nettverk bustadkjøpsmodellar |
150 000 |
Norce |
Nye buformer i eit generasjonsperspektiv |
450 000 |
NTNU Samfunns-forsking |
Why/Not in my backyard: Utprøving av verktøy for dialog i to kommunar |
800 000 |
Ny bustadplan |
Ny bustadplan #3 |
150 000 |
Oslo |
Bumiljømodell i modulbygg |
500 000 |
Oslo Met |
Bustadkjøpsmodellane – tiltak i den heilskaplege bustadpolitikken i kommunane? |
950 000 |
SAFO |
Funksjonshemma sitt sjølvstende i eigen heim |
160 000 |
Sarpsborg |
Bustadkoordinator – Bustadkontora i framtida |
1 100 000 |
Skaun kommune |
Kompetanseutvikling sårbare overgangar (Redusere sårbare overgangar til ungdom med nedsett funksjonsevne |
500 000 |
Steinkjer kommune |
Stodtunet |
400 000 |
Stiftelsen CRUX |
Prosjekt Mellom-rom |
521 000 |
Stiftelsen Kirkens Bymisjon Vestfold |
Tønsberg – Ung i Bolig (gode heilskaplege bustadløysingar for unge 18–25 år) Fase 2 Iverksetting |
700 000 |
Tøyen Boligbyggelag |
Prosjektmoglegheiter for ideell sektor som utviklar og tilbydar av bustader |
260 000 |
Tøyen Boligbyggelag |
Bok om ein ideell tredje bustadsektor |
140 000 |
UIT – master i landskapsarkitektur |
Aldersvennlege lokalsamfunn – i eit vinterklima |
400 000 |
Valdres Næringshage |
Folkets Kraftløft |
880 000 |
Ørsta kommune |
Fleksibelt budstadkonsept til flyktningar |
600 000 |
Hos Distriktssenteret kan du lese meir om kvart enkelt prosjekt
Her kan du lese Husbanken si nyheitsmelding om bustadtilskot i distrikta
Her kan du lese Husbanken si ny heitsmelding om tilskot til bustadsosiale tiltak.