Statsbudsjettet 2025

210 millionar kroner til ein meir praktisk skule der elevane lærer meir

Regjeringa foreslår å løyve 210 millionar kroner for å følge opp tiltaka i den nye stortingsmeldinga om elevar på 5. til 10. trinn. Målet er betre læring, motivasjon og trivsel. Samstundes vil regjeringa vidareføre satsinga på utstyr og lokale.

– Med desse midlane sørger vi for at skulen blir meir praktisk, variert og meir aktiv for ungane våre. Med meir praktisk undervisning i alle fag legg skulen til rette for at elevane blir meir motiverte og at dei lærer meir og betre, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Dei siste åra har læringsresultata i skulen gått ned. Undersøkingar viser og at motivasjonen er låg hos elevane i 5. til 10.trinn.

– Lærarar med god kompetanse er det aller viktigaste for motivasjonen og læringa til elevane. No bidreg regjeringa til at fleire lærarar og skular får tilgang til gode undervisningsressursar og lokale, og til etter- og vidareutdanning som kan gjera undervisninga meir praktisk og variert, seier Nordtun

Nytt nasjonalt program for ein meir praktisk skule

Regjeringa vil opprette eit nasjonalt program som mellom anna skal sørge for at skulane får meir utstyr, betre lokale og auka kompetanse til å gi elevane meir praktisk læring i alle fag.

Regjeringa foreslår:

  • å vidareføre og styrkje tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer frå 127 millionar kroner til 160 millionar kroner.
  • å auke investeringsramma for rentekompensasjonsordninga til 2 milliardar kroner, slik at kommunar og fylkeskommunar slepp å betale renter når dei gjer store investeringar i læringsarenaer og utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring. På sikt skal denne ramma aukast til 8 milliardar kroner.
  • å styrke matematikksenteret med 21 millionar kroner og naturfagssenteret med 16 millionar kroner slik at dei kan bidra til kompetanseutvikling og til å utvikle materiell og opplegg som lærarane kan bruke i realfagsundervisninga.
  • å føre vidare satsinga på lesing med 18 millionar kroner i 2025, og styrke lesesenteret og skrivesenteret med 5 millionar til kvart senter.
  • 30 millionar kroner til å utvikle ulike støtteressursar, kompetansetiltak og tiltak på vurderingsfeltet, og til å sette i gang utviklingsprosjekt der skular får tilbod om å bli pilotskular for meir praktisk læring og pilotskular for auka fysisk aktivitet og fysisk aktiv læring. Pilotskulane skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og til å spreie inspirasjon til andre skular.

Aukar satsinga på praktisk utstyr

I 2024 sette regjeringa i gang ei storstilt satsing på meir praktisk utstyr i skulen. Regjeringa foreslår å auke denne satsinga i 2025. I år har kommunane kunne søke på ein pott på 127 millionar kroner. Interessa har vore enorm, og nær alle kommunar har søkt om midlar til alt frå skulekjøkken, laboratorium og verktøy.

I 2025 foreslår regjeringa å vidareføre ordninga med meir pengar i potten, frå 127 til 160 millionar kroner.

– Dette har heilt klart vore etterlengta. Mange lærarar har eit sterkt ønske om å gjere undervisninga meir praktisk, men manglar ofte utstyr eller lokale. Med desse midlane vil det bli enda meir utstyr til skulane, slik at skulekvardagen blir meir motiverande for både elevar og lærarar, seier Nordtun. 

Skulemiljø- og beredskapsteam

Læring og trivsel heng nøye saman. Utan eit trygt og godt skulemiljø er det vanskeleg for elevar å lære og utvikle seg både fagleg og sosialt. Dessverre ser vi at mobbetala går opp. Det er også store utfordringar med ungdomskriminalitet i dei største byane.

– Dette er ei utvikling vi må snu. Derfor foreslår vi 115 millionar kroner til ein målretta innsats mot utrygge skulemiljø, mobbing og barne- og ungdomskriminalitet, seier Nordtun.  

Regjeringa foreslår 45 millionar kroner til skulemiljøteam slik at skular som har særlege utfordringar i skulemiljøet, får ekstra ressursar til tett oppfølging.

Regjeringa foreslår også 70 millionar kroner slik at kommunar med størst utfordringar med kriminalitet blant unge får støtte til å opprette beredskapsteam. Dette skal gi meir målretta innsats mot ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø.

Tiltak

Økning i 2025

Program for meir praktisk skule - Utviklingsprosjekt (og støtteressurser, kompetanstiltak, tiltak på vurderingsfeltet)

30 millionar kroner

Styrking av tilskot til utstyr og læringsarenaer på 5.-10. trinn

33 millionar kroner

Styrking matematikksenteret

21 millionar kroner

Styrking naturfagsenteret

16 millionar kroner

Styrking av lesesenteret og skrivesenteret

10,5 millionar kroner

Styrking av skulemiljøteam og beredskapsteam

100 millionar kroner

SUM

210,5 millionar kroner