217 millionar kroner til forsking innan jordbruk og matindustri
Nyheit | Dato: 15.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Styra for Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri har løyvt 217,4 millionar kroner til nye forskingsprosjekt innan jordbruk og matindustri. I år er det lagt særleg vekt på auka forskingsaktivitet innan korn og grønt.
Styra for Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA) har i år gjeve 217,4 millonar kroner til nye samarbeidsprosjekt innan jordbruk og matindustri. Prosjekta dekker heile verdikjeda i landbruket, frå primærproduksjon via industriell foredling og heilt fram til forbrukaren. I år er det lagt særleg vekt på forskingsaktivitet innan korn og grønt. 9 av dei 16 nye prosjekta dekker dette området.
Eit av dei nye prosjekta er SmartWheat, som er leidd av NMBU. Gjennom avansert teknologi og KI-modellar skal SmartWheat utvikla kveitesortar som er motstandsdyktige mot klimaendringar, og særleg turke.
Eit anna prosjekt, RASK, er det NIBIO som leier. Ambisjonen med prosjektet er å betra kvalitetsvurderinga av frukt, grønsaker og korn ved å utvikla sensorteknologi. Det skal bidra til ei rask og nøyaktig estimering av kvaliteten på produkta og redusera matsvinn hjå produsentane.
- Sjå alle dei nye prosjekta på nettsidene til Landbruksdirektoratet Ni nye samarbeidsprosjektet skal bidra til vekst og innovasjon i korn- og grøntsegmentet - Landbruksdirektoratet